03/01/2026
Godt nytt år!
Her er første og siste strofe av diktet Halldis skreiv jula 1944
Lys frå Danmark
Så tungt å stelle til jul nå,
mange år på rad
Så lite å stelle av og, og så rådlaust å kjenne seg glad
Natta så langt så lang og dagen så mørk og stutt
Enda ei krigsjul,
og ingen kan sjå nokon slutt
Motlaus sit du og sturer, da ringer postmannen på
- pakke til deg frå Danmark!
Mørkt ja, men nå skal du få
lys fra Danmark!
…
Så brenn dei i grana dei danske lys med julekvelden går
Vi vil ikkje brenne dei heilt opp, men gøyme til neste år
Fem raude fem kvite stubbar, så danske lys kan stå
Og lyse på treet når vi fullglade kring det skal gå
Vi blæs dei ut varsomt eitt for eitt
med hjartet kviskrer til han
som snart
skal la sin morgon gry
for både dei lengtande land
Lys for Danmark!
Jula 1944
Over 80 år seinare sit vi atter litt skjelvande - vonar og ber:
Måtte 2026 bli eit år då krigen ikkje kjem nærare!
Bilete frå Midtbø-tunet no i jula