31/08/2026
Norun Øvrebø til minne
Fredag 28. august deltok vi i gravferda til Norun Øvrebø.
Vi var så heldige å treffe Norunn fleire gonger medan vi arbeidde med utstillinga LIVSNERVEN – frå stove til atelier. Ho delte historier om oldemora Kathinka Lind, mora Magnhild Hegheim og hennar eige liv.
Lindtunet på Ålhus har vore viktig for vevtradisjonen i Jølster. Lensmannskona Kathinka Lind, starta med vevstove i 1870-åra. Så heldt barnebarnet Magnhild Hegheim fram, til slutt oldebarn, Norun, som vevde fram til 2012.
Norun tok over vevstova i Lindtunet i 1974. Ho vov ulike tekstilar til kundar over heile landet. Ho gjekk i lære hos mor si Magnhild, før ho utdanna seg til vernepleiar i Oslo. Norun gjekk eit år på Heimeyrkeskulen på Vassenden på vev og tok eit eittårig vevkurs i Karlstad i Sverige.
I utstillinga vår, syner vi tekstilar som Norun vov med grunnlag i Nikolai Astrup sine vevmønster. Desse mønstra har Norun og Lindtunet forvalta over fleire generasjonar.
Vi takkar deg Norun for alt det flotte arbeidet og for det du delte med oss.
Vi lyser fred over ditt minne🕯️
📸 Musea i Sogn og Fjordane / Henning A. Hellebust