Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum Stiftinga Nynorsk kultursentrum arbeider kvar dag for å gjere nynorsk kunnskap og kunst synleg i he

🥳🥳
20/05/2026

🥳🥳

Synne Vo er Årets nynorskbrukarStyret i Nynorsk kultursentrum har vedteke å tildele prisen Årets nynorskbrukar 2026 til artist og låtskrivar Synne Vo. 19. mai 2026 1/1Synne Vo William Blofeld Åpne eller lukk biletetekstArtisten og låtskrivaren Synne Vorkinn (f. 1998) har markert seg tydele...

Til lukke med nynorskdagen! 🥳🎈Nynorsk kultursentrum har markert dagen i Kunnskapsdepartementet i møte med statsråd Kari ...
12/05/2026

Til lukke med nynorskdagen! 🥳🎈
Nynorsk kultursentrum har markert dagen i Kunnskapsdepartementet i møte med statsråd Kari Nessa Nordtun. Vi har framsnakka sidemålsordninga og -karakteren saman med Noregs Mållag, Nynorsksenteret, LNK og Norsk Målungdom. Vi snakka også om korleis ein elles kan gjere tilhøva for nynorsken betre i skulen.

Vi treng politikarar som ser verdien av språkmangfaldet! Difor heiar vi på både regjerings- og stortingspolitikarar som vil styrke nynorskundervisninga.

Åse Kristin Ask Bakke sit i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget for Ap og heiar på sidemålsopplæringa!

Ledig stilling👋Vi har no ledig stilling som sals- og marknadsrådgivar!Vil du vere med å leggje til rette for og selje mu...
24/04/2026

Ledig stilling👋

Vi har no ledig stilling som sals- og marknadsrådgivar!

Vil du vere med å leggje til rette for og selje musea våre som attraktive besøks- og reisemål for eit variert publikum? Sleng inn ein søknad då vel!

Les meir om stillinga og søknadsprosessen i lenka under👇

Frist 19. mai😌✍️

Er du vår nye sals- og marknadsrådgivar?

16/04/2026

Den amerikanske omsetjaren Jordan Barger har den siste månaden hatt arbeidsopphald i Aaasentunet 📚

Han arbeider med å omsetje norsk og dansk litteratur og lyrikk, og samarbeider for tida tett med Brageprisvinnar Leander Djønne. I biblioteket vårt har han hatt mange lange arbeidsdagar og fått gjort meir enn han trudde. Han fortel at han er inspirert av Ivar Aasen og den store arbeidskapasiteten hans.

Jordan er knytt til masterprogrammet i litterær omsetjing ved University of Iowa, og har hatt skriveresidens både ved Haugesenteret og no ved Aaasentunet som ein del av programmet.

Vi ønskjer Jordan lykke til vidare og velkomen tilbake 🤗

Hurra for Jakob og Neikob 🥳Vi har fått 150 000 kr frå Kulturtanken til å lage figurteater av Jakob og Neikob og tidsmask...
19/03/2026

Hurra for Jakob og Neikob 🥳
Vi har fått 150 000 kr frå Kulturtanken til å lage figurteater av Jakob og Neikob og tidsmaskinen av Kari Stai i samarbeid med Adele Lærum Duus! Vi gler oss 😃

15 nye leselystprosjekter for barn i alderen 0-6 år mottar midler til utvikling av litteraturproduksjoner.

Til lukke med kvinnedagen✊🌺
08/03/2026

Til lukke med kvinnedagen✊🌺

Vårprogrammet til Litteraturhus i Møre og Romsdal er klart 🤩Du kan oppleve både humor og skrekk, Are Kalvø og Donald Duc...
20/02/2026

Vårprogrammet til Litteraturhus i Møre og Romsdal er klart 🤩
Du kan oppleve både humor og skrekk, Are Kalvø og Donald Duck på biblioteka på Sunnmøre i vår.
Alle arrangementa er gratis og opne for alle 🤗

Les meir i lenkja i kommentarfeltet 👇

❤️  Læhkoeh biejjine!💚  Vuorbbe biejvijn!💛  Lihkku beivviin!💙  Til lukke med dagen!6. februar er den samiske nasjonaldag...
06/02/2026

❤️ Læhkoeh biejjine!
💚 Vuorbbe biejvijn!
💛 Lihkku beivviin!
💙 Til lukke med dagen!
6. februar er den samiske nasjonaldagen! I dag feirar vi samisk historie, språk og kultur!

Les meir om samar, samisk og den samiske nasjonaldagen på SNL: https://snl.no/samer

Hurra for Noregs Mållag som er 120 år i dag! 🥳🤩Direktør Olav Øyehaug Opsvik er på plass på mållagskontoret i Oslo for å ...
05/02/2026

Hurra for Noregs Mållag som er 120 år i dag! 🥳🤩
Direktør Olav Øyehaug Opsvik er på plass på mållagskontoret i Oslo for å gratulere og leggje planar vidare for vårt gode samarbeid for nynorsken. Dagleg leiar Gro Morken Endresen tok imot gåva frå oss, som var ei ny bok om ein annan jubilant, Olav Duun.

Til lukke med jubileumsdagen!👏🎉

I høve jubileet har styreleiar Peder Lofnes Hauge skrive nokre ord som du kan lese i lenkja i kommentarfeltet👇

Kven fortener heider? 🎖️Kven gjer nynorsk synleg og naturleg i det offentlege rommet? No ønskjer vi nominasjonar til pri...
02/02/2026

Kven fortener heider? 🎖️
Kven gjer nynorsk synleg og naturleg i det offentlege rommet? No ønskjer vi nominasjonar til prisen Årets nynorskbrukar 2026.

Har du ein kandidat du vil nominere?
Send din nominasjon til [email protected]

Les meir om saka i lenkja i kommentarfeltet 👇

Vipps MobilePay AS og Stø AS, som driv BankID vart kåra til Årets nynorskbrukar 2025.

Klar for eit nytt bokeventyr? 📚🎧 I barne-podkasten Avdeling T blir bøker levande – fulle av mysterium, fantasi og lesegl...
26/01/2026

Klar for eit nytt bokeventyr? 📚🎧
I barne-podkasten Avdeling T blir bøker levande – fulle av mysterium, fantasi og leseglede.
Nynorsksenteret har laga denne flotte saka om podkasten og universet bak 👇

Avdeling T er eit gratis høyrespel for og med barn.

Adresse

Indrehovdevegen 176
Ørsta
6160

Telefon

+4770047570

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nynorsk kultursentrum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Nynorsk kultursentrum:

Del

Type