Kunstlåven i Seljord

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Kunstlåven i Seljord Seljord Kunstforening Kunstlåven i Seljord er ein særeigen utstillingsstad midt i Seljord sentrum, driven av Seljord Kunstforening.

Bygget vart ombygd frå fjøs og låve til galleri, og teke i bruk i 1996. I dag rommar Kunstlåven om lag 1000 m² utstillingsareal fordelt på fire etasjar og 16 utstillingsrom, i tillegg til kafé og resepsjon. Romma har behalde mykje av den opphavlege forma si, noko som gjer dei svært ulike i storleik og uttrykk. Dette gir ei eiga oppleving for både kunstnarar og publikum, og er med på å gjere Kunstlåven til ein særprega stad for kunst og kunsthandverk. Seljord Kunstforening vart etablert i 1968. Same år vart den første Sommarutstillinga arrangert – på ei tid då det ikkje var vanleg med opne galleri og museum i sommarferien. Sidan den gong har Sommarutstillinga vore kunstforeininga sitt flaggskip og eit årvisst høgdepunkt i Seljord-sommaren. Gjennom åra har Sommarutstillinga fått mykje anerkjenning, både frå kunstnarane som har stilt ut og frå publikum. Under Sommarutstillinga blir vanlegvis heile Kunstlåven teken i bruk. Velkomen til Kunstlåven i Seljord! Besøks- og postadresse:
Brøløsvegen 4
3840 Seljord

Hans Gerhard Sørensen var i følgje Store Norske Leksikon ein av dei mest produktive illustratørane i Noreg på 1900-talet...
26/10/2026

Hans Gerhard Sørensen var i følgje Store Norske Leksikon ein av dei mest produktive illustratørane i Noreg på 1900-talet. Dette til trass for at han som fire-åring vart sterkt fysisk handikappa av ein virussjukdom i ryggraden kalla “barnelammelse”. Det stoppa han ikkje frå å studere ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, eller reise på studiereiser til fleire land og byar i Europa. Skaperkrafta hans kunne ikkje temmes.

Sørensen debuterte på Haustutstillinga i 1948 og arbeidde i hovudsak med tresnitt og xylografi/trestikk. Sistnemnde er ein form for tresnitt der ein brukar endeveden på ein hard tresort til å trykke med. Då kan ein få større detaljrikdom og trykke platene fleire gongar. Sjølv om dette trykket er eit tresnitt, er det liten tvil om at Sørensen fekk fram detaljane særs godt.

I dette arbeidet med tittelen “hvalen” kan me sjå ein representasjon av det som ikkje kan haldes nede, sjølv kor mykje det blir forsøkt. Illustrasjonen var meint til Petter Dass si bok “Nordlandets trompet”, men kom av ein uklar grunn ikkje med i det første opplaget. Kanskje kan ein tolke trykket som noko særs personleg for kunstnaren?

(Eigaren til katten er funne) Hei, ein ny innbrotstjuv har kome seg inn på Kunstlåven! Er det nokon som kjenner denne fi...
19/10/2026

(Eigaren til katten er funne)
Hei, ein ny innbrotstjuv har kome seg inn på Kunstlåven! Er det nokon som kjenner denne firbeinte krabaten? Han gøymer seg godt her inne! 🐾 Kontakt: 95220360

Ambrosius er bror til den folkekjære Halfdan Egedius, og var eigentleg fiolinist. Då han nærma seg 50 år, bestemte han s...
12/10/2026

Ambrosius er bror til den folkekjære Halfdan Egedius, og var eigentleg fiolinist. Då han nærma seg 50 år, bestemte han seg for å bli målar. Ambrosius debuterte første gong på Haustutstillinga i 1919, og gjekk på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole frå 1920 til 1921.

Ambrosius hadde ein eigen sommarstad her i Seljord, og måla gjerne, som bror sin, Telemarkslandskap og -motiv. Han måla i hovudsak med gouache som er ein vassbasera måling meir dekkande enn til dømes akvarell. I kontrast til bror sin, bruka Ambrosius større og breiare strøk i eit meir leikent formspråk og ein fargeglad palett.

Av nyare arbeid i Seljord Kunstforening si samling, finn ein dette tresnittet frå 2006 av Ånond Versto. Han har atelier ...
24/09/2026

Av nyare arbeid i Seljord Kunstforening si samling, finn ein dette tresnittet frå 2006 av Ånond Versto. Han har atelier i Flatdal og har tidlegare vore aktiv i Kunstforeninga i mellom anna kunstnarisk råd, grafisk formgjeving av katalog og har stilt ut under Sommarutstillinga. I tillegg har han arbeidd med utsmykking, mellom anna for Ringebu Kommune, Evenes Flystasjon og lokalt med seks store skulpturar langs Sogevegen gjennom Flatdal og Hjartdal.

