LinaLyng ART

LinaLyng ART Norwegian artist. http://linalyng.no Color matters! Acrylic paintings and giclee-prints. Instagram / twitter:

Eg malar det eg ikkje heilt forstår her i livet. Og det eg forstår malar eg til det ikkje er så sjølvsagt lenger.

28/05/2026
Kom innom galleriet på 17. mai og sjå min nye, vakre utsikt og få kaffi og kake🇳🇴
15/05/2026

Kom innom galleriet på 17. mai og sjå min nye, vakre utsikt og få kaffi og kake🇳🇴

I dag er galleriet utleigd til konfirmasjon for første gong. Eg syns det kler å vera selskapslokale! Og med nye vindu me...
02/05/2026

I dag er galleriet utleigd til konfirmasjon for første gong. Eg syns det kler å vera selskapslokale! Og med nye vindu med utsikt over fjorden vil det jo bli enno betre.

KAN BILDENE MINE FÅ KOMA PÅ FERIEOPPHALD HOS DEG? No skjer det! Endeleg blir det store vindu ut mot fjorden og fonna i g...
26/04/2026

KAN BILDENE MINE FÅ KOMA PÅ FERIEOPPHALD HOS DEG?
No skjer det! Endeleg blir det store vindu ut mot fjorden og fonna i galleriet! Galleriet blir difor stengt ei lita stund og då tenkte eg på at kanskje nokon hadde syns det var kjekt å prøva korleis det er å ha eit av bildene mine på veggen ei veke og to? Dersom du ynskjer det, gjer du meg samstundes ei teneste! Du kan få ha eitt eller fleire bilde heime på veggen din på lån medan oppussinga føregår. Kom evt og hent i galleriet neste søndag (3. mai) og lever det tilbake igjen før 17. mai! Send meg ei melding dersom du er interessert!

POP-UP KAFÉ I GALLERIET PÅ LAURDAG OGSÅ!Det var såå kjekt at fotballjentene laga kafe i galleriet på onsdag! Snakk om dy...
03/04/2026

POP-UP KAFÉ I GALLERIET PÅ LAURDAG OGSÅ!

Det var såå kjekt at fotballjentene laga kafe i galleriet på onsdag! Snakk om dyktige, unge damer🤩 Takk til alle som om innom!Me gjentek suksessen med dugnadskafé på lørdag / påskeafta, J-2011 samlar inn pengar for å reisa på dana-cup til sommaren. Kom og nyt herlege kaker og kunst i det koselige galleriet mitt frå kl 11!

Velkommen til POP UP dugnadskafé i LinaLyng galleri Fotballjentene Norheimsund J2010 lagar til pop-up-kafé i LinaLyng ga...
31/03/2026

Velkommen til POP UP dugnadskafé i LinaLyng galleri

Fotballjentene Norheimsund J2010 lagar til pop-up-kafé i LinaLyng galleri onsdag 1. april frå kl 11. Det blir salg av heimebakte kaker og rykande ferske bollar og vafler og kaffi/saft. Laget skal bruka inntekta til å koma seg på dana-cup til sommaren.
Hjarteleg velkommen til Grova 20 i Norheimsund!

«SKIPLANETEN» DET LÅG IKKJE I KORTAHer om dagen fekk eg følgjande melding frå ei ungdomsvenninne som hadde sett at eg ha...
23/02/2026

«SKIPLANETEN»

DET LÅG IKKJE I KORTA
Her om dagen fekk eg følgjande melding frå ei ungdomsvenninne som hadde sett at eg hadde lagt ut bilde frå ein skitur på ein story «No offence, men at du skulle bli ei randodame låg verkeleg ikkje i korta» For dei uinnvidde: «randodame» betyr ei dame som går på toppturar med såkalla randonéski. Eg lo veldig av den meldinga og blei både stolt og glad. Tenk, eit vitne som bekreftar kor lang skireisa mi har vore!

No sit eg her nøgd med ein kaffikopp etter årets første «opp bak huset-skitur» Endeleg fekk me så masse snø at det går an å spenna på seg skia rett utanfor huset og berre gå oppover i skogen! Det er verkeleg noko av det beste eg veit.

For eg har verkeleg lært meg å elska det. På min eigen, pinglete, pysete og klønete måte, har eg blitt ei skidame! Ein dag skal eg dela den prosessen det har vore i meir praktiske detaljar. For eg ynskjer verkeleg å smitta fleire som unngår ski fordi dei føler seg utrygge og dårlige med den gleda eg har funne. Men no nøyer eg meg med å ynskja alle som har vinterferie god vinterferie. Viss du har snø må du hugsa å nyta den - på DIN måte! Beste helsing både pysete og lukkeleg skidame

På grunn av sjukdom, blir det litt kortare trefftid på galleriet i dag torsdag 5. februar. Men du finn meg der 15-17😊
05/02/2026

På grunn av sjukdom, blir det litt kortare trefftid på galleriet i dag torsdag 5. februar. Men du finn meg der 15-17😊

Adresse

Grova 20
Norheimsund
5600

Åpningstider

Mandag 09:00 - 16:30
Tirsdag 09:00 - 16:30
Onsdag 09:00 - 16:30
Torsdag 09:00 - 19:00
Fredag 09:00 - 16:30
Lørdag 10:00 - 15:00

Telefon

+47 92819528

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når LinaLyng ART legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til LinaLyng ART:

Del