Øyfjell Bygdemuseum

Øyfjell Bygdemuseum Øyfjell bygdemuseum ligg i Vinje, Vest-Telemark, og består av eit flott museumsbygg i granitt og eit idyllisk gardstun frå tidleg 1900-tal.

Øyfjell Bygdemuseum held ope frå slutten av juni til starten av august kvart år, laurdag og sundag. Omvisaren kan syne fram rike samlingar av både gjenstandar, tekstilar og bilete i museet, i tillegg til eit flott gardstun frå tidleg 1900-tal, der låven også har utstilling om arbeidshesten. Det er Vest-Telemark Museum som står for vedlikehald og den daglege drifta i sesongen. Bygdemuseet i Øyfjell

er organisert som ei stifting med eit kommunalt valt styre. I 2020-24 er styret for stiftinga sett saman av Åshild Emma Solbjør (leiar), Sigmund Lid (nestleiar), Arne Martin Solbjør (styremedlem) og Gudny Lid Unhjem (styremedlem frå Støttelaget). Styret forvaltar museets midlar og planlegg og gjennomfører ulike prosjekt for å utvikle museet vidare. Dei siste åra har styret mellom anna restaurert kvennhuset nede i åi og innreia stallen. Til 2022-sesongen har styret bidratt til å få på plass eit fjos og eit flott servicebygg med kafe og toalett, i samarbeid med Vest-Telemark Museum. I tillegg har Øyfjell bygdemuseum eit støttelag. Dei vaskar, ryddar og plantar på tunet før sesongstart og står for ulike arrangement gjennom året, mellom anna Øyfjelldagen siste laurdag i juni, messesundag i august og torgdag laurdagen før Dyrsku'n. Dei har også organisert utstillingar og gjeve ut lokalhistoriske hefte. Med i Støttelaget 2022: Gudny Lid Unhjem, Mona Testad, Reidun Hyttedalen, Thorhild Rorge Sigrunn Volhovd, Åshild Emma Solbjør og Bjørg Kyrkjebø Ståland.

Det blir kortreist kunst i fjoset på Øyfjell bygdemuseum til sommaren 😊20. juni opnar Øyfjell bygdemuseum for sesongen. ...
08/04/2026

Det blir kortreist kunst i fjoset på Øyfjell bygdemuseum til sommaren 😊

20. juni opnar Øyfjell bygdemuseum for sesongen.
I år er det kunstnaren Ruth Kvålo Dalen som er gjesteutstillar i fjoset. Støttelaget i Øyfjell står som arrangør av kunstutstillinga.
Ruth er kunstnar frå nærområdet, med galleri og atelier på den gamle garden Nigard Lid. I mange år har ho vore ein populær utstillar i fleire Telemarksgalleri. Ho er kjent som ein dyktig portrett-målar, og ein allsidig utøvar av figurativ kunst.

For fleire opplysingar, sjå på heimesida til Ruth Kvålo Dalen 👉 https://www.ruthkvaalodalen.no/

Øyfjell bygdemuseum har ope laurdag og sundag kl. 11-17 mellom 20. juni og 15. august.

03/03/2026
11/02/2026
Onsdag 7. januar klokka 19 kan du oppleve Draumkvedet i kafeen på Øyfjell Bygdemuseum. Med song, harpe, lutt. og tangent...
29/12/2025

Onsdag 7. januar klokka 19 kan du oppleve Draumkvedet i kafeen på Øyfjell Bygdemuseum. Med song, harpe, lutt. og tangentar framfører gruppa Legende denne kjende folkevisa, som handlar om Olav Åsteson si reise gjennom dødsriket, he***te og paradis i ein transeliknande søvn. Billetten kostar 250 kroner - og den inkluderer jolekake og kakao. Velkomne til ei stemningsfull avrunding av joli!
Biletet er lånt frå nettsida legende.no og er tatt på ein konsert i Seljord kyrkje.

