Moster Amfi

Moster Amfi Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter formidlar nasjonalhistorie frå vikingtida og kyrkjehistorie/ driftsansvar knytt til Moster Gamle Kyrkje.

Velkomen til utstillingar, gruvetunellen "Steinriket Bømlo", biblioteksavdeling, vakkert uteamfi og møtestad!

Med ønske om ei riktig fredeleg, god jul til alle våre besøkande frå inn- og utland, bedrifter, gode samarbeidspartnarar...
19/12/2025

Med ønske om ei riktig fredeleg, god jul til alle våre besøkande frå inn- og utland, bedrifter, gode samarbeidspartnarar og nettverk, høgskular, grunnskule & barnehagar, hjartegode dugnadskrefter, faste kafegjester, følgarar og alle andre som sprer varme og viser slik ein entuasiasme og interesse for kulturarven Moster Amfi forvaltar og den unike perla av eit kulturhistorisk senter Moster Amfi er❤!
Med ønske om eit godt og meir fredeleg 2026❤!

Varme helsingar frå tilsette og styret i Moster Amfi - og kyrkjehistoriske senter❤

Frå dei tilsette i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter til alle våre følgjarar:  Tusen takk for all støtte og gode o...
12/12/2025

Frå dei tilsette i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter til alle våre følgjarar:

Tusen takk for all støtte og gode ord, i sosiale media, e-postar, telefon og menneskemøte.
Felles for alle tilbakemeldingar er at Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter er ein særs viktig kulturhistorisk institusjon, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er vår felles nasjonalhistorie, det er vårt Moster Amfi – ditt og mitt!

Dei tilsette i Moster Amfi er ein dedikert liten gjeng på til saman 3,4 årsverk. Det betyr at alle arrangement blir utført (før, under og etter) av denne staben, i frå formidling av nasjonalhistoria, skulebesøk, konsertar, feiringar, kafédrift, marknadsføring og ordinær dagleg drift (for å nemna noko).
For å drifte må ein ha tilsette, det me kallar eit varmt vertskap. Moster Amfi er ikkje eit lag eller organisasjon som er drifta på dugnad. Det er ikkje mogleg, eller bærekraftig. Men for at det ikkje skal bli misforstått; våre dugnadskrefter er heilt uunnverleg!

«Kva skal til for at Moster Amfi skal ha ljos i vindaugo frå årsskiftet?». «Kor mykje lån er det snakk om?».
Dette er nokre av spørsmåla me har fått og som me ynskjer å svare på;
Låna Moster Amfi måtte ta opp i høve Nasjonaljubileet i 2024, er kr. 3.5 mill. Kostnaden i høve lån, samt for liten grunnfinansiering er den reelle grunnen for at Moster Amfi sitt styre har teke slutninga om å permittera dei tilsette. Ein kan ikkje drive på kassakreditt, det er uforsvarleg styring.
Moster Amfi har sjølvsagt søkt om å koma på Statsbudsjettet både for 2025 og for 2026. Diverre har Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter ikkje kome med. Søknad for 2027 er klar.

Den økonomiske multiplikatoreffekten for kulturinvesteringar viser til at kvar krone ein nyttar til kulturinvesteringar, gjev opp til åtte kroner tilbake. Ei investering i drift av Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter gjev ringverkingar som arbeidsplassar, skatteinntekter, sysselsetting av lokale menneske, auka turisme, attraktivitet i form av stad å besøke, samt stad å leve. Bulyst! Moster Amfi er difor ikkje ein kostnad, men ein lønsam investering for samfunnet.

Kan ein ikkje drifte Moster Amfi, kan ein heller ikkje nytte amfieet til små og store kulturopplevingar. Viktigast av alt; Ved å ikkje investere i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter set ein formidlinga av nasjonalhistorie, verdiar og demokrati, i fare. Kunnskap som i vår tid er høgaktuell.

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter formidlar ei særs viktig nasjonalhistorie, er ein heilårs kulturarena og solid motor for verdiskaping. Ein stad som gjev mykje meir tilbake, enn det tilskot utgjer.

