Hallingdal Museum

Hallingdal Museum Gjennom unike og levende historiske miljøer formidles Hallingdals kulturarv

Hallingdal Museum består av seks avdelinger i fem kommuner; Hallingdal Museum Nesbyen, Gol Bygdemuseum, Hemsedal Bygdatun, Ål Bygdamuseum, Hol Bygdemuseum og Dagali Museum. Opningstider & billettprisar 2026

Vaksne: 120 NOK
Barn (5-17 år), studentar og pensjonistar: 80 NOK
Med ein billett kan du besøke alle musea i løpet av 6 dagar i sommarsesongen

Sommarope frå 01.06.-15.08. Museet på Nesbyen er

ope
Torsdagar 10:00-15:00


Opening hours and entrance fees 2026

Adults: 120 NOK
Children, students and seniors: 80 NOK

Hight season 01.06-15.08

Winter opening hours Nesbyen
Thursdays 10:00-15:00

Visste du at det ligg eit skulehus på Gol Bygdemuseum?Skulehuset vart bygd i perioden 1885-1890 i Grønlio i Gol. Det var...
12/06/2026

Visste du at det ligg eit skulehus på Gol Bygdemuseum?

Skulehuset vart bygd i perioden 1885-1890 i Grønlio i Gol. Det var fyrst ei udelt skule, før det blei ei todelt. Grønlio fekk ny skule i 1954, og ikkje lenge etter vart skulehuset flytt til Gol Bygdemuseum.

Gol Bygdemuseum er ope frå 1. juli - 16. august.
📍Tysdag, onsdag og torsdag, kl. 11.00-16.00

Museet på Nesbyen har opna for sommaren. Velkomen innom!Sjå gjerne hallingdal-museum.no for oversikt over kva som skjer ...
03/06/2026

Museet på Nesbyen har opna for sommaren. Velkomen innom!

Sjå gjerne hallingdal-museum.no for oversikt over kva som skjer på musea framover. Sida blir oppdatert fortløpande etter kvart som programmet blir klart.

Det nærmar seg Folkemusikkveka i Ål, som i år feirar 50 år med festival! 📍"Gull frå magasinet: Brøstklutar", fredag 29. ...
21/05/2026

Det nærmar seg Folkemusikkveka i Ål, som i år feirar 50 år med festival!

📍"Gull frå magasinet: Brøstklutar", fredag 29. mai kl. 11.00 på Ål Bibliotek. Hallingdal Museum viser fram skattar frå den rikhaldige drakttradisjonen museet forvaltar i samlingane!

📍Familiedag på Ål Bygdamuseum, sundag 31. mai kl. 12.30. Her blir det folkemusikkrebus for ungar, kaffi og kake, og konsert med Ingeborg Onstad og Margit Onstad!

📸 Eit tilbakeblikk frå folkemusikkdagane i 1983. Ola Gurigard Halleseth (1899-1994) med toradar og kvedaren Ola Dusegard (1935-1994). HFN_Fa_18159: Arne Ole Lindahls bilder i Hallingdal Museums Fotosamling

17/05/2026

Det var morgenkaffe på Ål Bygdamuseum i dag. Flere gode musikere, og fine innslag!

På museet i Nesbyen er alle velkommen rundt klokken 14:30!

15/05/2026

Andre del av hovudplagg frå Øvre Hallingdal som kan brukast til dås/døs eller stakk, som alternativ til den broderte luva.

Her visast det korleis ein set på hettebunaden - brukt av gifte kvinner. Til dette treng du:
* Hette
* Hetteknipling
* Hetterull
* Hetteband
* Lykkjeplagg/kjeringpannelin
* Skuve (fleirfarga ullgarnsdusk)
* Hårband
Det er ein fordel å ha sove med fletter for å få det rette «kruset» i håret.
Slik gjer du:
1. Del håret i ein bein midtskill.
2. Slik frå framhåret som skal glattast etterpå.
3. Legg hårbandet to gonger rundt håret, og del håret i to for fletting.
4. Legg hårbandet i åttetal så tett at håret blir gøymt.
5. Fest hårbandet med ei rennesnar, og flett den andre sida på same måten. Hugs at den eine fletta skal vere litt lenger enn den andre.
6. Når begge sidene er fletta, skal flettene «ringast opp» - fyrst den korte, deretter den lengste.
7. Flettene blir ringa opp i hesteskoform, og hårbandendane blir festa med rennesnar over flettene på begge sider.
8. Knyt hårbandendane bak i nakken.
Når det er gjort, sit ein att med to hårdustar i enden av kvar flette.

Framhåret skal no glattast. Håret blir vætt med sukkervann og kjemt slett. I dag brukar mange kaffi og sukker, medan dei eldre gjerne brukte spytt og sukker. Her er det brukt vatn og sukker.

Deretter set ein på hetterullen med hetta på flettene. Skuven blir knytt i, og skuvebandq blir tredd inn under flettene og knytte slik at banda blir gøymde.

Oppå hetta knyter ein hettebandet, før ein bretter framkanten av hetta bakover mot hetterullen for å gøyme bandet.

Til slutt set ein på lykkjeplagget/kjeringpannelinet med påsett hetteknipling. Banda blir knytt bak i nakken under håret og skuven. Det bakre hjørnet på pannelinet blir så bretta over hetta, og skal nå omtrent til opninga bak på hetta.

Lykke til! ✨

Sjå elles i Aagot Noss «Nærbilete av ein draktskikk: Frå dåsaklede til bunad».

(Alle draktdelane brukt er i privat eige).

13/05/2026
11/05/2026

«Før har jeg staaet i Lunden grøn, Men nu er jeg bleven en Trøis saa Skjøn. Syver Halsteensen 1844», påskrift Syver Halsteensen Grøth 1844.

Gratulerer med frigjørings- og veterandagen! 14 Hallinger mistet livet som følge av andre verdenskrig, og 100 ble arrest...
08/05/2026

Gratulerer med frigjørings- og veterandagen!

14 Hallinger mistet livet som følge av andre verdenskrig, og 100 ble arrestert. 93 av disse ble sendt i fengsel, tukthus og konsentrasjonsleirer.

Den 8. Mai 1945 kom freden igjen til Norge og Hallingdal. I dag hyller vi alle dem som tok opp kampen mot okkupasjonsmakten, og for alle som har kjempet for frihet og demokrati siden da.

📸 HFN_Fa_26089 fra Leif Levorsens fotoalbum (1917-1983). Ukjent fotograf / Hallingdal Museums Fotosamling

Eit gasipannelin frå samlinga! Dette er eit jentepannelin - eit hovudplagg for ugifte jenter - frå Øvre Hallingdal. Pann...
07/05/2026

Eit gasipannelin frå samlinga! Dette er eit jentepannelin - eit hovudplagg for ugifte jenter - frå Øvre Hallingdal. Pannelinet er dekorert med gasisaum, eit fleirfarga ullgarnsbroderi på tyll, og kanta med brune bolu (svarte og lilla mønstrete fløyelsband). Pannelinet manglar skuven (dusken) på toppen og knyteband.

📸 Vibeke Hjønnevåg / Hallingdal Museum

Adresse

Møllevegen 18
Nesbyen
3540

Åpningstider

10:00 - 15:00

Telefon

+4732071485

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hallingdal Museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Hallingdal Museum:

Del

Type