Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon med besøks- og formidlingssenter.
(1)
Adresse
Rundavegen 237
Fosnavåg
6096
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Runde Miljøsenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Museet
Send en melding til Runde Miljøsenter:
Type
Om oss
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Den offisielle opninga var i oktober 2009.
Senteret ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, og har det fremste innan miljøteknologi. Heilt frå dei første teikningane har det vore fokus på miljøvennlege byggemateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn. Den grunnleggande tanken med forskingssenteret på Runde er etableringa av infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet, og å promotere berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Samarbeid med lokalt næringsliv om utvikling av miljøvennleg teknologi er eit satsingsområde. Senteret blir også brukt av forskarar både frå Noreg og utlandet. Det er eit mål å oppnå auka fokus på dei viktige havområda utanfor Møre, som er eitt av dei viktigaste gytefelta i norske farvatn.
Senteret har kontor, laboratorium og åtte leilegheiter for utleige. Hovudbygget har også eit velutstyrt auditorium og kafé. Eit informasjons- og opplevingssenter blir etablert i 2. høgda i hovudbygget. Det skal vise dei store biologiske prosessane som skjer i Norskehavet, og samspelet mellom miljø, klima, fugl, fisk og plankton. Historia om forliset til ostindiafararen "Akerendam" og Rundeskatten blir ein sentral del av utstillingane, og også temaet energi frå havet og los- og fyrhistorie.