Bømlo kommune
Vestland fylkeskommune

10/12/2025

你好 (nǐ hǎo)!
For dykk som ikkje er så «bevandra» i det kinesiske språket, betyr dette «hei»!
👋🏼
I dag vitja denne flotte gjengen med internasjonale gjester Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter. Høgskulen på Vestlandet HVL arrangerar besøket frå Hong Kong. Tradisjonen tru tek dei turen til Moster Amfi, noko som alltid er like hyggelig!

Dei kinesiske studentane får ei innføring i vår nasjonalhistorie, gjennom omvising i kyrkja og i våre permanente utstillingar.

Opplegget avsluttast med "Tora Mostrastong si kjærleiksuppe". Den varme suppa smakar godt, både i sol og i ruskevèr.

Tusen takk for besøket! Me håpar de kjem attende i 2026!

Bømlo kommune
Vestland fylkeskommune

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter - felles kulturarv og nasjonal betydning!Sjå nyhendesak på Vestlandsrevyen ang. ...
05/12/2025

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter
- felles kulturarv og nasjonal betydning!

Sjå nyhendesak på Vestlandsrevyen ang. økonomisk stoda, permittering og nedstengning. (Innlegg nr. 6).

NRK

 

Dramatisk for Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senterTilsette fekk i går varsel om permittering, med det resultat at Mos...
04/12/2025

Dramatisk for Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter

Tilsette fekk i går varsel om permittering, med det resultat at Moster Amfi er vedtatt stengt frå 17. des. 2025.

Nei, det er ikkje ei kjekk julegåve me i Moster Amfi har fått, om stoda har vore varsla i lang, lang tid. Likevel, det er mange kjensler, frå tårer, sinne og avmakt til kampvilje og håp.

«Kva er grunnen?». «De er jo så flinke!». «Det skjer jo alltid noko i Moster Amfi?», er nokre av «spørsmåla» som kjem vår veg.

Moster Amfi er eigd 50% av Bømlo kommune og 50% av Vestland fylkeskommune. Eit slikt eigarskap betyr at eigarane bidrar med grunnfinansiering. Dette, saman med inntekter Moster Amfi klarar å oppnå gjennom eigeninntening, er beløpet Moster Amfi er drifta på.

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter sitt mandat er å formidle nasjonalhistoria. Me sel ikkje timar som i eit reklamebyrå eller maskin-produkt som i verkstadindustrien.
Me formidlar Norge si viktige historie. Me tek barn og unge, vaksne og eldre 1000 år tilbake i tid for å lære dei om brytninga mellom heidendom og kristendom, kyrkjehistoria og om demokrati og verdiar.
Me er eit fyrtårn for reiselivet, ein kulturinstitusjon og me har driftsansvar for ei av Norge sine eldste kyrkjer; Moster gamle Kyrkje.

Moster Amfi klarar med dette som bakteppe å oppnå ca. 50% av grunnfinansiering, ved eigeninntening gjennom heilårleg drift. Samanlikna med andre kulturinstitusjonar er dette eit særs høgt tal, der «normalen» ligg på ca. 20% - ca. 30%.
– Ein har hatt ei eigeninntening som er langt høgare enn liknande kulturinstitusjonar. Den vesle, dedikerte staben har bygd merkevara, utvikla nye konsept og har verkeleg stått på, seier styreleiaren i Moster Amfi, Arild Steinsland.

I 2024 feira Norge 1000-års jubileet for kristenretten. Det vart krevd kostbare oppgraderingar som skulle gjera at Moster Amfi skulle «skina».
«I løpet av dei siste åra har ein gjennomført oppgraderingar og utbyggingar av amfiet, mellom anna på grunn av Riksjubileumet i 2024». – Anlegget, slik det var, var ikkje tilfredstillande for tilsette eller brukarar av anlegget, seier styreleiar Arild Steinsland.

Denne utbygginga vart finansiert av eigarane, Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune, samt midlar frå Sparebanken Norge og Moster 2024. I tillegg måtte Moster Amfi sjølv ta opp lån.

Dette er altså faktorane som gjer at Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter sine tilsette blir ramma med permittering.

01. Manglande grunnfinansiering
02. Lån
03. Auka kostnader


Kva er vårt juleynskje?
Me ynskjer at Moster Amfi sine dører skal vera opne for gjester. At planar og årshjul for 2026 kan gjennomførast. At me fortsatt kan gjera jobben vår.

