HISTORIKK:
Bakgrunnen for Bunadnemnda for Sunnmøre er nedfelt slik:
"Klara Semb kom omkring 1920 som instruktør i Norges Ungdomslag til Sunnmøre og heldt kurs i folkedans i ungdomslaga. Ho hadde stor kunnskap om bunader og folkedrakter, og vart opprørt over det forfallet som møtte henne. Semb oppfatta dei bunadene som var i vanleg bruk som langt frå røtene og dei gamle folkedraktene i distriktet. Ho fekk Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag og Sunnmøre Husflidslag til å gå i gang med en innsamling og registrering av "rosesaum", "kvitsaum" og sølv. Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag oppretta ei nemnd som skulle ha ansvaret for dette arbeidet med følgjande medlemmer: Ragnhild Vogt Svendsen, Ålesund, Anna Drege, Stranda og Aasta Eng Jacobsen, Volda, alle erfarne husflidskvinner. Samstundes med innsamlingsarbeidet starta Ragnhild Vogt Svendsen å studere alt kva ho på nokon måte kunne komme over om draktskikk generelt og bygde/folkedrakter spesielt - både på norsk, svensk og dansk. Då innsamlinga etter eit års tid var ferdig, vart det under Sunnmørsstemna i Sykkylven i 1926 halden ei utstilling med dei gamle draktdelane. Nemnda hadde bare funne eitt einaste liv og forkle som høyrde saman. Elles såg det ikkje ut til å vere nokon heilskap eller samanheng mellom de ulike draktdelane. Det eine tilfellet viste derimot - til trass for garnkvaliteten - eit så smakfullt fargeval og en så god utføring at det gav en lykjel til utvikling av det som seinare vart Sunnmørsbunadene for kvinner. Et forkle frå Gjerde i Ørskog og en rest av eit anna, støtta dette synet. Nemnda gjekk i gang med eit omfattande arbeid med å utvikle nye bunader ut frå det gamle materialet. Denne oppgåva omfatta også arbeid med å skaffe høveleg garnkvalitet og fargar til den finstilte "rosesaumen" og to som dreiv med plantefarging vart engasjerte til dette arbeidet. Mønstra vart kopierte med frihandsteikning og - saum, som var den teknikken som de gamle saumarane hadde brukt. Nemnda fann 10 ulike broderimønster og la vekt på å finne igjen og bruke alle dei gamle arbeidsmåtar som ein gong hadde prega draktene før forfallet sette inn midt på 1800-talet. I løpet av eit år var to komplette Sunnmørsdrakter klare til bruk. Desse vart kalla "Norddalsbunaden" og "Ørskogbunaden", den siste rekonstruert etter forkleet frå Gjærde i Ørskog. Ørskogbunaden vart også kalla "Märta-bunaden, fordi kronprinsessa fekk ein i bryllaupsgåve frå ungdommen på Sunnmøre. Disse ferdige draktene vart presenterte på ei Husflidsutstilling i Oslo i mars 1928. Ragnhild Vogt Svendsen og bunadnemnda heldt fram arbeidet og etter kvart om også dei andre broderte bunadene - dei fleste sydd over samme lest, men med ulike lokale broderimønster som utgangspunkt. Nokre bygder hadde rikt materiale å bygge på, andre mønster var bygd på roser frå lauslommer, plagg, seler eller anna. Utover på 30-tallet vart såleis mønster, materialar, fargekodar og tilfang utarbeidd for Strandabunaden, Sykkylvsbunaden, Hjørundfjordbunaden, Skodjebunaden, Søre Sunnmøre- eller Dalsfjordbunaden, Vigrabunaden og mannsbunaden for Sunnmøre. Det arbeidet som Ragnhild Vogt Svendsen utførte, vart i samtida beskrive som både nyskapning og rekonstruksjon. Ho brukte dei ekte, gamle draktene som modellar og dikta vidare ut frå dei. Bunadene vart dermed eit resultat av gamle idear fornya og prega av hennar eige og husflidsmiljøet i 20- og 30-åra sitt syn på kvalitetskrav til gode norske bunader. I en artikkel i bladet "Urd" 31. mars 1928 om sunnmørsdraktene skreiv Lilla Jacobsen flg:
"Deet som hun (RVS) har frembragt av Sunnmøres-arbeider skiller seg derfor ogsaa, synes jeg, ut fra alt det andre har gjort, som den modne kunstners verk skiller seg frå amatørens. En kunde ikke undgaa at se det paa Aalesundsutstillingen. For fru Vogt Svendsen kopierer ikke bare. Hun kopierer nok, hun sætter sammen, og gjengir drakterne slik, at man føler, dette maa være en ekte Sunnmørsdrakt, men det hun gjør blir samtidig noe andet og mer, noe nyskapt. Hun løfter det op paa et høiere plan ved den enestaaende finfølelse og varsomhet, hvormed hun stiller sammen linjer og farver. Hun har faat os til at se at "Sunnmørssaum" er vakker. Det har vi ikke alltid kunnet se ved de tidligere forsøk som har været gjort med at kopiere de gamle ting. Det virket oftest saa gloret. Dette hadde jo for en stor del sin grund i, at man ikke raadet over fint plantefarvet garn. Der var ikke i handelen garn eller farver, som gjenga de gamles tone. I den aller siste tid er der imidlertid i Husflidsutsalgene kommet et fint, fint uldgarn, som blir farvet (ialfald det vi faar paa Sunnmør) hos de kiendte væversker og plantefarversker Brite Flaate, Voldå og Anna Ytrelid, Skodje. Det er dette garn fru Vogt Svendsen har brukt til sin Sunnmørssaum." Ragnhild Vogt Svendsen (født 15 05 1887, død 07.05.1962) fikk Just Gude Smidts gullmedalje for sitt arbeid med Sunnmørsbunaden, og for arbeidet med å fremje husflidssaka på Sunnmøre. Medaljen er den høgaste utmerking ein kan få for husflidsarbeid i Noreg. Bunadbruk har blitt ein sterk tradisjon på Sunnmøre. Alle delar som inngår i ein bunad - til dømes forkle, stakk, cape, selar, liv, lomme, skjorte, sølv, skaut, sko og strømper - er tilpassa kvarandre og inngår i ein heilskap. Her har Bunadnemnda stilt strenge krav til utforming og kvalitet. Snitt, mønster, materialar, saumteknikkar, fargar og anna tilfang må samsvare mest mogleg med det opphavlege. Utforminga av detaljar har likevel endra seg noko over tid, men variasjonane har hatt mest med teknikk og ny kompetanse om drakthistorie og rekonstruksjon av folkedrakter å gjere. Bunadnemnda har heile tida kontrollert at dei endringane som har funne stad, har vore innanfor rammene av det røynlege, og Sunnmørsbunaden har etter kvart blitt innarbeidd som festdrakta framfor alt i distriktet. I perioden 1979-1990 ble det etter ei ny omfattande registrering av gammalt folkedraktmateriale på Sunnmøre også rekonstruert alternative manns- og kvinnebunader. Dette arbeidet skjedde i nært samarbeid med det statlege "Bunad og Folkedraktrådet" med kontor på Fagernes. Ansvarleg for dette svært omfattande arbeidet, både fagleg og praktisk, var Bunadnemnda for Sunnmøre."