Sunnhordland Museum

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Sunnhordland Museum Regionalt museum som tek vare på kulturarva i Sunnhordland, og inkluderer fleire tun og samlingar.

Sunnhordland Museum har ansvar for kulturhistorisk formidling i alle dei åtte kommunane i Sunnhordland (Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes). Museet driv òg formidling i den tidlegare Sunnhordlandskommunen Ølen, no Vindafjord kommune i Rogaland, då museet eig Nerheimstunet der.

23/10/2026

Røyster mellom to land vart ei varm og gripande konsertframsyning om val, draumar, sakn og uthald. Gjennom song, forteljing og historiske kjelder fekk publikum møte kvinner frå Vestlandet som reiste til Amerika for å byggje seg eit nytt liv. Ei sterk og levande framsyning om avskil, håp, mot og spørsmålet om kor me eigentleg høyrer heime.

Medverkande
Duo Riber Horvei
Reidun Horvei – song og manusutvikling
Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
Inger-Kristine Riber – piano, komponist og manusutvikling
Katherine Jane Hanson – manusutvikling

Er alt lov?Kven bestemmer kva som er lov?Kven bestemmer kva som er sant?Kven bestemmer kva me får seie?Kva skjer når ytr...
21/10/2026

Er alt lov?
Kven bestemmer kva som er lov?
Kven bestemmer kva som er sant?
Kven bestemmer kva me får seie?
Kva skjer når ytringsfridomen møter makt og sensur?
Kva skjer når ytringsfridomen møter ansvar og andre menneske sine grenser?
Og, kva skjer dersom me sluttar å seie det me meiner?

Utstillinga «Kor går streken?» tek utgangspunkt i temaet frå ungdomsromanen «Alt er lov», av Tor Arve Røssland. «Kor går streken» er ei forlenging av utstillinga «Den vesle manns kunst», som syner trykksaker i frå Einar Økland sine samlingar. Utstillinga prøver å trekkje ei linje frå motstandsrørsla som risikerte livet for å spreie informasjon under andre verdskrig, til menneske som i dag risikerer sosial utestenging og truslar for å ytre seg i ulike kanalar.

Tida og synet på verda flyttar grensene for streken. Kanskje «Alt er lov» ikkje handlar om at alt skal vere tillate, men om at vi må våge å undersøkje kor streken går i dag?

«Kor går streken?» er eit samarbeid mellom Sunnhordland Museum, Bachelor-utdanninga i Kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet og Falturiltu.

Offisiell opning av utstillinga vert 6.november kl.10.30, med påfølgjande føredrag av festivalforfattar Tor Arve Røssland og avdelingsleiar ved Gestapomuseet i Bergen, Svein Arne Myhren Røyrvik.

Ungdomsromanen «Alt er lov» (2026) byggjer på faktiske hendingar frå krigsåra. I romanen blir 17 år gamle Arne Brattholm vitne til brutal tortur av ein nabo. Situasjonen tek utgangspunkt i det 13 år gamle Asvald Bjoarvik frå Os sjølv opplevde då Gestapo dukka opp på heimplassen hans ein novemberdag i 1944. Gjennom opplesing og samtale, utstilling og film får publikum oppleva historieforteljing frå ulike perspektiv: Kva er historie? Kva er historieforteljing? Kor går skiljet mellom sanning og løgn, og kva skil eigentleg fakta og fiksjon?

Arrangementet passar for alle mellom 13-100 år og er perfekt for besteforeldre som vil ta med eldre barnebarn.

Gratis framsyning – reserver plass ved å bestilla billett merka Gjest eller Gjest barn. Det kan du gjere på arrangementsida på nettsida vår.

Historie i praksis-potetåkerSunnhordland museum takkar Sparebanken Vest - Leirvik så mykje for kr 100 000 til prosjektet...
18/10/2026

Historie i praksis-potetåker

Sunnhordland museum takkar Sparebanken Vest - Leirvik så mykje for kr 100 000 til prosjektet🌸!

Potetåker er eitt av mange delprosjekt som museet skal jobbe med framover! På laurdag var det kickstart med på Stord.
Raking av lauv, klipping av hassel, fletting av gjerde og hardt arbeid med SIM-jord var arbeidsoppgåvene.
Ein ivrig, engasjert gjeng med born og foreldre i strålande solskinn gjorde ein fantastisk jobb👏! Lafting, vedkløyving og grilling stod også på programmet!
Tusen takk til Miljøagentane på Stord, formidlingsleiar Sigrunn Ljosland og driftsassistent Martin Aarre for ein superkjekk laurdag med berekraft i fokus☀️!

Vestland fylkeskommune Stord kommune

14/10/2026

Rydding på loftet!
Det var mange gjenstandar som vart tekne ned frå loftsmagasinet på Sunnhordland museum i førre veke! Loftsmagasinet er det eldste magasinet på museet. Gjenstandshandtering består av mange prosessar; reingjering, vurdering, registrering i Digitalt museum, protokollføring, fotografering, pakking, evt. frysing og plassering i nytt magasin.
Tusen takk til Tale Annesdatter Aasheim og Heidi Seilfaldet frå Bevaringstenestene Salhus for god hjelp! I lag med dei kom samlingsavdelinga godt i gang med det store, komplekse arbeidet.

