Sunnmøre museum

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Sunnmøre museum Sunnmøre museum i Ålesund er eit idyllisk friluftsmuseum med ei stor samling bygningar frå heile Sunnmøre.

Her får du forteljinga om bondesamfunnet, kystkulturen og mellomalderen.

For ein herleg gjeng å få på besøk! 🤩 Så kjekt å sjå korleis historia engasjerer. Takk for besøket og dei fine orda ❤️
25/10/2026

For ein herleg gjeng å få på besøk! 🤩 Så kjekt å sjå korleis historia engasjerer. Takk for besøket og dei fine orda ❤️

24/10/2026

Vakre friluftsmuseet vårt – no i strålande haustdrakt! 🍂🧡

FOREDRAG: Sunnmøre Museumslag inviterer til foredraget "Stordalsholmen si rolle gjennom tidene" ved  Jon Slyngstad, sønd...
20/10/2026

FOREDRAG: Sunnmøre Museumslag inviterer til foredraget "Stordalsholmen si rolle gjennom tidene" ved Jon Slyngstad, søndag 25. oktober kl. 17.00

Slyngstad tek oss med på ei reise i tid med Stordalsholmen som utgangspunkt for vandring i Holmebygda.

Møt menneska og tradisjonane frå holmen og omlandet som har blitt fortalde vidare i generasjonar. Frå ishus og fiske, til sagbruk, seterdrift og klyving i svimlande fjellstigar.

Forteljingane strekkjer seg heilt attende til Heilag Olav sitt kveldssete vinteren 1028-29. si rolle gjennom tidene!

Inngang: kr 100. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag

Foto: Jon Slyngstad

På laurdag fekk 11 engasjerte kursdeltakarar lære om og prøve på å veve ein minivarafell. Monika Ravnanger frå MuHu fort...
19/10/2026

På laurdag fekk 11 engasjerte kursdeltakarar lære om og prøve på å veve ein minivarafell. Monika Ravnanger frå MuHu fortalte òg om forskinga si på den heilt spesielle veveknuten frå Borgund.

Ulla som vart brukt i minivarafellen kom frå Ørsta. 🐑

Tusen takk til Monika for eit spennande og lærerikt kurs, med mykje ny kunnskap og veveglede!🤎

Er du interessert i å holde deg oppdatert på kva som skjer på musea? Meld deg på nyheitsbrevet vårt i bio!

Lær deg å veve ein minivarafell! Laurdag 17. oktober inviterer vi til eit heilt spesielt kurs på Middelaldermuseet. Med ...
12/10/2026

Lær deg å veve ein minivarafell! Laurdag 17. oktober inviterer vi til eit heilt spesielt kurs på Middelaldermuseet.

Med utgangspunkt i eit unikt tekstilfunn frå Borgundkaupangen får du lære den gamle veveteknikken röggvarfeldur. Ein teknikk med røter meir enn tusen år tilbake i tid.

Tekstilhandverkar Monika Sunnanå Ravnanger viser deg teknikken og rettleier deg medan du vev din eigen minivarafell på ein liten bordvev.

✨ Berre 12 plassar – sikre deg plass! Les meir om kurset, sjå pris og meld deg på 👇

Viti er ein konsolidert museumsorganisasjon i Vestland som forvaltar og formidlar kulturarv frå region og samtid.

08/10/2026

🦊 I utstillinga PELSTID er det mykje å utforske og oppdage - for små og store!

03/10/2026

👉 Ta med familien og bli med på ein kjekk aktivitetsdag i haustferien! 🗓️ Onsdag 7. oktober kl. 12-15

25/09/2026

Dyktige båtbyggjar Ragnvald høgg ei spunning – sporet langs stammen der borda i båtsida blir felte inn.

Denne skal brukast på doryen (lettbåten) som no blir bygd til fiskekuttaren MK Heland

Gå ikkje glipp av foredraget «Per Ratvik. Odelsgut, Lingemann og krigskronikør», søndag 27. september! Høyr historikar O...
22/09/2026

Gå ikkje glipp av foredraget «Per Ratvik. Odelsgut, Lingemann og krigskronikør», søndag 27. september!

Høyr historikar Oddbjørn Hofseth fortelje mellom anna om korleis Per Ratvik frå Ålesund/Borgund arbeidde som Lingesoldat i krigsåra.

Bilde 1: Lingeboka med propagandagjengen. Ratvik er nummer to frå venstre. Den andre verdskrigen førte med seg ein heilt ny type krigføring, som gjorde at ein trong ein ny type soldatar. Her ser vi Kompani Lingesoldatar (i sivil!) som førebur propagandamateriell i UK som skal sendast til det okkuperte Noreg. Foto: Kompani Linge bd. 1 (Gyldendal 1948)

Bilde 2: Korleis var det å bu og leve i London under og etter den andre verdskrigen? Ratvik var hausten 1945 korrespondent for Sunnmørsposten i London, og skreiv om opplevingane han hadde i London i den nære etterkrigstida, og samanlikna desse med livet han levde i krigsåra i verdsmetropolen. Ill: Sunnmørsposten 20. september 1945

Tid: Søndag 27. september kl. 13.00
Arr.: Sunnmøre Museumslag
Inngang: Kr 100. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag

Ålesund og omegn hagelag inviterer til inspirasjonskveld med Eivind Bjørkgård Moe  på Sunnmøre museum! Tysdag 22. septem...
21/09/2026

Ålesund og omegn hagelag inviterer til inspirasjonskveld med Eivind Bjørkgård Moe på Sunnmøre museum! Tysdag 22. september kl. 18.00 deler han sine erfaringar om korleis du skapar ein frodig hage full av blomstring, djupne og god utnytting av plassen – anten du har ein liten terrasse eller ein stor hage.

Sjåast på Sunnmøre museum til ein triveleg kveld full av hageglede!

Foto: Eivind Bjørkgård Moe

Adresse

Museumsvegen 12
Ålesund
6015

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 11:00 - 16:00
Torsdag 11:00 - 16:00
Fredag 11:00 - 16:00
Lørdag 11:00 - 16:00
Søndag 11:00 - 16:00

Telefon

+4770239000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sunnmøre museum legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Sunnmøre museum:

Snarveier

Del

Kategori

Museer i nærheten