Økonomisk treng Moster Amfi hjelp. Eigarane er varsla, statsbudsjettet har me søkt. Er det eksterne som ynskjer hjelpa, er me sjølvsagt svært takksame.

Alt i alt er dette ei varsla «katastrofe» og det er vertskapet, den dedikerte staben, som de møter i fest og kvardag som blir ramma. Utan vertskap er det ikkje lys i vindauga eller opplevingar i amfieet.
Det er konsekvensen alle våre flotte gjester vil merka.

I utstillinga «Frå makt til rett - kven har makt?» finn du denne krittavla som bilete viser. Teksten over tavla seier dette:
Meininga di betyr INGENTING, om du ikkje ytrar deg!

Me håpar og treng at folk ytrar seg, denne gongen for Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter si framtid.

Veldig kjekt med Bømlo folkebibliotek innom på tysdagane😍! Litteratur, skravling og latter er bra  på mørke desemberdaga...
02/12/2025

Veldig kjekt med Bømlo folkebibliotek innom på tysdagane😍! Litteratur, skravling og latter er bra på mørke desemberdagar🤩!

26/11/2025

Sildakongen!
♥️

Sjel, pågangsmot og entusiasme
= Spirit!

Orda sjel, entusiasme og pågangsmot, blir ofte brukt av gjester som beskriv Moster Amfi og dei tilsette. Sildakongen Arvid Otto Mørch samlar det saman i ordet spirit.

Me deler Sildakongen sin entusiasme:
W E ♥️ S P I R I T!

T A K K!♥️Dette bilete seier meir enn tusen ord!Årets julemarknad i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter vart ein suk...
25/11/2025

T A K K!
♥️

Dette bilete seier meir enn tusen ord!
Årets julemarknad i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter vart ein suksess!

Hjartevarme, julestemning, gode kjøp, latter, smaksprøver, varme klemmer, fantastiske folk, kvalitetsprodukt, mangfald, kalde kroppar og litt trengsel!
♥️

Fleire tusen besøkte, det me med stolthet nå kan sei; Julemarknaden i Moster Amfi er blitt Sunnhordland sin største julemarknad!
🙌🏼

Marknadsfolka kjem frå dei ulike bygdene på Bømlo, frå Fitjar, Stord, Tysnes, Kvinnherad og Haugesund. Store og små besøkande kom frå heile Sunnhordlandsregionen, samt Stavanger, Haugesund og Bergen!
♥️

Julemarknaden set lokale hobby og småskala-produsentar, Sunnhordland, Bømlo og ikkje minst vakre Moster på kartet!
♥️

Moster Amfi takkar alle dei fantastiske marknadsfolka som deltok, der nokre er med for 6. gong, mens andre hadde fyrste «spretten».

Gode venskap oppstår og kreativiteten smittar!
♥️

Moster Amfi sin marknad foregår ute og inne, med det felles at alle får stå under tak om dei er plassert inne eller ute!
Me puster difor letta ut då dei som står ute i kulde, vind og med naglabet, kjem attende!

Allereie er lista lang over påmeldte deltakarar til neste år, om dato ikkje enno er satt!
🥰

Det er til å gleda seg!
♥️

24/11/2025

I går syda Steinsalen med marknadsfolk og besøkande, i dag er det Trekkspelklubb og allsong!
🪗

Bømlo Frivilligsentral sitt koselige arrangement er særs populært!
Den siste mandagen i kvar månad er det gode tonar og hyggelig samvær med Trekkspelklubben, her i Moster Amfi.

Bømlo kommune
Vestland fylkeskommune

23/11/2025

Velkomen til store og små nissar!
🧑🏻‍🎄🎅🏻
Julemarknaden i Moster Amfi har i år også besøk av Zzznorkenissen! Me stenger marknaden klokka 17:00, så gjer som denne herlige nissejenta; Spring til Moster Amfi!
❤️

Adresse

Tora Mostrastongs Veg 2
Mosterhamn
5440

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 15:00
Onsdag 11:00 - 15:00

Telefon

+4753426620

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Moster Amfi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Moster Amfi:

Del