Velkomne til torgdag på tunet i dag 12-15! Og for eit VÉR! ☀️🌞☀️ 4H sel sveler, støttelaget sel suppe og kake, og utstil...
06/09/2025

Velkomne til torgdag på tunet i dag 12-15! Og for eit VÉR! ☀️🌞☀️ 4H sel sveler, støttelaget sel suppe og kake, og utstillarar sel mykje gode, lokale matprodukt, handverk/handarbeid - og småkremmarane på barnas bruktmarknad sel og bytter leiker, klede og anna dei har rydda fram 😊 Symre spelar for oss slik halvvegs utpå dagen au 🎶😊 I dag er elles siste dag med spikkeutstilling, og kunstnarane Anne Lene og Hans Willemsen er på plass - og dei tek ned sommarutstillinga, så de må forte dykk innom fjoset og sjå på dei fine dyra 🐮 🐐🐱

Dei som glyttar bort på tavla er nok ikkje i tvil om kva for dag det er laurdag… Og som om ikkje støttelagets suppe, 4H ...
01/09/2025

Dei som glyttar bort på tavla er nok ikkje i tvil om kva for dag det er laurdag… Og som om ikkje støttelagets suppe, 4H sine sveler og gode kaup av frukt, honning, bakst, strikkeprodukt ++ er nok, så blir det i tillegg SYMRE-konsert 🤩🎶 og det er meld sol!! 🌞

Symrebildet er frå symremusikk.no. Og viss de klikkar på linken kan de høyre litt Symre-musikk: https://m.youtube.com/watch?v=HOF8Xx1eOJw&time_continue=28&source_ve_path=NzY3NTg&embeds_referring_euri=https%3A%2F%2Fwww.symremusikk.no%2F

10/08/2025

Sol, vind og folk i alle benkar på utemessa og konserten i dag 💨🎶😎 Dette var siste vanlege opningshelg, men den 6. september blir det ein herleg og uhøgtidleg TORGDAG på tunet med SYMRE-konsert 🎶🎻 I tillegg til gode kaup og sal blir det torgdagssuppe, og ein siste sjanse til å oppleve Lugar-Lars og dei andre figurane i det som må vere årets artigaste sommarutstilling 🤩

https://www.facebook.com/share/1McTXyDGtJ/?mibextid=wwXIfr

10/08/2025

No Boots har rigga seg til, og soli skin 😊 Messe klokka 15 og konsert etterpå 🎶

Ein innhaldsrik sommar gjeng mot slutten, og i dag (sundag) blir det gudsteneste på tunet klokka 15 pluss konsert med kv...
09/08/2025

Ein innhaldsrik sommar gjeng mot slutten, og i dag (sundag) blir det gudsteneste på tunet klokka 15 pluss konsert med kviteseidbandet No Boots etterpå 🎶🎸 Begge delar er gratis 😊 I tillegg er museet ope og omvisar på plass, så de har ein siste sjanse til å opplever Lugar-Lars og dei andre artige spikkefigurane i årets utstilling. Alle er hjarteleg velkomne til ein makalaus museumssundag ❤️

09/08/2025

Smiing på tunet i dag! 🔥🔨

Laurdag 9. august klokka 12 kjem smed Johannes Grøstad Barstad til museet 🔥 Send ei melding til 958 79 420 for å halde a...
07/08/2025

Laurdag 9. august klokka 12 kjem smed Johannes Grøstad Barstad til museet 🔥 Send ei melding til 958 79 420 for å halde av ein plass og lære å smi! Egnar seg for om lag 13+ aldersmessig. Smeden har med 10 amboltar - og nokre er framleis ledige.

Kunstkurset er i gang! Her er Hans Willemsen i gang med å forklare kvifor brunt papir er bra å jobbe med som bakgrunnsfa...
26/07/2025

Kunstkurset er i gang! Her er Hans Willemsen i gang med å forklare kvifor brunt papir er bra å jobbe med som bakgrunnsfarge.

Adresse

Øyfjell
Vinje
3890

Telefon

+4735069090

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Øyfjell Bygdemuseum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Øyfjell Bygdemuseum:

Del