21/03/2026
Isbrear – ein trua naturtype ❄️⚠️
I dag, laurdag 21. mars er Den internasjonale bredagen (FN) 🌎 Visste du at ein isbre er ein naturtype?
Isbrear er både ein levestad og ei landskapsform, og har fått sin plass i det norske systemet som skildrar og kartlegg «Natur i Norge» (NiN) under hovudtypen |1 Snø- og isdekt fastmark.
Det kjølige miljøet tiltrekkjer seg m.a. fuglar og pattedyr som er tilpassa dette særeigne klimaet på is og snø. Her finn dei mat, drikkevatn, lindring for insekt og varme. Mange artar er avhengige av isen for å overleve.
Temperaturendringar og ustabile vintrar gjer at isbrear smeltar og er i ferd med å gå tapt.
Isbreane er no ein trua naturtype, og er på den Norske raudlista for naturtypar 2025 (Artsdatabanken).
På bilde: Gullmorbreen i Sykkylven sommaren 2021 - ein av mange isbrear som har smelta mykje dei siste åra.
📸 Oline Vatne
Les meir om breane 2025 👇
Rekordmye snø på Svartisen i Nord-Norge, men brefrontene fortsetter å smelte tilbake i hele landet - NVE