Museumsparken på Auremarka

Ring Veibeskrivelse

Museumsparken på Auremarka Offentlig Facebook-side for Museumsparken på Auremarka Gruppa består av personar som deler ei interesse for lokalhistorie, arkeologi og kulturvern.

Bronsealderhuset i Sykkylven er ein fascinerande rekonstruksjon av eit hus frå bronsealderen, som gir eit unikt innblikk i korleis livet kan ha vore i Noreg for over 3000 år sidan. Huset, som ligg i Sykkylven kommune på Sunnmøre, vart bygd som ein del av eit lokalt kulturprosjekt for å bevare og formidle området si forhistorie. Huset er bygd med tradisjonelle teknikkar og materialar, og det gir besøkande ei autentisk oppleving av bronsealderen si arkitektur og byggeskikk. Huset er utforma slik ein trur husa på denne tida var, med enkle konstruksjonar, torvtak, og ein sentral eldstad. Dette gir eit innblikk i korleis menneska i bronsealderen levde, med jordbruk som sentral aktivitet, og korleis dei samhandla med naturen og landskapet rundt seg. Vennegruppa Aura-Påls vener er ei engasjert lokalgruppe i Sykkylven som har ein spesiell tilknyting til Bronsealderhuset. Namnet deira refererer til "Aura-Pål", som er ein figur frå lokal sagn som har røter i Sykkylven si historie. Aura-Påls vener har spelt ei viktig rolle i å ta vare på og promotere Bronsealderhuset. Dei arrangerer omvisingar, temadagar og andre aktivitetar som hjelper både lokalbefolkninga og besøkande med å lære om og oppleve bronsealderen. Gruppa fungerer også som eit sosialt fellesskap for dei som ønskjer å engasjere seg i bevaringa av lokalsamfunnet si kulturelle arv, og dei samarbeider ofte med skular og andre organisasjonar for å auke medvitet om regionen si forhistorie. Gjennom sitt arbeid sørgjer Aura-Påls vener for at kunnskapen om bronsealderen vert halden levande, og at Bronsealderhuset i Sykkylven held fram med å vere eit verdifullt kulturelt tilbod i kommunen.

For fyrste gong sidan 1991 er nøyaktige stolpehol frå den mektige Gildehallen på Auremarka avmerka med markeringspinner....
18/09/2026

For fyrste gong sidan 1991 er nøyaktige stolpehol frå den mektige Gildehallen på Auremarka avmerka med markeringspinner. Det fylkesarkiolog Bjørn Ringstad gravde fram er av dei største husa som er funne tufter av frå denne tida i Norge. No skal vi starte arbeidet med å montere eikestabber på heller for å markere og vise vår historie til neste generasjoner. Markørane viser midtrekka av det som var den berande takkonstruksjonen. Huset var 3 skipa.
Stor takk til Per Magne. 🙏🙏👏

( Et treskipet hus (eller treskipet langhus) er en forhistorisk bygningstype der det innvendige rommet er delt inn i tre parallelle skip – et midtskip og to sideskip. Denne inndelingen oppstår fordi taket bæres av to parallelle rader med innvendige, jordgravde stolper (staver) i stedet for ytterveggene)

Takk for besøket til alle som var innom oss i dag på Auremarka. Det vart full rulle inne og ute med stort besøk av mange...
12/09/2026

Takk for besøket til alle som var innom oss i dag på Auremarka.
Det vart full rulle inne og ute med stort besøk av mange små. Grilling av pølser i grua og spennande med bål.
På skytebana ble det varierande treffsikkerheit. Nokon traff, medan andre piler tok ei meir kreativ rute ut i naturen. Men Robin Hood har fått skarp konkurranse.😉
Vår hedersmann Eldar feira også sin 70 års dag i dag. Èi ildsjel som alltid stiller på med eit lunt smil og godt humør. Gratulerer🙏

Velkomen til Auremarka og Bronsealderhuset i morgon under Barnas dag! Eit samarbeid med Sykkylven Handelsforening, Spare...
11/09/2026

Velkomen til Auremarka og Bronsealderhuset i morgon under Barnas dag!
Eit samarbeid med Sykkylven Handelsforening, Sparebanken Møre og Sykkylven Brannkasse. Vi fyrer opp i grua og serverer gratis pølser med brød eller lompe, og saft. Vi har også med kyllingpølser til dei som foretrekker det. Ute kan du også prøve pil og boge og felle villsvin.
Velkomen til alle! 😀🌭🌭🏹

