Aasentunet

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Aasentunet Velkomen til språkmuseet Aasentunet. Her kan du oppleve språk, litteratur, arkitektur og musikk. Ivar Aasen (1813–1896) var mannen som endra norsk språkhistorie.

AASENTUNET gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Allereie i 1836, 22 år gamal, hadde han klare tankar om korleis ein burde gå fram for å gjenreise det norske språket i skrift. Aasen meinte ein burde ta utgangspunkt i alle dei norske dialektane. Språkforskaren reiste dermed halve jorda rundt innanfor grensene i Noreg for å finne det norske språket. Aasentunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp. Her skreiv han sine første ord og plukka si første symre. I Noregs eldste personmuseum frå 1898 finn du fem bygningar frå fire hundreår og eit uteamfi som har vore stemneplass i over hundre år. Arkitekturen i Aasentunet er ei oppleving i seg sjølv. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av den verdskjende og prislønte arkitekten Sverre Fehn (1924–2009) og er heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg, Houens fonds diplom. Bygningen er teikna i samspel med landskapet og dei historiske omgivnadene, og både i form og tanke spring den ut av eit møte mellom fortid, notid og framtid. Vi har eigne arkitekturomvisingar om sommaren. Utstillingane opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Du kan sjå kladdearka Ivar Aasen aldri rakk å bruke, høyre forfattarar fortelje om dikting, og snurre på ein globus som viser utbreiinga av skriftsystem verda over. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke. Tunkatt og ordspion Lurivar har sin eigen hems med bøker og aktivitetar. Tysdag og fredag i sommarsesongen tek han borna med på tur i utstillinga og funderer over stort og større saman med dei. Dei dagane han er på farten og samlar fleire ord, passar han likevel på å vere representert i tunet, på sitt eige smålåtne, framfuse kattevis. Aasentunet byd på eit breitt, spennande og annleis kulturtilbod til både vaksne og born. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela siste helga i juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen. Her får du alt frå store konsertopplevingar til nære forfattarmøte, gode samtalar og debattar, kunstutstilling og barnearrangement. Bokhandel, platesjappe og gåvebutikk i eitt! Her finn du gåvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. Ein stor del av varene finn du også på handlenett.no. Kafeen serverer enkle, heimelaga lunsjrettar og kaker med innslag av kortreiste spesialitetar. Skin sola, er utekafeen ein sjølvsagt stad for å nyte ei god bok eller ferske nynorskaviser. Vår eigenproduserte "Tunpølse frå Åsen" kan du også kjøpe med heim. Aasentunet er eit godt utgangspunkt for lette turar på godt oppmerkte turstiar. Ordløypa til Lurivar leier opp til utsiktspunktet Høgetua. Der finn du kvar sommar to postkasser med gode, nynorske barnebøker, som du kan lese på kvilebenkane med fager utsikt til Hovdevatnet.

Litterær konsert og boklansering: Flygelet ved fjorden. Lars Amund Vaage har nyleg lansert si nyaste roman Flygelet ved ...
21/10/2026

Litterær konsert og boklansering: Flygelet ved fjorden.

Lars Amund Vaage har nyleg lansert si nyaste roman Flygelet ved fjorden. 1. november kl. 18 inviterer han til å oppleve romanen i konsertformat i Aasentunet, saman med musikar Geir Hjorthol. Velkomen til ei heilt unik musikalsk og litterær oppleving.

Gratulerer til Volda kommune som årets nynorskkommune! Stor stas og vel fortent ☺️👏
14/10/2026

Gratulerer til Volda kommune som årets nynorskkommune! Stor stas og vel fortent ☺️👏

For ein fin kveld det blei i tunet i går. Ein begeistra sal fekk urpremiere på samtalen mellom Jon Fosse og Erik Poppe o...
09/10/2026

For ein fin kveld det blei i tunet i går. Ein begeistra sal fekk urpremiere på samtalen mellom Jon Fosse og Erik Poppe om kinofilmen Kjærast på storskjerm. 

Og ikkje minst: Vi fekk storfint besøk av regissøren sjølv. Erik Poppe fortalde levande og engasjert om samarbeidet med Fosse og arbeidet bak kamera. Publikum fekk høyre fleire morosame anekdotar om scenetakingar, castingprosess og små magiske augneblink frå filmatiseringa av Fosse sitt manus. 

Takk for besøket til både Poppe og publikum!

Kjem du på filmkveld i tunet i morgon? 🤩 Det gjer i alle fall Erik Poppe, som blir tilgjengeleg for spørsmål frå salen e...
07/10/2026

Kjem du på filmkveld i tunet i morgon? 🤩 Det gjer i alle fall Erik Poppe, som blir tilgjengeleg for spørsmål frå salen etter visninga. Vi viser opptak av ein samtale mellom regissør Erik Poppe og manusforfattar Jon Fosse om filmen Kjærast ❤️ Dei snakkar om korleis prosessen frå manus til film var, korleis samarbeidet starta og kva dei synes om det ferdige resultatet som no rullar over kinolerreta.
Les meir om arrangementet og hent ut gratisbillett på nynorsk.no.

