29/10/2026
O b s! Denne posten er laga med mål om å influense deg til strandrydding, og er difor merka med for havet......
Måndag morgon tikka det inn ei melding om at det var siste dag av Bossrunden Sunnmøre*. Ei fin påminning om at det var på tide med ein tur i fjøra!
På halvannan time rydda vi 12 kg søppel på eit lite område. Fire kilo per person.
Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut. Men ta fram kjøkkenvekta og veg ein liten trådstump på 5–10 cm, ein flik av ein godteripose eller ein liten bit isopor. Tenk så på kor mange slike bitar som skal til for å få 12 kilo.
Desse små bitane kan ende opp i fuglefjellet som byggjemateriale i reir, setje seg fast i nebb og hals, eller hamne i magen på fisk og andre dyr.
Tolv kilo er ikkje så mykje i det store havet av plast. Men for fuglane og dyra som kunne fått dette i seg, kan det bety alt. Hugs det neste gong du ryddar 🙂
Vi ryddar. Naboen ryddar. Frivillige og profesjonelle ryddar. Det blir ikkje tomt.
Men kvar bit vi plukkar opp, er éin mindre i naturen og i havet.
*Bossrunden blir arrangert av Fremje, Rewild Norge, Sunnmøre friluftsråd og Runde Miljøsenter, med Sparebanken Møre som sponsor.