Stord sogelag

Stord sogelag Stord sogelag er eit historielag med fokus på den lokale historia med både tekst og bilder, samt rusleturar i nærmiljøet.

Etter ei vel overstått pinstihelg, er det no snart klart for ein ny rusletur med sogelaget😊Vennligst sjå omtale nedanfor...
26/05/2026

Etter ei vel overstått pinstihelg, er det no snart klart for ein ny rusletur med sogelaget😊
Vennligst sjå omtale nedanfor, og dette vert også sendt i e-post til medlemar i sogelaget.

På fredsdagen, den 8.mai,vart det sett ned blomar ved steinen med minnetavla for John Hatland.Blomar vart ordna og sett ...
10/05/2026

På fredsdagen, den 8.mai,vart det sett ned blomar ved steinen med minnetavla for John Hatland.
Blomar vart ordna og sett ned av Oddrun Øwre Digernes.

20/04/2026

Her er ei påminning om rusleturen i morgon 21.april.😃

Turen går til Aker Stord, og det er frammøte kl.17.30 i Velferdsbygget.

Det ligg litt meir informasjon lenger nede på sida.

Velkommen !

Igår,16.04, vart det halde eit forrykande bra foredrag på høgskulen på Rommetveit. Det var Reidar Johan Sandal som forta...
17/04/2026

Igår,16.04, vart det halde eit forrykande bra foredrag på høgskulen på Rommetveit. Det var Reidar Johan Sandal som fortalde om stølslivet i Valdalen i Røldal før neddemminga på 1960-talet.
Dei omlag 60 frammøtte fekk høyre om livet for folk og dyr på stølen, framstillt både levande og humoristisk!

Reidar J. Sandal er tidlegare elev ved høgskulen. Og som ei innleiing på foredragskvelden, delte han og to tidlegare medstudentar ei mimrestund med dei frammøtte. Dei blei mykje humring og lått i salen når diverse episodar frå internatliv og studietid, vart delt😄

Minner om rusletur på Aker Stord, eller Kjøtteinen, Tirsdag 21.april.Me møtes i Velferdsbygget(sjå bilde), kl.17.30.Her ...
14/04/2026

Minner om rusletur på Aker Stord, eller Kjøtteinen, Tirsdag 21.april.
Me møtes i Velferdsbygget(sjå bilde), kl.17.30.

Her vil det bli informasjon og forteljing om verftet si fortid, notid og planlagt framtid. Deretter vil det bli kaffiøkt og drøs, før me ruslar opp ein liten bakke til Industrimuseet på verftet. Her vil ein kunna sjå både gjenstandar,modellar og bilder som fortel verftet si historie.

Det er mogeleg å køyre heilt fram til Velferdsbygget og parkere på parkeringsplassen her.

Velkommen!

Endeleg vår!  Og det nærmar seg tida for Stord sogelag sin første rusletur i år! Den turen skal gå til Aker solutions, e...
28/03/2026

Endeleg vår! Og det nærmar seg tida for Stord sogelag sin første rusletur i år! Den turen skal gå til Aker solutions, eller Kjøtteinen som mange av oss seier. Der vil me få veta litt om dagens aktivitet, og så vil me besøke Industrimuseet på Kjøtteinen. Dette kan bli ein interessant tur der me vil få innblikk i korleis industrieventyret på Stord starta, og få høyre og sjå korleis det har utvikla seg fram til idag.
Nærare informasjon om denne rusleturen vil verta kunngjort etter påske. Men dersom du er interessert kan du krysse av på kalenderen datoen: 21.april😊

God påske 🐣

05/02/2026

Årsmøte 2026, i Stord sogelag, vert halde på Sunnhordland museum mandag den 9.mars, kl.18.00.
I første del av møtet vil Johanne Øvstebø Tvedten halde foredrag. Tema for foredraget er ei forteljing basert på bøker av Jens Tvedt som handlar om Per i Dosi,Vannheppa og Brite-Per.
I andre del av møtet,kl.19.00, blir det årsmøte med vanlege årsmøtesaker.
Det er sendt ut e-post til medlemar av Stord sogelag .

Styret ynskjer velkommen til årsmøtet !

Det er ei god stund sidan bildet nedanfor er teke, og det er usikkert kva år det er.  Skriv gjerne ein kommentar dersom ...
01/02/2026

Det er ei god stund sidan bildet nedanfor er teke, og det er usikkert kva år det er. Skriv gjerne ein kommentar dersom du veit omlag kva tid dette er fotografert.

22/12/2025
Den årlege sogelagskvelden med Skriftstyret, skribentar,æresmedlemar, styret, og andre med verv, vart halden i gamlekjed...
28/11/2025

Den årlege sogelagskvelden med Skriftstyret, skribentar,æresmedlemar, styret, og andre med verv, vart halden i gamlekjedlaren på Nordre Tveita gard, igår kveld.
Det vart ei god samling der fleire orienterte om artiklane som er skrivne i årets Årsskrift for Stord sogelag.
Fleire i forsamlinga hadde også innspel med gode historiar, og fleire nytta også høvet til å stille spørsmål.
Drøsen gjekk lett rundt eit godt måltid som vertskapet , Jens Litlabø m. frue, sytte for.
Jens Litlabø viste også fram i år , diverse reidskapar som vart brukt på garden i gamal tid. Dette vart livleg drøfta og det kom mange forslag om kva desse hadde vore brukt til.
Leiaren i Stord sogelag, Odd Stuve Rommetveit, leia denne kvelden på ein god måte,ilag med verten, Jens Litlabø.

Adresse

Stord Island

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stord sogelag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del