Museumssenteret i Hordaland

Museumssenteret i Hordaland Kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv
bevaring, forsking, undervisning & formidling.

Våre avdelingar: Tekstilindustrimuseet, Havrå, Osterøy Museum, Lyngheisenteret, Vestnorsk Utvandringssenter og Bevaringstenestene. Stiftinga Museumssenteret i Hordaland
Museumssenteret i Hordaland er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og by

gningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.

09/06/2026
Velkomen til opning av utstillinga "Stille klang av samspel" av Vigdis Valde i morgon kl. 12 på Osterøy Museum. Utstilli...
05/06/2026

Velkomen til opning av utstillinga "Stille klang av samspel" av Vigdis Valde i morgon kl. 12 på Osterøy Museum.

Utstillinga syner ei utforsking av kva trådar og viklingar som skapar seg saman når sprang møter spinning av ulik lokal ull.

Vigdis Valde (f. 1971) er lærar, formidlar og kunsthandverkar. Ho har arbeida med lokal ull i variable kvalitetar frå dei eldre sauerasane sidan starten på 2000-talet. Det har utvikla seg til ein sentral del av handverket og kunstnarskapet. Ho spinn trådar og utforskar det tett samanvevde og finstemte samspelet i naturen; landskapet og materiala, som eit større "oss".

Ingen planar for helga? Ta ein tur til Lyngheisenteret, Vestnorsk Utvandringssenter eller Tekstilindustrimuseet. Opnings...
29/05/2026

Ingen planar for helga? Ta ein tur til Lyngheisenteret, Vestnorsk Utvandringssenter eller Tekstilindustrimuseet.

Opningstider i helga:
💜Lyngheisenteret er ope søndag frå 12-17
💙Vestnorsk Utvandringssenter er ope søndag frå 11 til 15
💛Tekstilindsutrimuseet er ope laurdag og søndag frå 12-17

Velkomen til eit innhaldsrikt museumsbesøk hos oss!

Familiesøndag med aktivitetar  31.mai kl 12 - 14, gratis!Infobygget og Matstova er ope frå  kl 12 til  kl. 17 Dagensrett...
29/05/2026

Familiesøndag med aktivitetar 31.mai kl 12 - 14, gratis!
Infobygget og Matstova er ope frå kl 12 til kl. 17
Dagensrett i Matstova er Oksegryte med potet og salat kr. 370
( med lokal kjøtt frå Lygra.)
Varmmat frem til kl. 16.30.
Mange lam er komen og mange fulgar hekkar på Lygra.
Vi ber publikum ta omsyn til dette og halda seg til dei fine turstiane i området.
Stolpejakten ligg ute i området vårt .
Utstilling : Sirkulær Nordhordland
Film & Utstillinga Det stig av hav
Velkommen !

Det skjer mykje spennande i MUHO framover! Her er berre noko av det som skjer dei neste vekene. Sjå alt som skjer i MUHO...
26/05/2026

Det skjer mykje spennande i MUHO framover! Her er berre noko av det som skjer dei neste vekene.

Sjå alt som skjer i MUHO her: https://muho.no/arrangement

Vil du få det beste frå Museumssenteret i Hordaland – først av alle?Meld deg på nyheitsbrevet vårt!Som abonnent på nyhei...
23/05/2026

Vil du få det beste frå Museumssenteret i Hordaland – først av alle?
Meld deg på nyheitsbrevet vårt!

Som abonnent på nyheitsbrevet får du:
- Informasjon om nye utstillingar og utstillingsopningar
- Først til å finne ut om kurs og workshops
- Oppdateringar om omvisingar og arrangement
- Gode tilbod i nettbutikken vår

Meld deg på nyheitsbrevet her: https://pub.dialogapi.no/s/MjM2OTg6MDA5YzM2MmMtZWE5My00ZWIwLWExNjgtMzA4MzJhYTcxZDZj

Visste du at Lyngheisenteret er det einaste besøkssenteret i Europa der autentiske lyngheier blir drivne av lokale bønde...
21/05/2026

Visste du at Lyngheisenteret er det einaste besøkssenteret i Europa der autentiske lyngheier blir drivne av lokale bønder – og samtidig er tilrettelagde for publikum?

Lyngheisenteret er eit nasjonalt og internasjonalt kunnskapssenter som tek vare på det unike lyngheilandskapet gjennom aktiv drift. Her får du oppleve levande kulturhistorie, lære om gamle tradisjonar – og ikkje minst nyte naturen.

Du kan vandre på tilrettelagde stiar i det opne landskapet, utforsk utstillingane våre, ta ein matbit i Matstova eller legg turen innom museumsbutikken for lokale varer.

Opningstider:
Onsdag–fredag kl. 11.00–15.30
Søndag kl. 12.00–17.00

Velkomen!

Velkomen til ei stemningsfull musikkstund der tonar og forteljingarmøtest. I programmet “Tryllefløyta” tek vi publikum m...
20/05/2026

Velkomen til ei stemningsfull musikkstund der tonar og forteljingar
møtest. I programmet “Tryllefløyta” tek vi publikum med på ei reise inn i segner, folketru og minne frå Nordhordland –forteljingar mange vil kjenna att frå eigen oppvekst, eller frå tufter og landskap vi alle har eit forhold til.
Tekstar frå Kjersti Isdal si bok “Segner frå Nordhordland,” vert vevde saman med velkjende melodiar frå den klassiske musikktradisjonen og moderne klangar, til dømes av komponisten Torstein Aagaard-Nilsen frå vårt eige område.
Her er rom for både alvor og humor – og for å minnast, kjenna att og berre lytta.
Om musikarane
Amalie Duesund, fløyte er fløytist frå Alversund med klassisk utdanning frå Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole. Ho har brei konsert- og orkestererfaring.
Rune Alver, pianist er frå Alversund og har ei lang og rik kunstnarleg karriere. Han har gjeve ut ei rekkje CD-ar og har ein brei konsertaktivitet.
24.mai 1.Pinsedag kl 13.00
Billettar kr 250 på Ticketco
eller Vipps 980 17 270 / kontant i døra
Unge under 18 år gratis
https://runealver.ticketco.events/no/nb/e/mytar
Velkommen !

Det er forsatt nokre ledige plassar til sildekveldane tirsdag 19. og  onsdag 20. mai !  Påmelding, kontakt oss på tlf. 5...
18/05/2026

Det er forsatt nokre ledige plassar til sildekveldane tirsdag 19. og onsdag 20. mai ! Påmelding, kontakt oss på tlf. 56356410 / 95158756, e-post [email protected]
Velkommen til sildebord, sidersmaking, kaffe og dessert.
Tirsdag 19. og onsdag 20. mai kan du koma å smake på alle dei ulike rettane kjøkkensjef, Kjersti Linn, steller i stand av denne flotte og kortreiste delikatessa.
Her får du alt frå spekesild til kryddersild, nubbesild, bøkling, sursild, tomatsild og diverse sildesalater mm.
Skøssen gard og sideri vert med og fortel om epledyrking, saft- og siderproduksjon.
Tilslutt vert det kaffi og dessert.
Pris kr. 600,- pr. person for sildebord, kaffi og dessert.
For påmelding, kontakt oss på tlf. 56356410 / 95158756
e-post [email protected]
Husk å sei/ skriv om det er 19. eller 20. mai du vil melde deg på!
Velkommen til ein Eplekjekk Sildekveld 🙂
www.lyngheisenteret.no

Adresse

Salhusvegen 201
Salhus
5107

Telefon

+4755251080

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Museumssenteret i Hordaland legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Museumssenteret i Hordaland:

Del

Type