Tresfjord Museum

Tresfjord Museum Eit museum for heile Vestnes kommune. Ein stad å oppleve lokal og nasjonal kulturhistorie. Stifta 21. mars 1943. Tresfjord Museum ble skipa 21.mars 1943. Sylte

Det ble holdt formelt møte på Tresheim, og Agnar Skeidsvoll var møteleder. Vedtekter (lov) ble samrøysta godkjent, og det første styret valgt. Styret bestod av :
Styreleder - Agnar Skeidsvoll
Styremedlem - Ingeborg K. Daugstad
Styremedlem - L.P. Nerheim
Styremedlem - Peter J. Rypdal
Styremedlem - Paul Bjermeland

Tilsynsnemd - Bella Wiig
Tilsynsnemd - Knut R. Nerheim
Tilsynsnemd - Lars Festøy

Ettersynsmann - Knut O.

18/05/2026

Tresfjord kulturveg handlar om mykje meir enn rydding av ein gammal veg 😊

Etter gjenoppstarten har vi arbeidd vidare langs fleire spor samtidig, og prosjektet begynner no å ta form både som kulturveg, møteplass og lokalhistorisk prosjekt.

Vi arbeider hovudsakleg innanfor tre hovudspor:

🛠️ 1. Dugnad og praktisk arbeid
Rydding, drenering, grusing og restaurering av gamlevegen – steg for steg. Målet er å gjere traseen trygg og tilgjengeleg igjen.

🏛️ 2. Offentleg støtte og samarbeid
Dialog med kommune, fylke, Statens vegvesen og aktuelle støtteordningar for å få på plass langsiktige løysingar og vidare utvikling av prosjektet.

🤝 3. Sponsorar og næringsliv
Vi ønskjer også samarbeid med lokale bedrifter og støttespelarar som kan bidra til delprosjekt, materiell eller vidare utvikling av kulturvegen.

Samtidig arbeider vi no meir aktivt med å samle og formidle historia langs fjorden. Langs denne gamle ferdselsvegen finst det mange spennande forteljingar, stadnamn og kulturminne.

Framover vil vi derfor dele små historier og glimt frå kulturvegen — mange av dei tenkt brukt på framtidige informasjonstavler langs vegen 😊

Eit av dei første kulturminna vi ønskjer å løfte fram er Vortesteinen. Teksten er skriven av Einar Baltzersen:

Vortesteinen
Denne steinen var i tidlegare tider kjent for å bli besøkt av folk som var plaga av vorter på hendene.

Gropa midt på steinen er neste alltid fylt med stilleståande regnvatn. I denne gropa samlar det seg lauv frå trea om kring; osp, ore, bjørk og barnåler frå furu og gran.

Om ein vaska hendene i denne gjørma i nokre minutt, så ville vortene forsvinne etter berre to til tre veker. Dette fenomenet er ikkje vitskapleg dokumentert, det er berre eit av mange andre gode folkemedisinske kjerringråd. Det er opp igjennom tidene vore fleire som har fortald om at dei hadde stor glede av dette kjerringrådet.

Vortesteinar finst også i andre bygder, mellom anna på Homlong i Geiranger.

I boka Smaafortellinger og Sagn, Skriv Ivar Brovold(1823-1910), kyrkjetenar, kyrkjesongar, ordførar, bonde og forfattar følgande;
«Dette er en stor tærningdannet sten, som ligger tæt ved alfarveien paa Fagervigs indmark. Den er mærkelig derved, at det dens overflade er udhulning som et firkantet traug og som antagelig rummer en bøtte vand. Om dette har man sagt, at den som har vorter på hænderne og vadsker sig deri, bliver fri vorterne. Heraf har stenen faaet sitt navn».

Det skjer mykje spennande både med dugnadsarbeidet og det kulturhistoriske arbeidet no, så følg gjerne sida til Tresfjord kulturveg vidare 😊

03/05/2026

Vi markerer frigjerings- og veterandagen 8. mai og ønskjer alle velkomne til markering!

📍 Kl. 17.00 – Minnemarkering ved bautaen ved Vestnes kyrkje
🔹 Appell ved Ove Lungård, KFOR-veteran og områdesersjant i HV
🔹 Kransenedlegging
🔹 Musikkinnslag ved elevar frå Vestnes kulturskule

📍 Kl. 17.30 – Vestnes bibliotek
🔹 Innleiing ved biblioteksjef Vigdis Ødegård
🔹 Velkomsthelsing ved ordførar Randi Bergundhaugen
🔹 Foredrag: «Andre verdskrigen i Romsdal og Vestnes» ved Morten Øveraas
🔹 Fotoutstilling
🔹 Filmvising: «Stemmen fra London»
🔹 Sosialt samvær med kaffi og kaker

Velkommen!
28/04/2026

Velkommen!

Selger kalender på julemessa i dag!!
29/11/2025

Selger kalender på julemessa i dag!!

https://www.facebook.com/share/p/17zG2NwSEC/?mibextid=wwXIfr
20/11/2025

https://www.facebook.com/share/p/17zG2NwSEC/?mibextid=wwXIfr

Boka er ferdigtrykt og framme på Vestnes, og skriftstyret nytta tirsdagskvelden til pakking og sortering. Det viktigaste skulle altså vere på plass til Lansering av Årsskrift 2025! på Vestnes bibliotek i morgon klokka 19!

19/11/2025

Adresse

Øvstedalsvegen 89
Tresfjord
6391

Telefon

+4797598064

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tresfjord Museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Tresfjord Museum:

Del