Osterøy museum

Osterøy museum Kulturarv, kurs, handverk og levande historie. Ein del av Museumssenteret i Hordaland.

20/08/2026

Bli med på konsert i Revheimstova på Osterøy Museum den 5. september under Brakefestivalen!

Folkemusikere Lovise Espeland og Johanna Seim samler publikum rundt det sagnomsuste “Tussebordet på Seim”, og tar publikum med på en musikalsk reise til Nordhordaland. Sagn og fortellinger flettes sammen med folkesanger og hardingfeleslåtter, og gir en tidvis drømmende, tidvis humoristisk opplevelse av nostalgi og eventyrlighet. Musikken utgjør et variert repertoar med vakre ballader, dansbare slåtter, morsomme viser og sørgmodige stev.

Lovise Espeland - vokal, fortelling

Johanna Seim - hardingfele, vokal

Kjøp billett på våre nettsider.

19/08/2026

Bli med på Brakefestivalen den 5. september! Sjekk programmet på muho.no

12/08/2026

Ikkje besøk utstillinga ÅKLE enda? Utstillinga viser åkle frå heile gamle Nordhordland. Besøk utstillinga på Osterøy Museum.

Velkomen til Open dag på Brakefestivalen den 5. september!Opplev handverk, tradisjonar og liv på museet. Her blir det ak...
10/08/2026

Velkomen til Open dag på Brakefestivalen den 5. september!

Opplev handverk, tradisjonar og liv på museet. Her blir det aktivitetar for store og små, levande kulturhistorie og god festivalstemning i vakre omgjevnader. Bli med på spikking, prøv deg på brakekledning og bli med på omvising.

Ta med familie og vener og bli med på ein dag full av opplevingar! 😊

Sjå program og praktisk informasjon her: https://muho.no/osteroymuseum/brakefestivalen-open-dag

03/08/2026

Besøk utstillinga “Stille klang av samspel - i ull, spinning og sprang” på Osterøy Museum av .valde.

“Stille klang av samspel” syner ei utforsking av kva trådar og viklingar som skapar seg saman når sprang møter spinning av ulik lokal ull.

Vigdis Valde (f. 1971) er lærar, formidlar og kunsthandverkar. Ho har arbeida med lokal ull i variable kvalitetar frå dei eldre sauerasane sidan starten på 2000-talet. Det har utvikla seg til ein sentral del av handverket og kunstnarskapet. Ho spinn trådar og utforskar det tett samanvevde og finstemte samspelet i naturen; landskapet og materiala, som eit større “oss”.

28/07/2026

Bli med å prøv glassmaling på Osterøy Museum. På aktivitetsbordet inne i salen kan ein male på glass, perle, flette armband og fargelegge. Perfekt for ein regnfull dag!

Brakefestivalen nærmar seg!Den 5. september kan du kombinere festivalopplevinga med eit lærerikt kurs på Osterøy Museum....
22/07/2026

Brakefestivalen nærmar seg!

Den 5. september kan du kombinere festivalopplevinga med eit lærerikt kurs på Osterøy Museum. Vel mellom kurs i såpelaging, ølbrygging eller bygging av eige røykeri, og ta med deg ny kunnskap heim.

Det er framleis nokre ledige plassar, så ver rask om du vil sikre deg ein plass!

Sjå programmet og meld deg på: https://muho.no/osteroymuseum/brakefestivalen-2026

Velkomen til Osterøy Museum på søndag!Kl. 12 serverer vi tradisjonelle stompakaker, og kl. 13 inviterer vi til omvising ...
17/07/2026

Velkomen til Osterøy Museum på søndag!

Kl. 12 serverer vi tradisjonelle stompakaker, og kl. 13 inviterer vi til omvising i museumstunet. Du kan også oppleve utstillingane Handboren, ÅKLE og Stille klang av samspel, og ta turen innom museumsbutikken vår med eit utval lokale varer.

Velkomen til ein hyggeleg museumsdag hos oss!
Vi har ope kl. 11–15.

14/07/2026

Treskoverkstaden i Hosanger ❤️

Adresse

Gjerstad
Lonevåg
5282

Telefon

+4790419225

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Osterøy museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Osterøy museum:

Snarveier

Del