Få med deg føredrag om livsval, kjærleik, sorg, familie og identitet i haust! Det ligg an til mange gode litteraturopple...
06/10/2026

Få med deg føredrag om livsval, kjærleik, sorg, familie og identitet i haust! Det ligg an til mange gode litteraturopplevingar rundt om på Sunnmøre! 🍂

Haustprogrammet er her! 🤩🍂
Arne Hjeltnes, Margreth Olin og Simon Stranger kjem til Litteraturhus i Møre og Romsdal!
I oktober og november kan publikum på Sunnmøre møte desse tre kjende stemmene med kvar si ferske bok. Med føredrag om livsval, kjærleik, sorg, familie og identitet ligg det an til mange gode litteraturopplevingar rundt om i fylket.

Tid og stad finn du i lenka i kommentarfeltet! 👇

Alle arrangementa er gratis.

23/09/2026

BARSELTREFF med babyomvising og vaffellunsj 👶🧇
Er du heime med eit lite barn mellom 0-2 år og har lyst på ei oppleving? Då kan du komme til Aasentunet torsdag 1. oktober! Då inviterer vi til barseltreff og babyomvising. Vi tek deg med inn i utstillinga i Aasentunet og ned på leikematta. Her skal du og ditt barn få vite litt og snakke litt om språkutvikling, både for ditt barn og korleis det er ganske likt språkreisa til Ivar Aasen. Etter vi er ferdige i utstillinga, går vi inn i kafeen og finn oss kaffi og vaffel. Så skal din lille få lov til å prøve seg på sin aller første lille signatur, som blir eit handavtrykk som de får med heim 😍 Ida trur det blir kjekt for både liten og stor. Håpar de kjem!
 
Torsdag 1. oktober kl. 12.30 og
Torsdag 5. november kl. 11.30
kr 125
 
Fullstendig programomtale og billett finn du på nynorsk.no

18/09/2026

På Ivar Aasen si tid åt dei trast! Det driv vi ikkje so mykje med no lenger. Men korleis går det eigentleg med fuglane? Og kva har skjedd dei siste 300 åra? Det får du vite hos oss på søndag av Alv Ottar Folkestad! Velkomen til ein engasjerande og informativ ettermiddag der fugleekspert og   naturrådgivar Alv Ottar Folkestad fortel om natur og dyreliv på Sunnmøre før og no, søndag 20. september kl. 16.00 i Aasentunet 🙌🦉🦅🍀

I 1762 skreiv Hans Strøm "Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør", eller "Sunnmøres Beskrivelser" som ...
17/09/2026

I 1762 skreiv Hans Strøm "Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør", eller "Sunnmøres Beskrivelser" som det gjerne blir kalla. Dette verket skildrar mellom anna flora og fauna, livet i havet, landskap og folk, og har sidan vore hylla for sin detaljrikdom.
Alv Ottar Folkestad er ein kjend ornitolog og havørnekspert frå Sunnmøre som sjølv kjenner til arbeidet og skildringane av Strøm.
Komande søndag den 20. september kl. 16 held Folkestad eit føredrag i Aasentunet om fuglelivet og naturen på Sunnmøre. Dette er noko som passar for alle som er interessert i temaet, enten som brukar av naturen eller som observatør over fuglemataren heime.
Peikar til Strøm sine bøker i kommentarfeltet.
Pris: Vaksen 200/ Student 100
Billett kan du kjøpe her:

Velkomen til ein engasjerande og informativ ettermiddag der Alv Ottar Folkestad fortel om natur og dyreliv på Sunnmøre før og no.

Alv Ottar Folkestad om Hans Strøm og naturen før og no i Aasentunet 20. september kl. 16🍀Velkomen til ein engasjerande o...
12/09/2026

Alv Ottar Folkestad om Hans Strøm og naturen før og no i Aasentunet 20. september kl. 16🍀
Velkomen til ein engasjerande og informativ ettermiddag der fugleekspert og naturrådgivar Alv Ottar Folkestad fortel om natur og dyreliv på Sunnmøre før og no 🦅🐦🦆

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt.

Månadens bokanbefaling frå tilsette i Aasentunet er «På stedet hvil» av Martin Baldysz 🙌 Baldysz kjem til Aasentunet 26....
10/09/2026

Månadens bokanbefaling frå tilsette i Aasentunet er «På stedet hvil» av Martin Baldysz 🙌 Baldysz kjem til Aasentunet 26. november, sikre deg billett på nynorsk.no! ❤️‍🔥 Sjå her kva Oddny skriv om boka: «På stedet hvil: Tittelen er symbolsk, og ein kan ut frå den tru det er ei bokmålsbok, men det er det ikkje. Boka er oppfølgjaren til «Stille grender» om syskenparet Johan og Sonja Ryer. Johan forlet politibetentstillinga si for å drive sitt eige privatdetektivbyrå, der han får med seg systera Sonja, som bidreg på sin kløktige, og på same tid anonyme, men merkverdige måte. Med sunnmørsnaturen som bakteppe lever ein seg inn i alle naturskildringane, og såleis er både person- og stadnamna på ein måte kjende, sjølv om dei er fiktive. Eit godt skrivegrep av Baldysz! Handlinga er skriven inn i urolege tider og militære operasjonar, og unionen med Sverige er eit stort diskusjonstema som ein kunne hamne i unåde for å snakke høgt om, og kvinnesynet eit heilt anna enn i dag. Boka er drivande og lettlesen!» 👏

Adresse

Indrehovdevegen 176
Hovdebygda
6160

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00
Søndag 10:00 - 17:00

Telefon

+4770047570

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Aasentunet legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Aasentunet:

Snarveier

Del

Kategori

Museer i nærheten