27/07/2026
Det modige menneske frå Sneie.
Då Johan B. Holte fekk reist museet for å husa bileta til Eva Bull Holte, vart samstundes eit nytt kapittel lagt til husmannsplassen Sneie si rikhaldige historie.
For knapt hundre år før Eva flytte inn og fann sin heim, inspirasjon og siste arbeidsstad her, lukka ei 27 år gammal husmannsjente døra bak seg for siste gong.
Historien hennar er delvis kjent og skriven ned, slik får også ho teke sin plass i den større historia som Eva Bull Holtes Museum er tufta på.
Kjersti Sigurdsdatter vaks opp på husmannsplassen som den yngste i ein stor og morlaus syskenflokk. Me veit at ho hadde ein rokk og ein bibel med seg då ho drog, at første etappe var Hamburg og at ho der gjekk på ein båt til New Zealand. Der stifta ho familie, ho vart gift, enke, gift om att og etterlot seg etterkommarar.
Me veit ikkje korles ho planla reisa, korleis ho fekk pengar til turen, om ho reiste med glede eller sorg. Men at ein slik omveltande handling i livet krev adskilleg mot, treng ein knapt tvila på.
Du kan lesa om Kjersi Sigurdsdatter i Sigrun Dyrland Eidals innlegg i jubileumsheftet til Åmotsdal Sogelag frå 2011.
(Heftet finns på museet)
Du kan få omvisningar på husmannsplassen, der både Eva og Kjersti har hatt roller i plassens store besetning.
Inne på sjølve museet kan du sjå Britt Juul si gjesteutstilling "Botaniske forløp", Eva Bull Holtes faste samling,- og Handtverkstunet syner i år "Stasknivar frå Telemark". Her er det også lokalmat og handtverksprodukt for sal.
Kaféen er open med rjomegraut, vafler, m.m.
Opningstider alle dagar 11.00- 18.00.
Velkomne!
(Bilete syner Kjersti ved rokken i Dunedin. Utlånt av R. Andreassend til jubileumsheftet)