09/05/2026
Markering og feiring av frigjerings- og veterandagen 8. mai er viktig.
Dagen starta med at det vart lagt ned blomebukett med minnestøtta i Bjørn West-tunet og ved Stordalen fjellstove .
På ettermiddagen var Bjørn West-museet, v/avdelingsleiar Arnold Matre, invitert til å ta del i Nordhordland Forsvarsforeining og Alver kommune sitt arrangement ved Stor-Urdal /Vikanes.
Først møtte me ved minnestøtta som er reist til minne om Bjørn West-styrken. Det var nett den hemmelege Bjørn West-styrken kom ned frå fjellet for å samla før dei vart transportert til Bergen for å ta over vakthaldet der.
Ved minnestøtte vart det halde tale ved ordførar i Alver – Sara Hamre Sekkingstad og avdelingsleiar ved Bjørn West-museet - Arnold Matre.
Ordførar la så ned krans ved minnesmerke før det vart halde eitt minutts stille.
BNR veteranbillag frakta folket attende til Vikanes grendahus. Etter eit godt suppemåltid starta det offisielle programmet, leia av Ståle Juvik Hauge.
Først hadde ordførar Sara Hamre Sekkingstad tale – før lokale unge musikantar – «Torunns Tvistpose» - hadde eit flott musikals innslag. '
Deretter hadde Arnold Matre eit foredrag om motstandsgruppa Bjørn West. Kven dei var, kva var oppdraget, kva skjedd kor, og kva var oppdraget deira i Bergen etter freden. Foredraget vart avslutta med å dra ein «raud trå» frå ungdomane i Bjørn West og fram til me som lever i dag. Det er vårt ansvar å sikra dei verdiane som vart vunne attende i 1945; m.a. demokrati, ytringsfridom, menneskerettar og menneskeverd.
Til slutt hadde nestkommanderande ved Håkonsvern – kommandørkaptein Karl-Erik Aalen ein interessant tale om kamp for desse verdiane etter verdskrigen – ofte gjennom utanlands-operasjonar. Aalen har også tillitsverv i veteranorganisasjonen (Norges veteranforbund for utanlandske operasjonar) – og avslutta med ein orientering om dette arbeidet.
Kvelden vart avslutta med musikals innslag og fedrelandssalmen.
Takk for invitasjon på vegne av Bjørn West-museet.
Referat i Avisa Nordhordland:
https://www.nordhordland.no/8-mai-markeringa-far-og-mor-fortalde-ikkje-sa-mykje-ikkje-for-lenge-etterpa/s/5-33-821376
Referat i Avisa Strilen:
https://www.strilen.no/nyheiter/n/JO6OlP/fridomsmarkeringa-8-mai-fridom-kan-me-aldri-ta-for-gitt