Jærmuseet

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Jærmuseet Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.

Våre museum og vitensenter tilbyr spennande opplevingar og er ein møtestad mellom natur - kultur og teknologi. 12 museum og vitensenter i sju kommunar, og eit omreisande vitensenter. Vår oppgåve som museum er å dokumentera og formidla den nyare historia til regionen, som vitensenter skal me skapa interesse for naturvitskap og teknologi.

🤩 Det var ei stor glede å ta imot kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og forskings- og høgare utdanningsminister Eileen...
19/10/2026

🤩 Det var ei stor glede å ta imot kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes på Vitenfabrikken i dag

📝 Regjeringa jobbar med ein ny strategi for realfag og teknologi, og ønskte våre innspel til korleis me kan skapa realfagsglede blant barn og unge

💡 Statsrådane deltok på undervisningsopplegget «Lek med strøm» saman med SFO-elevar frå Trones skule

➕ Me fekk snakka om vitensentera som ein viktig læringsarena og eit supplement til skulane, delt erfaringar frå Talentsenter i realfag samt om erfaringane så langt i pilotprosjektet til vårt omreisande vitensenter Science Circus, Vitensenteret i Trondheim og Matematikksenteret NTNU "Matematikkglede"

⚡ Me er stolte over å kunne dele erfaringane våre med å spreie realfagsglede til barn og unge

👉 Les meir om besøket: https://www.jaermuseet.no/vitenfabrikken/ministerbesok-pa-vitenfabrikken-slik-bidrar-me-til-realfagskompetanse-i-framtida/

Det blir storkonsert på Tungenes fyr neste laurdag!
13/10/2026

Det blir storkonsert på Tungenes fyr neste laurdag!

Britiske Robyn Hitchcock spiller på Tungenes fyr lørdag 24 oktober. Det minker nå på billettene! Bli med når en legendarisk fyr spiller på ditt favorittfyr! Du finner både billettlenke og fin låt i kommentarfeltet.

Konsert på Tungenes fyr i morgon!
30/09/2026

Konsert på Tungenes fyr i morgon!

Ein av våre favoritt-fyrar, Bård Halsne, slapp nyleg den fine plata "Det kan eg gjør någe med". Har du ikkje billett til konserten på Tungenes fyr i morgon? Det kan du gjera noko med. Billettlenke og fint lydspor i kommentarfeltet.

Gratis inngang på laurdag 🙌Forskningsdagene i Stavanger-regionen held fram, og på laurdag er det gratis inngang på fleir...
24/09/2026

Gratis inngang på laurdag 🙌

Forskningsdagene i Stavanger-regionen held fram, og på laurdag er det gratis inngang på fleire av musea i regionen!

I Jærmuseet kan du besøka desse musea – heilt gratis:

🧪 Vitenfabrikken
📝 Nasjonalt Garborgsenter
✈️ Flyhistorisk Museum Sola

For meir informasjon og program, sjekk ut dei ulike arrangementa i kommentarfeltet.

"Arne og Hulda Garborg - saman endra dei Noreg" er tittel når Ørjan Zazzera Johansen frå Nasjonalt Garborgsenter onsdag ...
22/09/2026

"Arne og Hulda Garborg - saman endra dei Noreg" er tittel når Ørjan Zazzera Johansen frå Nasjonalt Garborgsenter onsdag kveld deltek på årets Forskningsdagene i Stavanger-regionen og Forsker-standup.

Saman med fem andre forskarar får han 12 minutt på seg - utan powerpoint og forskarspråk - til å gje deg eit innblikk i forskinga si.

📅 Onsdag 23. september kl. 19.00
🎫 Gratis inngang!
📍Påfyll, Kirkegata 36, Stavanger

Ta turen og bli inspirert av det som vert forska på i vår region!

I tur og orden får forskerne tolv minutter hver til å gi deg et innblikk i hva de forsker på, slik at du får en større forståelse for hva som foregår av forskning i Stavanger-regionen.

Sporty gjeng på Markusløpet💙I dag stilte Jærmuseet med lag for første gong i Markus-løpet. Denne sporty gjengen sprang s...
12/09/2026

Sporty gjeng på Markusløpet💙

I dag stilte Jærmuseet med lag for første gong i Markus-løpet. Denne sporty gjengen sprang saman med over 1000 andre til inntekt for barnekreftsaken🙌

Markus-løpet blei arrangert for sjette gong på Vitengarden og i Hanabergmarka. Me er imponerte av alt arbeid og entusiasme som vert lagt ned i planegging og gjennomføringa frå så mange frivillige👏

Sprang du ikkje i dag men vil likevel gi eit bidrag?
Vipps til 590794💙

I helga går Jæren fuglefestival av stabelen for første gong! 🐦‍⬛🐦Her skjer det mykje spennande - du kan blandt anna vera...
11/09/2026

I helga går Jæren fuglefestival av stabelen for første gong! 🐦‍⬛🐦

Her skjer det mykje spennande - du kan blandt anna vera med på fuglekikking både på Tungenes fyr og Flyhistorisk Museum Sola laurdag og sundag.

Vil du vera med? Billettar til Fuglekikking må bestillast på førehand - men det er fleire arrangement som ikkje treng påmelding.

Meir info: https://fuglefestivalen.no/om

🤩 Vil du vera med og skapa kjekke opplevingar for gjestane våre? Me søkjer etter verter til Vitengarden!🥳 Som vert på Vi...
31/08/2026

🤩 Vil du vera med og skapa kjekke opplevingar for gjestane våre? Me søkjer etter verter til Vitengarden!

🥳 Som vert på Vitengarden jobbar du med å:
- Ta imot gjester og gi informasjon om opplevingane våre
- Ekspedera kundar i butikken
- Vera vertskap i utstillinger ute og inne
- Gjennomføra spennande aktivitetar for barn og familiar
- Bidra i kaféen med matlaging, servering og kundebehandling
- Jobba saman med kjekke kollegaer og læra noko nytt kvar vakt

🥰 Hjå oss får du mellom anna:
- God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du blir trygg i rolla
- Varierte arbeidsoppgåver der ingen dagar er heilt like
- Verdifull arbeidserfaring som du kan ta med deg vidare

💪 Arbeidstida er:
- Annakvar sundag (om lag 5,5 timar)
- Skuleferiar
- Kveldsarrangement gjennom året

Me vurderer søknadar fortløpande.

➡ Les meir og søk: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/306615/verter-til-vitengarden

Takk for alt, Kong Harald❤️Jærmuseet sluttar seg til fråsegna frå Norges Museumsforbund, ved styreleiar Ole Aastad Bråte...
28/08/2026

Takk for alt, Kong Harald❤️

Jærmuseet sluttar seg til fråsegna frå Norges Museumsforbund, ved styreleiar Ole Aastad Bråten og generalsekretær Hanne K. Jakhelln:

Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.

Me minnast Kongen som ein varm, inkluderande og samlande folkekonge, som på ein svært god måte har teke vare på den norske identiteten og kulturarva.

Norges Museumsforbund takkar for den enorme interessa Kongen har vist for norske museum, for alle opningane han har stått for, og for dei mange musea han har vitja. Det har me sett stor pris på.

Tankane våre går til Hennar Majestet Dronninga, kongefamilien og heile det norske folket.

Direktør, Jærmuseet
Atle Fiskå

Foto: Kimm Saatvedt / Det kongelige hoff

26/08/2026

Sjå denne flotte utsikta! Berre ein liten kilometer frå Limagarden!🤩

Adresse

Nærbø

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Jærmuseet legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Jærmuseet:

Snarveier

Del

Kategori