Valle Vev

Ring Veibeskrivelse Kontakt museet

Valle Vev Valle Vev er ei lita verksemd dreve av meg, Karin Bøe, i Valle i Setesdal. Verksemda starta i 1996

Det var så triveleg med kurs i hedebosøm på "Lus og løye" i helga at eg måtte lage ein sommarfugl også då eg kom heim. T...
21/09/2026

Det var så triveleg med kurs i hedebosøm på "Lus og løye" i helga at eg måtte lage ein sommarfugl også då eg kom heim. Takk til alle deltakarane for inspirasjon 🦋💛

Gama å få vere med og halde kurs i hedebosaum på Lus og Løye 2026. Tusen takk til arrangørene, dei tålmodige deltakarane...
20/09/2026

Gama å få vere med og halde kurs i hedebosaum på Lus og Løye 2026. Tusen takk til arrangørene, dei tålmodige deltakarane og god mat på hotellet 🏵🪡🥳🪡😋🪡🏵

UFO-kurs ! Har du uferdige "objekt"/handarbeid liggjande? Sokkeband, sauma jure, hekla mufletisar, hedebosaum eller vevi...
10/09/2026

UFO-kurs ! Har du uferdige "objekt"/handarbeid liggjande? Sokkeband, sauma jure, hekla mufletisar, hedebosaum eller veving? Har du vore på kurs eller prøva på eiga hand og ikkje blitt ferdig? Fortvil ikkje. Du kan no få hjelp til å bli ferdig med "ufoen" din på nytt kurs i haust.

Stad: Venemold i Valle
Tid: torsdagane 15.okt, 29.okt og 5.nov kl 18.00-21.00, til saman 9t.
Pris: 360 for medlemar i Valle og Hylestad bygdekvinnelag, Bondelaget eller Skogeigarlaget. Kr 630 for ikkjemedlemar.
Arrangør: Studieforbundet Kultur og Tradisjon Valle
Påmelding: til Kristine Jore, tlf 482 03 216
Kurslærar: Karin Bøe

Nøl ikkje, ledig plass! Velkomen!

Så kjekt å få vere med på endå eit kurs i oppstadveving på Osterøy museum med Monika Sunnanå Ravnanger  som dyktig lærar...
07/09/2026

Så kjekt å få vere med på endå eit kurs i oppstadveving på Osterøy museum med Monika Sunnanå Ravnanger som dyktig lærar. Denne gongen var det varafell, ein vove saueskinnsfell. Varafellen tåler vatn og kan vaskast, for det gjorde ikkje dei gamle skinnfellene. Og sauen lever godt vidare og produserar meir god og varm ull til oss. Varafellen kan også vere veldig stor. Vi rakk berre eit sitteunderlag på kurset, men for eit sitteunderlag! Gler meg til å bruke det. 🤎🐏🤎🐏

Så skulle eg teikne av mønsteret på dette bandet eg hadde lånt. Der fekk eg ei lita overrasking altså. 😮 Eg forventa å f...
04/08/2026

Så skulle eg teikne av mønsteret på dette bandet eg hadde lånt. Der fekk eg ei lita overrasking altså. 😮 Eg forventa å få mønsteret som på bilete nr 4, men fekk mønsteret på bilete nr 3. Bilete nr 1 og 2 er bandet eg teikna av. 🧐😆
Eg trudde også at det var krossting, men det var halve krossting, altså berre eit sting på skrå. Og det var nokre på skrå til venstre og nokre til høgre. Det teikna eg også opp, interessant. ///\\\\\//\\\////😵
Dette er ei gama påminning om at ein ikkje må tru at ein veit før ein har sjekka godt. 😁
Det er fasinerande med folkekunst som ikkje er sånn som ein forventer alltid 🥰
Bandet kan ha vore eit hatteband, eller kanskje ei jure til barn, eller noko anna... Gama å sjå det 😊

16/07/2026

Valle Vev er 30 år i dag! Tenk at det har gått så lang tid sidan eg starta opp Valle Vev på Flateland. Eg er svært takksam for at eineståande Torjus Uppstad utfordra meg og støtta meg. Svært takksam er eg også for alle dei fine, eldre folka eg fekk lære så mykje av. Mellom anna vil eg nemne Gyro T Homme, Anne Myrum, Ingebjørg Dale, Petra Homme, Ingebjørg Besteland, Jorund Holum og mange fleire. Det har vore ei stor glede å bli kjent med vevtradisjonen i Setesdal. Det har ikkje vore mykje gull, men mykje ull og svært fargerikt. Eg vil også takke alle som har tinga og handla av Valle Vev, og alle som kjem med oppmuntring, det håpar eg de vil halde fram med. Her er nokre smakebitar frå Valle Vev til dykk. 🌹💞🌹

11/07/2026

Herved er Tveitetunet opna att 🥳 Mange fine ord blei sagt og god suppe fortært i dag. Det har blitt så fint der no. 🤩 Og det er utstilling der att med kunsthandverk av Kirsti Tiedje, Ewald Assmann saman med meg, og om restaureringa av bygninga. Dette vekkar gode minner frå då Valleutstillinga var der 🥰 Ta gjerne turen opp. Det er ope kvar dag kl 10-16 fram til 2.august 😊

Eg er så heldig å vere ein av tre "ekslusivt" utvalde kunsthandverkarar som stillar ut på Tveitwtunet i sommar. 🥳 Sjølv ...
10/07/2026

Eg er så heldig å vere ein av tre "ekslusivt" utvalde kunsthandverkarar som stillar ut på Tveitwtunet i sommar. 🥳 Sjølv tenkjer eg på meg sjølv meir som tradisjonshandverkar, eller husflidshandverkar som det heitar i Noregs Husflidslag. Flott utstilling blir det uansett! Særleg når treskjerar Kirsti Tiedje og keramikar Ewald Assmann er med! 🤩 Og godt og varmt blir det på opninga 💪🪡😅

https://www.facebook.com/share/p/1ETvFUEu7J/

Fint med besøk 🦋
06/07/2026

Fint med besøk 🦋

Blei jo reine skrangleorkester på slutten 🫣😂 Lause trådar som gjer som dei vil må strammast opp 🫡 Fekk akkurat inn skytt...
01/07/2026

Blei jo reine skrangleorkester på slutten 🫣😂 Lause trådar som gjer som dei vil må strammast opp 🫡 Fekk akkurat inn skyttelen til siste innslaget. 😛 Så no blir det spennande å klyppe ned og sjå kva ein har vove eigentleg 😅

Adresse

Flateland Grendefelt 17
Valle
4747

Telefon

91363159

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Valle Vev legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Valle Vev:

Snarveier

Del

Museer i nærheten