Ny ykt frå fagfolka våre. 🙏💪👏Ingen ting blir til utan slike🙏👍
04/09/2026

Ny ykt frå fagfolka våre. 🙏💪👏
Ingen ting blir til utan slike🙏👍

I kveld har vi barka første eikestokken til Auremarka, og høvla for å kome inn på altreet. Tidlegare har Tor Lennart og ...
24/08/2026

I kveld har vi barka første eikestokken til Auremarka, og høvla for å kome inn på altreet.
Tidlegare har Tor Lennart og Ole Erling bora hol og testa den nedfelte lyskilden. Første ferdige stabben av totalt 20 stk som vil markere den store Gildehallen. 👍🙏 😉

Eikestabbar gjerast klar til forsendelse for å markere røysverket til Gildehallen. Tor Lennart, vår byggesjef har kontak...
29/06/2026

Eikestabbar gjerast klar til forsendelse for å markere røysverket til Gildehallen.
Tor Lennart, vår byggesjef har kontakter over heile landet på det meste.
Om eik blei brukt til å bygge Gildehallen veit vi ikkje. Men, eik vokste på Sunnmøre under vikingtida. Sunnmøre og Nordmøre markerer omtrent den naturlige nordgrensa for eikevekst. Eika vokste vilt langs kysten opp til Nordmøre..
Kvalsundskipet frå Herøy, som er datert til ca. år 780–800 hadde skrog bygd i eik. Fjørtoftbåten, klinkbygd båt datert til ca. år 700–860 hadde også delvis skrog bygd av eik. Dette er omtrent same tida som Gildehallen blei bygd, mellom 550- 700 tallet. Båtbygging i Bjørkedalen strekker seg heilt tilbake til jernalderen og vikingtida, der lokal skog som eik og furu blei brukt. Det er ikkje små dimensjonar som blei brukt til Gildehallen, røysverk i størrelse mellom 40- 90 cm i diameter.

Full aktivitet i museumsparken på Auremarka på den siste av Sykkylvsdagane. Her var det skyting med pilar og boge mot ei...
14/06/2026

Full aktivitet i museumsparken på Auremarka på den siste av Sykkylvsdagane. Her var det skyting med pilar og boge mot ein villsvinfigur, karding av ull, tinnstøyping, lærpose-produksjon, fisk- og pølsegrilling. Men den mest populære aktiviteten for borna var nok slåssing mot vikingar med (nesten) ekte sverd og skjold.
Mykje å lære, mykje å gjere!

I dag har Tor Lennart og eg vore på besøk hos Karl Skotte for å ta ut første emna til stabber på Auremarka. Altre på 40-...
19/05/2026

I dag har Tor Lennart og eg vore på besøk hos Karl Skotte for å ta ut første emna til stabber på Auremarka. Altre på 40-50 cm er ikkje kvardagstømmer lengre, etter at Nederlendarane tok ut store mengder tre frå Norge fra 1500- til 1800-tallet. Nederland var i sterk vekst, men mangla eigen skog. Dei trengte enorme mengder tømmer til skipsbygging, boliger og til å bygge dikene som holdt havet ute. Løysinga blei å hente det frå Norge. Det seies at Amsterdam blei bygd på norske furustokker. Under det berømte rådhuset på Dam-plassen står det for eksempel over 13 000 tømmerstokker fra Norge.
Den største stokken avbilda her er over 200 år gamal, med èin al på ca 40 cm. Det vitner om massive tre som blei brukt under bygginga av Gildehallen som kanskje hadde altre på over 50 cm i diameter.

15/05/2026

I dag har vi hatt besøk av Flyktningtenesta i Sykkylven som arrangerte fin familiedag på Auremarka. Litt historie blei det også tid til, og ekstra kjekt å fortelle Ukrainere om dei nære bånda landa våre har hatt gjennom våre vikingkonger. Ellisiv av Kyiv (ca. 1025–1067) var prinsesse fra Kyiv-riket som ble dronning av Norge gjennom sitt ekteskap med Harald Hardråde. Ho var dotter av storfyrst Jaroslav I av Kyiv og Ingegjerd Olofsdotter, frå Sverige. Så når Norge starta sin operasjon for å bistå Ukraina mot Russland, så fekk den navnet Operasjon Ellisiv. Den andre norske kongen som gifta seg med ei kvinne frå Kiev var Sigurd 1 Jorsalfare, som gifta seg med Malmfrid, datter av Mstislav 1 av Kiev, Cecilia. Søstrene til Ellisiv blei dronninger i Ungarn og Frankrike.

Adresse

Skulevegen
Sykkylven
6230

Telefon

95931394

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Museumsparken på Auremarka legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori

Museer i nærheten