15/09/2026
Biletkunstnaren og enkja etter Olav H. Hauge, Bodil Cappelen, døydde måndag 14. september, 96 år gamal.
Cappelen har vore ein sentral pådrivar for å fremja Olav H. Hauge sin forfattarskap både nasjonalt og internasjonalt. Ho var ein uvurderleg bidragsytar i etableringa av Haugesenteret som opna i 2014, og har gjeve museet eit rikt arkiv av bilete, brev, notat og bøker. Ho arbeidde også med å få omsett Hauge til ei rekkje språk, mellom anna svensk, tysk og engelsk.
Etter Hauge sin død i 1994 var Cappelen oppteken av å la den litterære arven etter Hauge koma det offentlege til gode, og jobba vidare med å spreia Hauge si dikting.
I dag går vår varmaste medkjensle til Bodil sin familie, slekt og nære vener 🤍
TEPPET
Vev meg eit teppe, Bodil,
vev det av syner og draumar,
vev det av vind –
Slik at eg, som beduinen, kan
breida det ut når eg bed,
sveipa det um meg
når eg søv,
og kvar morgon ropa:
Bord duka er!
Vev det til
ei kappe
i kulden
til eit segl
på min båt!
– Ein dag skal eg setja meg på teppet
og sigla burt på det
til ei onnor verd.
Olav H. Hauge
Foto: Arkiv Haugesenteret