02/02/2026
Kvitabui er kåra til Smaken av Sogn – Årets mat- og drikkeoppleving!
Under årets Sognafest vart Kvitabui kåra til Årets mat- og drikkeoppleving! Me er utruleg takksame for prisen, og dette gjev oss motivasjon til å utvikle konseptet vidare 😄
Takk til dei som har nominert oss, bygda Solvorn og naboane i Solvornstrondi som har teke oss godt imot, samarbeidspartnarar og sist, men ikkje minst, alle dei flinke medarbeidarane våre som har stått på kvar sommar for å kunne levere eit produkt og eit konsept me kan vere stolte av 😊
Me sjåast i sommar, dørene opnar i juni! 🦐 🦞 🦀