Agatunet

Agatunet Ope alle dagar kl. 11-17 på sommaren.
1.9-14.12 etter avtale. Velkomen til oss! agatunet.no UNIKT KULTURMINNE! Kafé, utstillingar, butikk, omvising.

VELKOMEN!

30 av bygningane i klyngetunet Agatunet vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Tunet har faste opningstider i sommarhalvåret, med omvising, kafé, utstillingar, konsertar, servering og arrangement. Resten av året ope etter avtale. Det harbudd folk her i området i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar. Det

eldste noverande huset i tunet er Lagmannsstova, som vart bygd kring 1220, truleg av av slekta til riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvsson. I høgmellomalderen var Aga ein gard, og eit viktig maktsentrum. Lagmannsstova er den attståande delen av eit større kompleks, som var bygd som eit administrasjonsanlegg etter europeisk modell, nytta til både representasjon og som bustad. I dag er Lagmannsstova det einaste huset i sitt slag i Noreg, og ein av dei best ivaretekne sekulære mellomalderbygninger i landet. Sigurd Brynjulvsson døydde i 1303, og då vart garden delt mellom døtrene hans. Seinare har han vore delt fleire gonger til 9 bruk. På det meste budde om lag 200 innbyggjarar i og utanfor tunet. Garden har vore sentral når det gjeld fruktdyrking, handel over Hardangervidda og jaktefart til Bergen og Nord-Noreg. På det meste hadde seks jakter tilknyting til garden. Garden har hatt kapell ( rive i 1811), skule, landhandelsmann, postkontor og telegrafstasjon. Dei særeigen skifertaka er frå Sollesnes i Jondal. Ein del utmarkshus, stølen, naustrekkja og nokre husmannsplassar er framleis i godt stand. Den over 300 meter lange og 17 meter høge skredvollen oppe i lia, som vart bygd i 2000, er og eit flott syn.

Arbeid i Lagmannsstova 7.–17. juli I perioden 7.–17. juli skal me i gang med oppmåling og dokumentasjon av golvet i Lagm...
07/07/2026

Arbeid i Lagmannsstova 7.–17. juli

I perioden 7.–17. juli skal me i gang med oppmåling og dokumentasjon av golvet i Lagmannsstova.

I samband med dette vil Lagmannsstova vere delvis stengd. Det vil ikkje vere mogleg å gå inn i stova medan arbeidet går føre seg, men det vil framleis vere mogleg å sjå inn frå døropninga.

I fjor vart to golvbord i det øvste golvet løfta på grunn av svikt. Då vart det avdekt eit eldre golv under.

Før det øvste golvet kan bli demontert, er det viktig å dokumentere det grundig. Difor skal vi no gjennomføre oppmåling og oppteikning av golvet som ein del av det vidare bevaringsarbeidet.

Kanskje gøymer det seg fleire spanande detaljar under golvet?

Smak krotakaker!Kvar torsdag i skuleferien (18. juni - 20. august) bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bak...
18/06/2026

Smak krotakaker!

Kvar torsdag i skuleferien (18. juni - 20. august) bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjeller i Haldorsstova.

Du kan sjå tradisjonsbakst i vedfyrt omn og handla nysteikte kaker direkte frå omnen. Kanskje du får ein liten smakebit og?

Dei startar omlag klokka 11 og bakar og sel til klokka 15, eller til det er tomt!

Du kan lesa litt meir om baking her: https://agatunet.no/krotakakebaking/

Me har ope heile pinsehelga frå laurdag til måndag. Kom innom oss for ein kopp kaffi og vår eiga krydderkake ☕️ I år har...
22/05/2026

Me har ope heile pinsehelga frå laurdag til måndag. Kom innom oss for ein kopp kaffi og vår eiga krydderkake ☕️ I år har me ei vakker kunstutstilling av sjølvaste Lars Korff Lofthus. Kom og sjå dei vakre verka som smeltar inn i fargane og kulturhistoria til tunet!

Me gler oss til sesongopninga på laurdag! Det vert utstilling med Lars Korff Lofthus og konsert med Lajla Buer Storli. V...
05/05/2026

Me gler oss til sesongopninga på laurdag! Det vert utstilling med Lars Korff Lofthus og konsert med Lajla Buer Storli. Velkomne!

Vil du ha sommarjobb hjå oss? Me treng kjekke kollegar i vakre Agatunet! Sjå agatunet.no for meir informasjon om stillin...
13/02/2026

Vil du ha sommarjobb hjå oss? Me treng kjekke kollegar i vakre Agatunet! Sjå agatunet.no for meir informasjon om stillingane og søk innan 22. februar!

Heimebaka crumble med rabarbra og bringebær fra tunet sin eigen hage🍰 Kom innom kafeen og nyt litt kake i sola! 🌞       ...
25/08/2025

Heimebaka crumble med rabarbra og bringebær fra tunet sin eigen hage🍰
Kom innom kafeen og nyt litt kake i sola! 🌞

25% avslag på alle is! 🍦 Sesongen går mot slutten og vi er godt i gang med å tømme isboksen. Det lover heldigvis godt me...
24/08/2025

25% avslag på alle is! 🍦 Sesongen går mot slutten og vi er godt i gang med å tømme isboksen. Det lover heldigvis godt med det fine været som er meldt de neste par dagene. Kom forbi og nyt en kald is i solen med oss 💛

Sumaren er attende i Hardanger - og Vally steikjer nydelege lapper du kan nyta i sola! Kom innom!
14/08/2025

Sumaren er attende i Hardanger - og Vally steikjer nydelege lapper du kan nyta i sola! Kom innom!

Har du enno ikkje skaffa deg den spanande og rikt illustrerte boka om Lagmannsstova, eller Storstova, som vart gjeve ut ...
12/08/2025

Har du enno ikkje skaffa deg den spanande og rikt illustrerte boka om Lagmannsstova, eller Storstova, som vart gjeve ut i vår?

Då lyt du koma snart - me held ope til og med 31. august. Husa, kaféen og butikken er opne kvar dag frå 11 til 17.

Adresse

Aga 90

5776

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Agatunet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Agatunet:

Snarveier

Del