Dette tresnittet kan kanskje ha vore grunnlaget for skulpturen “O” frå 2011 som viser den same ugla på ei stor plate, og vart vist på Norsk Skulpturbiennale. Versto sine arbeid er både organiske og grafiske i uttrykk, og dyr gjeng att i fleire av verka hans. Nyleg leverte han ein stor tre-skulptur av ein katt med ein lang hale som det veks greiner ut frå og omkrinsar katten. Denne står på Drammen Sjukehus, saman med ein like stor skulptur med harde kantar og geometriske former med eit meir industrielt preg.

Ein kan sjå den same dualiteten i dette tresnittet med stramme linjer som nærmast funkar hypnotiserande. Ser ein nærare, ser ein spor frå trykket og skiljet mellom det organiske og geometriske blir vanskeleg å definere. Ingen tvil er det om at auga borar seg inn i ein, og krever fokuset til mottakaren.

Sommarutstillinga er over for i år, og me i styret vil takke alle som har bidrege til at utstillinga har vore, i vår bok...
04/08/2026

Sommarutstillinga er over for i år, og me i styret vil takke alle som har bidrege til at utstillinga har vore, i vår bok, ein suksess. Det er mykje arbeid som ligg bak det å skipe til Sommarutstillinga, og me hadde ikkje klart det utan dugnadshjelp og godt samarbeid med medlemane våre. Takk for innspel og hjelp, både før, under og etter utstillinga. Ekstra takk til dei som stod i kafeen og tok imot gjester med smil og glede, og bidrog til å skape den hyggelege atmosfæra me håpar og trur alle som besøkte oss kunne kjenne på.

Tusen takk til Seljord Husflidslag v/Borghild Telnes som gjorde utstillinga “mellom himmel og halm” med Mari Bryhni og Gjertrud Hals. Ekstra takk til Borghild som også kuratera og gjorde i stand årets galleributikk med eit stort utval lokal kunst og handverk. Takk til sponsorar og samarbeidspartnarar, nye som gamle.

Tusen takk til Billedkunstnerne i Telemark som skapte utstillinga “naturen i oss” med totalt 13 kunstnarar sine arbeid; Meta Norheim, Mona Grini, Vebjørn Guttormsgaard, Stine Gonsholt, Hilde Iren Dølheim, Phillip Dommen, Torhild Grøstad, Anne Stabell, Hilde Skevik, Ellen Henriette Suhrke, Arne Svalastog, Sigvei Ringvold og Marilyn Ann Owens. Takk til det kunstnarlege rådet frå BiT som kuraterte utstillinga, og til montørane som hjalp realisere den. Takk til Stina Glømmi som fotograferte og dokumenterte den.

Sist, men ikkje minst; tusen takk til alle våre besøkande. Om du kom for første gong, eller tek turen fleire gongar i løpet av sommaren. Om du tok med familie og vener for kaffi og kunst, eller om du trengte litt tid for deg sjølv. Om du er gamalt medlem, eller om du vart det for første gong i år. Om du berre streifa innom galleributikken, eller om du bruka tid i utstillinga. Uansett vil me takke for besøket, og ynskjer deg hjarteleg velkomen att neste år!

Beste helsing, Ola Snippen, på vegne av styret i Seljord Kunstforening.

PS: Låven stenger ikkje heilt ned fram til neste år. For det er nemleg mogleg å leige delar av lokale våre til selskap, møte, foredrag eller anna. All informasjon finn du på nettsidene våre seljordkunst.no.

Juli er snart forbi og årets Sommarutstilling nærmar seg slutten. Du har fram til fredag 31. juli å oppleve Billedkunstn...
27/07/2026

Juli er snart forbi og årets Sommarutstilling nærmar seg slutten. Du har fram til fredag 31. juli å oppleve Billedkunstnerne i Telemark, og Seljord Husflidslag si utstilling med Mari Bryhni og Gjertrud Hals.

Me minner om at galleributikken er ein ypparleg plass å handle unike gåver til bursdag, bryllup, dåp, jul eller anna. Me har noko i alle prisklasser og hjelper deg gjerne å finne noko passande!

