09/11/2023
I dag har vi sendt brev til kommunestyre-representanter om husets tilstand og vårt syn på kulturpolitikken i Kvinneherad. Del gjerne hvis dere er enige! :)
Kulturpolitikk til å vera flau av ...
Guddalshuset - Kunstverkstaden i Rosendal - eit verneverdig hus med 5 utleidde verkstader står til forfall. Og har gjort det lenge. Administrasjonen i Kvinnherad kommune er klinkande klare på at det heller ikkje i år er avsett midlar til heilt nødvendig vedlikehald. Dette har det vore protestert på tidlegare.
Har kommunen som strategi å la huset forfalla slik at det vert lettare å få gjennomslag for å selja? Denne vakre gamle sveitservillaen frå 1906. Med høgt under taket, med ljose rom, midt i turistløypa i Rosendal sentrum. Ein fantastisk arbeidsstad for 5 menneskje som veit å setja pris på huset. Folk flest har vel no fått med seg at det som sel best og som skårar høgast hos turistar er kulturstader. Og ikkje minst levande kultur. Guddalshuset har verkstader, utstillingar både eksterne og interne som kan besøkast gratis i sommarhalvåret. Intimkonsertar, filmvisningar og forfattarkveldar elles i året. Vi hadde særs høge besøkstal i sommar.
Men her handlar det om noko meir enn Guddalshusets sin rotne dørstokk på oppsida, og vindauge som blafrar i vinden.
Har politikarane i Kvinnherad ein kulturpolitikk?
Kor er vyene og tankane om korleis vi vil skjøtta kulturen? Og korleis kan det gå an utan eit budsjett?
Vi har alle fått med oss at kulturkontoret dei siste åra ikkje har vore noke kontor, men kun ein person – og no ingen. Kor er tankane og ressursane som gjer at kulturinstitusjonane ikkje ramlar saman?
Vi ønskjer oss tilbake til eit ordentleg kulturkontor med ansatte og budsjett. Alle hugsar vi Kristian Bringedal og hans to kulturmedarbeidarar på eit Kulturkontor som var særs aktivt. Vi treng eit kulturkontor som kan løfta fram og støtta kulturinstitusjonane. Ikkje gløym at kultur også er ei næring, som ikkje berre skal marknadsføra kommunen, men som og handlar om liv og arbeidsplassar.
Har kommunen ein vedlikehaldspolitikk?
Vi veit at Guddalshuset slett ikkje er det einaste bygnaden som står til forfall. Men ein kommune som har råd til å byggje Kvinnherad Arena, og drifte det etterpå, må nå vel har råd til vedlikehald av sine eigne verneverdige bygg?
I dag er det varme og liv i huset, det er ein kulturstad vi bør ta vare på. Vi utfordrar alle parti til å ta en dugnad for kulturen.
Med varm helsing,
Leigetakarar og Guddalshusets vener