Vestland fylkeskommune, Stord kommune, Kvinnherad kommune, Fitjar kommune, Sveio kommune, Bømlo kommune Austevoll kommune, Tysnes kommune, Etne Kommune

Verda rundt for å løfta stein💪! I helga kom dei til Sunnhordlandstunet.På laurdag hadde me eit besøk litt utanom det van...
02/10/2026

Verda rundt for å løfta stein💪! I helga kom dei til Sunnhordlandstunet.

På laurdag hadde me eit besøk litt utanom det vanlege. På Sunnhordlandstunet har me to løftesteinar - den minste er på ca 50 kg og den største på ca 106 kg.

Steinen kjem opphavleg frå Vatnadalen, og skal ha blitt funnen av eit arbeidslag i Vatnaelva i 1913 under utbygginga av kraftverket. Dette årstalet er òg inngravert på oversida av steinen. På den opphavlege plasseringa blei steinen brukt som ei styrkeprøve fram til 1960-talet, då han blei flytta til Vidstenparken og museet.

Islandske Valgeirs Strengthtrips og amerikanske Jim «Jesus power» Compton reiser rundt i verda for å oppsøke slike løftesteinar. Målet i Noreg var å prøve å løfte 9 steinar som er registrert på loftestein.no

Tar du utfordringa💪? Steinane ligger klar her på Sunnhordlandstunet!

Vil du lese meir om om norske løftesteinar ?Sjekk ut: loftestein.no

29/09/2026
Kva med ein tur på museet i haustferien?Sunnhordland museum intviterer til aktivitetsdagar i haustferien.Verkstadaktivit...
28/09/2026

Kva med ein tur på museet i haustferien?
Sunnhordland museum intviterer til aktivitetsdagar i haustferien.

Verkstadaktivitetar:
Onsdag 7.oktober kl.11-14.30
Torsdag 8.oktober kl.11-14.30

Forteljarstund i Ådlandsstovo:
Onsdag 7.oktober kl.13.00
Torsdag 8.oktober kl.13.00

Hausten er, som ordet røper, tida for å hauste fruktene av det ein har sådd. Me har fått epla i hus, og i år vert det difor mogleg å lage seg ein eplekrans under «haust på museet».

Sauene har kome ned frå fjellet, og Husflidslaget kjem for å hjelpe oss å tove karda ull til fine nøkkelringar.

På våte haustdagar er det kjekt å leike med båtar i be**en. Under «haust på museet» kan du få snekre deg din heilt eigen båt.

Når haustmørket kjem snikande er det kjekt med inneleik. På museet kan du også i år lage deg nokre fine papirdokker. Treng du inspirasjon til arbeidet med dette, så kan du ta deg ein tur innom utstillinga «Den vesle manns kunst», og sjå på alle dei finurlege dokkene som er utstilt der.

I Hatlandsløa kan små og store få byggje rom- og huskonstruksjonar med laftesett. Har du lyst til å gå på skogsbingo i museumsparken, så finn du bingo-brett «på løo».

Under «haust på museet» tenner me stearinlysa i Ådlandsstova, og har forteljarstund. Her får ein høyre om tussar, troll og andre underjordiske skapningar. Kanskje vert det ei strofe om Nøkken også?

Pris: 125,- for barn og ungdom. Vaksne går gratis i følgje med barn og unge desse dagane.
Elles er det ordinær billett for dei som berre vil besøke utstillingane.

Det blir ope i museumskaféen med sal av vaflar, kaffi/te og saft

Kystpilegrimskonferanse 2026Tema: Kulturarv i bevegelseTusen takk for flotte konferansedagar i vakre omgjevnader på Utst...
27/09/2026

Kystpilegrimskonferanse 2026

Tema: Kulturarv i bevegelse

Tusen takk for flotte konferansedagar i vakre omgjevnader på Utstein kloster og Utstein kloster hotell saman med nøkkelstader langs heile kysten.
Eit interessant program med middelaldermennesket på pilegrimsvandring, kulturminnevern og formidling, Kystpilegrimsleia på sykkel, vikingturisme, turistskilting, vakker dans av elevar frå Kongsgård vidaregåande skule, samtale mellom biskop Ingeborg Midttømme og Margun Pettersen og nydeleg festmiddag i refektoriet.
Me ser fram til Kystpilegrimskonferansen 2027 som går av stabelen i Bergen.

Vestland fylkeskommune
Stord kommune Kvinnherad kommune Tysnes kommune Bømlo kommune Etne Kommune Fitjar kommune Sveio kommune

Adresse

Museumsbakken 16
Stord Island
5417

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 15:00
Onsdag 11:00 - 15:00
Torsdag 11:00 - 15:00
Fredag 11:00 - 15:00

Telefon

+4753413899

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sunnhordland Museum legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Sunnhordland Museum:

Snarveier

Del

Kategori

Museer i nærheten