Vitengarden

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Vitengarden Vitengarden er vitensenteret og museet midt i matfatet på Jæren, og er ei avdeling i Jærmuseet.

27/10/2026

I butikken på Vitengarden kan du sikra deg mykje gildt til jula🎄

🤩 I går var ein spennande dag på garden der både store og små fekk læra meir om kor maten vår kjem frå!🍂 I potetåkeren f...
28/09/2026

🤩 I går var ein spennande dag på garden der både store og små fekk læra meir om kor maten vår kjem frå!

🍂 I potetåkeren fekk besøkjande ta opp og kjøpa sine eigne poteter

🐑 Gjennom demonstrasjonar av saueklipping, slakting og partering fekk vi eit ekte innblikk i prosessen frå gard til bord. Dei heldigste vant òg noko av kjøttet meg seg heim og ingenting av dyret gjekk til spille

🫀 Saman med pedagogen vår lærte vi meir om sauen ved å studere innvolane hans

🍓 Dagen baud òg på syltetøylaging og smaksprøvar i gamlahuset

🥰 Takk til alle som var med på ein lærerik og smakfull dag til gards!

Sporty gjeng på Markusløpet💙🎗I dag stilte Jærmuseet med lag for første gong i Markus-løpet. Denne sporty gjengen sprang ...
12/09/2026

Sporty gjeng på Markusløpet💙🎗

I dag stilte Jærmuseet med lag for første gong i Markus-løpet. Denne sporty gjengen sprang saman med over 1000 andre til inntekt for barnekreftsaken🙌

Markus-løpet blei arrangert for sjette gong på Vitengarden og i Hanabergmarka. Me er imponerte av alt arbeid og entusiasme som vert lagt ned i planegging og gjennomføringa frå så mange frivillige👏

Sprang du ikkje i dag men vil likevel gi eit bidrag?
Vipps til 590794💙

28/08/2026

Takk for alt, Kong Harald❤️

Jærmuseet sluttar seg til fråsegna frå Norges Museumsforbund, ved styreleiar Ole Aastad Bråten og generalsekretær Hanne K. Jakhelln:

Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.

Me minnast Kongen som ein varm, inkluderande og samlande folkekonge, som på ein svært god måte har teke vare på den norske identiteten og kulturarva.

Norges Museumsforbund takkar for den enorme interessa Kongen har vist for norske museum, for alle opningane han har stått for, og for dei mange musea han har vitja. Det har me sett stor pris på.

Tankane våre går til Hennar Majestet Dronninga, kongefamilien og heile det norske folket.

Direktør, Jærmuseet
Atle Fiskå

Foto: Kimm Saatvedt / Det kongelige hoff

👰‍♀️❤ Planlegg du bryllup på Jæren i 2027? Me har framleis nokon ledige datoar! Her er alt inkludert frå borddekking til...
26/08/2026

👰‍♀️❤ Planlegg du bryllup på Jæren i 2027? Me har framleis nokon ledige datoar! Her er alt inkludert frå borddekking til vertskap. Takk til alle som vil feira kjærleiken hjå oss!

💍 Høyr om din dato er ledig: https://www.jaermuseet.no/vitengarden/bryllaup/

12/08/2026

Utselde for brille, men sjå solformørkinga med dette trikset!🌙

🍅 Velkommen til familieverkstad på Barnas Gladmat kor me lagar heimelaga tomatsalsa!👩‍🍳 På 1 - 2 - 3 blir lokale tomatar...
24/06/2026

🍅 Velkommen til familieverkstad på Barnas Gladmat kor me lagar heimelaga tomatsalsa!

👩‍🍳 På 1 - 2 - 3 blir lokale tomatar forvandla til deilig salsa som deltakarane får ta med seg heim

🥳 Ope for drop-in onsdag-fredag kl. 14.00-18.00 og laurdag kl. 11.00-17.00

Sjå denne supergjengen! 🤩I to veker har gjengen på Vitengarden vaska, måla, skrubba og gjort klar for nytt år. Nå skin b...
16/01/2026

Sjå denne supergjengen! 🤩

I to veker har gjengen på Vitengarden vaska, måla, skrubba og gjort klar for nytt år. Nå skin bygget – og me er klare til å ta imot publikum igjen!

Me opnar dørene sundag, og gler oss til å ta imot mange nysgjerrige små og store i 2026. Velkomne til gards!

Me startar det nye året med vedlikehald av bygg og utstillingar. Me vil ha ope sundagar kl. 12-17, men elles stengt fram...
02/01/2026

Me startar det nye året med vedlikehald av bygg og utstillingar. Me vil ha ope sundagar kl. 12-17, men elles stengt fram til og med 17. januar🐑🐔

Godt nyttår!

Me startar det nye året med årleg vedlikehald på Vitenfabrikken og Vitengarden.

Vitenfabrikken har stengt til og med 9. januar
Vitengarden har ope på sundagane, men har elles stengt fram til og med 17. januar.

Nasjonalt Garborgsenter har ope som normalt - måndag til laurdag kl. 10-15.

Uteområda er opne heile året - ta gjerne ein tur ut til Tungenes fyr, Knudaheio eller i heia rundt Limagarden.

Adresse

Kviavegen 99
Nærbø
4365

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 12:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00
Søndag 12:00 - 17:00

Telefon

+4747776020

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vitengarden legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Vitengarden:

Snarveier

Del

Kategori

Museer i nærheten