Bøfjorden Historielag

Bøfjorden Historielag Stifta i 1995 med mål "å ta vare på og gjera levande" lokal kultur og historie.

Laget eig og driv kyrkjebåten Hjelmkonnå og Bøfjorden Sjøbruksmuseum (ope kl. 13-17 kvar søndag frå juni til september, med utstillingar, kaffesalg og Dagens Tema).

Sia 2012 har «Gamle Nordmør» vore kjært lokalt lesestoff ved juletider. No har Bøfjorden Historielag 2025-utgåva av årbo...
18/11/2025

Sia 2012 har «Gamle Nordmør» vore kjært lokalt lesestoff ved juletider. No har Bøfjorden Historielag 2025-utgåva av årboka klar.

Styret med Bernt Bøe i spissen fortel at ein i år har henta stoff frå Sunndalen, Kristiansund, Halsa, Aure – og endatil Ishavet – utanom lagets nærområde. - Vi har historie og kultur frå heile Nordmøre i tankane.

«Gamle Nordmør 2025» er rikt illustrert – med heile 250 foto. Boka er straks å få i bokhandlar og nærbutikkar - og kan kjøpast hos Bøfjorden Historielag.

Du kan lese meir om årets utgåve på Trollheimsporten.no.

I påvente av årboka «Gamle Nordmør» har historielaget fornya og delvis utvida dialektsamlinga «Teft og tykkje» og folkem...
28/10/2025

I påvente av årboka «Gamle Nordmør» har historielaget fornya og delvis utvida dialektsamlinga «Teft og tykkje» og folkeminneheftet «På eventyrvis».

2025-utgåva av «Teft og tykkje» med sine 2300 ord og uttrykk frå nordmørsbygdene kom i september og er alt presentert i lokale media.

«På eventyrvis» med sine 70 sider viser ei for somme ukjend side av folkelivet på Nordmøre. Kanskje visste du ikkje at det florerer så mykje eventyr, segner, overtru, ordtak og regler frå Bøfjorden, Todalen, Halsa, Tingvoll, Sunndalen og Surnadalen?

18/10/2025

Todalen sokneråd stod som arrangør, saman med Prosjekt 17-koret, da det vart markert at nynorsk salmebok i år kan feire 100-årsjubileum. Todalen kyrkje var den første kyrkja her i området som tok …

04/10/2025
Historielaget oppfordrar publikum til å delta med eigne utstillingar eller andre salgsvarer under hobbydagen på museet k...
05/09/2025

Historielaget oppfordrar publikum til å delta med eigne utstillingar eller andre salgsvarer under hobbydagen på museet komande søndag! 😀☕️🍰 Du kan lese meir om programmet på www.bofjorden.net.

Stordag på museet komande søndag! Det blir hobbymesse, tangomusikk av gruppa "Hjemmelaget" og utstilling av måleri ved E...
03/09/2025

Stordag på museet komande søndag! Det blir hobbymesse, tangomusikk av gruppa "Hjemmelaget" og utstilling av måleri ved Edvard Otnes.

Hobbydagen er kvart år eit fellesprosjekt. Bøfjorden Historielag oppfordrar alle til å kome med sine samlingar og produkt!

Vi blir også glad for fleire gevinstar til basarbordet.

Alle er velkomne!

Søndag 17. august på Museet i Bøfjorden: Ope 13-17. Tema BUSS kl. 15! Ypperleg til ettermiddagskaffen! ☕️🍰
14/08/2025

Søndag 17. august på Museet i Bøfjorden: Ope 13-17. Tema BUSS kl. 15! Ypperleg til ettermiddagskaffen! ☕️🍰

Velkommen til Bøfjorden Sjøbruksmuseum! Kaffen er koka og temaet er klart 😊🌻🌺
10/08/2025

Velkommen til Bøfjorden Sjøbruksmuseum! Kaffen er koka og temaet er klart 😊🌻🌺

Eit dagens alternativ: Variert temadag med kaffe og innevarme på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Dørene opnar kl. 13 - Tema kl...
10/08/2025

Eit dagens alternativ: Variert temadag med kaffe og innevarme på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Dørene opnar kl. 13 - Tema kl. 15. ☕️🍰

Adresse

Nordstrandsvegen
Surnadal
6643

Åpningstider

13:00 - 17:00

Telefon

+4799710357

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bøfjorden Historielag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Bøfjorden Historielag:

Del