10/05/2026
Fredag 15. mai kl. 18.00 opnar ei ny utstilling i Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga ‘Tilflukt i Grepa - kunst, industri og framtid i Ørsta på 1930-talet’, tek utgangspunkt i ei tid då kunstnaren Olav Strømme hadde atelier i Grepa og Melva-fabrikkane. Som motyting for husrom måla Strømme ein serie stadspesifikke veggmåleri i vognfabrikken til Grepa.
Måleria vart redda ut då fabrikken blei riven tidleg på 2000-talet, og dei står i dag att som fragment frå ei tid der kunst og industri eksisterte tett i hop. Kunstnarane Ragnhild Aamås og Stian Ådlandsvik utforskar kva desse nesten hundre år gamle verka fortel om vilkåra for kunst då og no. Aamås og Ådlandsvik set arbeida til Strømme inn i ein samtidskontekst.
Vi får sjå måleri og skulptur signerte Aamås, Ådlandsvik og Strømme. Utstillinga er under montering, og bilda her viser veggmåleria til Strømme og aluminiumstilfang til Ådlandsvik sine skulpturar.
Utstillinga opnar fredag 15. mai kl. 18.00. Kunstnarane er til stades under opninga, som Audhild Gregoriusdotter Rotevatn står for.
Ope torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16. Siste utstillingsdag er laurdag 6. juni 2026.
Velkomne til ei spennande utstilling i Kunsthuset i Ørsta!