Velkomen til oss mellom kl 11 og 17!

Avbileta er Vebjørn Guttormsgaard sitt arbeid “dobbeltheten”.

For første gong på fleire år, har me trykt opp fysisk katalog frå årets Sommarutstilling. I den kan du lese om alle kuns...
23/07/2026

For første gong på fleire år, har me trykt opp fysisk katalog frå årets Sommarutstilling. I den kan du lese om alle kunstnarane frå årets utstilling, og få unike innblikk frå leiaren av kunstnerisk råd for Billedkunstnerne i Telemark, styreleiar i vår eigen kunstforening og om Hovlandskrona som er rekonstruert i årets utstilling. Katalogen er trykt i eit begrensa opplag og er eit fint minne om årets utstilling for berre 60kr. Kjøp den i resepsjonen hos oss, velkomen!

No gjeng me snart inn i den siste veka av årets Sommarutstilling og oppmodar alle til å ta turen før det er for seint. Me er ope kvar einaste dag, kl 11-17, til og med 31. juli. Ta gjerne med ein ven eller to, me håpar å sjå dykk!

18/07/2026

Rull ut den raude løparen med fjellrekka laga av Phillip Dommen som ein protest mot eit forslag om fire-felts motorveg i Vest-Telemark. Fjellrekka lagar eit buldrande bråk når den rulles ut, og kan rulles heilt saman og puttast i ein boks. Kom innom for å sjå oss demonstrere den. Me er ope kvar dag i juli frå kl 11 til 17. Velkomen!

15/07/2026

Me steiker ferske vaflar laga her på Kunstlåven heile juli. Sett deg ned i den svale kafeen vår og nyt ein vaffel, is, eller noko kaldt i glaset etter du har sett Sommarutstillinga. Velkomen til oss!

Kunstsosiolog Dag Solhjell haldt opningstala for årets Sommarutstilling. Her kan du lese eit utdrag;"Denne utstillingen ...
12/07/2026

Kunstsosiolog Dag Solhjell haldt opningstala for årets Sommarutstilling. Her kan du lese eit utdrag;

"Denne utstillingen er en bauta i norsk kunstliv, og har vært det siden den første ble holdt etter at foreningen ble stiftet i 1968. Jeg har sett mange av dem, særlig de første årene. I denne tiden har utstillingslokalene gått fra å være ganske primitive og midlertidige i skolebygningen ved siden av her, til denne spesialombygde låven. Med sitt mangfold av ulike rom er den meget fleksibel, og kan tilpasse seg de utfordringer ulike utstillinger stiller gjennom året.

I år skjer denne fredelige utstillingen mot en krigersk bakgrunn, ikke minst i Europa og Midt-Østen. Det har den eldste av dagens utstillere, Meta Norheim på 92 år, fått frem i det vakre og tilsynelatende uskyldig blomsterbilde «Fredsliljer» (viste frem gjengivelsen av det i katalogen). De skjønne liljene står frem mot en brennende blodrød bakgrunn, det er kunsten som lever i en truet tid og tilbyr fred.

Vår livsform i dag, ikke minst i Telemark, har uendelig større geografisk og sosial spredning. Også kunsten har fått langt større spennvidde, noe som kommer tydelig til syne i denne utstillingen med kontemporær Telemarkskunst. Den viser seg her gjennom et mangfold av kunstneriske teknikker, både tradisjonelle som maleri og skulptur og tekstil og foto, eksperimenter med slike tradisjonelle, og med kontemporære medier som video og installasjon. Samtidig ser vi både tradisjonell og fri kunstnerisk bruk av halm i utstillingen «Mellom himmel og halm», som knytter seg til gammel regional tradisjonskunst.

Med sin åpenhet er verkene på denne utstillingen særlig godt egnet til å samtales om, om temaer som er viktige for oss, både i det små og i det store, til å utveksle følelser for og forståelser av det enkelte verk. Det er en rikdom å ta med seg, som publikum. Med sine mange og varierte rom, i en låve i et tradisjonelt Telemarkstun, er lokalene særlig godt egnet til både å romme en utstilling med temaet «Naturen i oss», men også til å stimulere det samtalende publikum når vi beveger oss fra rom til rom."

Les heile tala her; https://www.seljordkunst.no/blogg/dag-solhjell-om-sommarutstillinga-2026

Adresse

Brøløsvegen 4
Seljord
3840

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Kunstlåven i Seljord legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Kunstlåven i Seljord:

Snarveier

Del

Museer i nærheten