22/01/2026
Dugnadsfest! 🎉
I går var det tid for å takka dei gode hjelparane i Jærmuseet for det viktige arbeidet dei gjorde i 2025 med dugnadsfest på Flyhistorisk Museum Sola.
Hjelparane representerer ei rekke ulike lag og organisasjonar og entusiastiske enkeltpersonar frå heile regionen. Dei bidreg på publikumsarrangement, i undervisning, i samlings- og dokumentasjonsarbeid – og ikkje minst i restaurerings- og vedlikehaldsarbeid.
Etter eit godt måltid, var det tid for ein runde i utstillingshallane på Flymuseet, der venneforeininga fortalde om samlingane og arbeidet sitt.
Tusen takk til alle som kom – og for den store innsatsen de legg ned for Jærmuseet!