Hardanger folkemuseum

Hardanger folkemuseum Hardanger folkemuseum er det regionalet folkemuseet i Hardanger. Me har faste og skiftande kunst- og

Maren Sofir Strømme har utstilling på Skredhaugen i sommar. Siste opningsdag er laurdag 15. august frå kl 15 - 18. Har d...
11/08/2026

Maren Sofir Strømme har utstilling på Skredhaugen i sommar. Siste opningsdag er laurdag 15. august frå kl 15 - 18. Har du ikkje sett utstillinga enno, er tida inne no!

Utstillinga Spor i tid av Maren Sofie Strømme står på Skredhaugen frå 21. juni til 15. august. Utstillinga er ope

Siste sjanse til å sjå den fine utstillinga til BEE Hardanger som står på skredhaugen i sommar! Utstillinga er ope på la...
11/08/2026

Siste sjanse til å sjå den fine utstillinga til BEE Hardanger som står på skredhaugen i sommar! Utstillinga er ope på laurdag 15. august frå kl 15 - 18. Ta turen innom Skredhaugen

Kunstnarkollektivet BEE Hardanger stiller ut på Skredhaugen i sommar, frå 21. juni til 15. august. Utstillinga er ope kvar laurdag

Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria ...
09/07/2026

Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.

Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.

Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.

Billettar kan du kjøpe her:
https://billett.hardangerogvossmuseum.no/Detaljer/EVENT/22

No er det sommar!Kvar tysdag, onsdag og fredag i juli har museet omvisingar (kl. 12.00 og 13.00) og konsertar (kl. 13.00...
01/07/2026

No er det sommar!
Kvar tysdag, onsdag og fredag i juli har museet omvisingar (kl. 12.00 og 13.00) og konsertar (kl. 13.00, 14.00 og 15.00) inkluderte i billettprisen. Kvar tysdag, til og med 11 august, blir det baka krotakaker i eldhuset (det er mogleg å bestille innan sundagen før, på tlf. 474 79 884 eller e-post [email protected]).
Museet og kafeen er opne kvar dag frå kl. 10.00 til 17.00 fram til 30. august. Med aktivitetar for store og små.
Sjå nettsida vår for meir informasjon.

I sommar har me faste bakstedagar. Kom og sjå korleis tradisjonelle krotakaker blir baka, smak på dei nysteikte kakene e...
01/07/2026

I sommar har me faste bakstedagar. Kom og sjå korleis tradisjonelle krotakaker blir baka, smak på dei nysteikte kakene eller kjøp med deg nokre heim. Kakene er populære så ver tidleg ute.

På heimesida vår har me samla oversikt over alle bakedagar.
Les meir: https://hardangerogvossmuseum.no/sommar-i-musea/

Her er det baking i sommar:
Hardanger folkemuseum
Agatunet
Voss Folkemuseum

✍️ Diktartavla 2026 til Inger Elisabeth HansenHaugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den briljante lyrikaren Ing...
30/06/2026

✍️ Diktartavla 2026 til Inger Elisabeth Hansen

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den briljante lyrikaren Inger Elisabeth Hansen med ein plass på Diktarstien.

✨ Prisutdelinga finn stad på Hardanger folkemuseum tysdag 18. august kl. 18.00.

​Diktarstien i Hardanger: Inger Elisabeth Hansen får Diktartavla 2026Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den briljante lyrikaren Inger Elisabeth Hansen med ein plass på Diktarstien. Prisutdelinga finn stad på Hardanger folkemuseum, Utne, tysdag 18. august kl. 18.00. 1/1Inger Elis...

AKTIVITETAR FOR BORNI sommar har vi laga eit nytt aktivitetshefte for born.Informasjon om konsertar, baking og omvisinga...
24/06/2026

AKTIVITETAR FOR BORN
I sommar har vi laga eit nytt aktivitetshefte for born.
Informasjon om konsertar, baking og omvisingar finn du på nettsida vår.
Museet og kafeen er ope kvar dag frå kl. 10–17 fram til 30. august.

KARVESKURD – SVIDEKOR – ROSEMÅLING Dei siste fire vekene har vi hatt nær 500 skuleelevar frå Hardanger på besøk. Dei har...
19/06/2026

KARVESKURD – SVIDEKOR – ROSEMÅLING
Dei siste fire vekene har vi hatt nær 500 skuleelevar frå Hardanger på besøk. Dei har fått prøva ulike dekorasjonsteknikkar, og lært meir om utstillinga Dekor på Tre. Det har vore veldig kjekt!
Utstillinga står framme ut 2026.

Adresse

Museumsvegen 36
Utne
5778

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 10:00 - 17:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 10:00 - 17:00
Søndag 10:00 - 17:00

Telefon

+4747479884

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardanger folkemuseum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Hardanger folkemuseum:

Snarveier

Del