Skredhaugen

Skredhaugen Kunstnaren Bernhard Greve og kona Ingrid kjøpte Skredhaugen på Lofthus i 1918 og skipa til det vak

NbNytta høvet no!
10/08/2026

Nb
Nytta høvet no!

Gubbatreff nummer 216.15 frammøtte då biletet vart teke.Han kunne ikkje vera med.Men eit solid bidrag frå vest, samt min...
04/08/2026

Gubbatreff nummer 216.
15 frammøtte då biletet vart teke.
Han kunne ikkje vera med.
Men eit solid bidrag frå vest, samt minst ein frå Vikje, og finaste sommarver, la grunn for nok eit vellukka teeff.

Og i morgon kveld er det Guttorm Rogdaberg som skal føredra om lagmann Sigurd Brynjulvson-reisande i lov og rett!Kafeen ...
04/08/2026

Og i morgon kveld er det Guttorm Rogdaberg som skal føredra om lagmann Sigurd Brynjulvson-reisande i lov og rett!
Kafeen opnar klokka 17.00.
Føredraget startar klokka 18.00

Minner om at utstillingane og kaféen på Skredhaugen er opne laurdag 1. august frå kl 1500 til 1800. TA TUREN
31/07/2026

Minner om at utstillingane og kaféen på Skredhaugen er opne laurdag 1. august frå kl 1500 til 1800. TA TUREN

Sist onsdag hadde vi ein flott digital tur på vestre Hardangervidda med turleiar Johannes H. Sekse. Turen starta på Hjøl...
31/07/2026

Sist onsdag hadde vi ein flott digital tur på vestre Hardangervidda med turleiar Johannes H. Sekse. Turen starta på Hjølmoberget, vi følgde Veig innover til vasskiljet og avslutta i Husedalen. Vi var innom mange stølar og fjell. Vi fekk sjå bilete av turisthytter som skal stengast eller verta sjølvbetjente. Til ei lydhør forsamling fortalte Johannes så levande om små og store hendingar, både sjølvopplevde og historiske, som til dømes korleis Stavali Turisthytte vart bygd.
Utgangspunktet for foredraget var bøkene «Stølar og buer i Kvenne-, Veig- og Kinsevassdraga» og «Stadnamn på Vestre Hardangervidda».

Ein ny interessant temakveld på Skredhaugen. I går fekk vi ein flott presentasjon av arbeidet til ein av våre store loka...
16/07/2026

Ein ny interessant temakveld på Skredhaugen. I går fekk vi ein flott presentasjon av arbeidet til ein av våre store lokale kunstnarar. Johild Mæland viste oss smakebitar frå hennar produksjon innan rosemåling, biletkunst og dekormåling. Oppdraga femner vidt; m.a. installasjon på Statens Høstutstilling, messehaglar til Kinsarvik og Utne kyrkjer, dekormåling av interiør på Utne hotel, ådring og marmorering i Naturhistorisk museum i Bergen og ein ny skulptur “Hund” til den nye skuleplassen ved Odda barneskule.
Ein stor takk til Johild for eit interessant foredrag.

Konserten på laurdag!Det er Siri Nordgård som skal halda konserten på Skredhaugen i morgon laurdag, ikkje Svein Kjerland...
10/07/2026

Konserten på laurdag!
Det er Siri Nordgård som skal halda konserten på Skredhaugen i morgon laurdag, ikkje Svein Kjerland som før annonsert.
Ho spelar toradar!!
NB. Klokka 17.00!!!

Onsdag fekk vi ein flott historietime av Edmund Utne.Ei fullsett Nilsastova fekk høyra om kongeleg besøk, kunstnarar og ...
09/07/2026

Onsdag fekk vi ein flott historietime av Edmund Utne.
Ei fullsett Nilsastova fekk høyra om kongeleg besøk, kunstnarar og komponistar som kom til Ullensvang og Lofthus for å få inspirasjon og ta del i den lokale kulturen.
Edmund, som heile sitt vaksne liv har guida turistar frå inn- og utland, fortalde med engasjement og glimt i auge til eit lydhøyrt publikum.
Han har historiar til meir enn denne halvtimen, og neste gong vil han kanskje fortelja om den gongen Wenke Foss var på Skredhaugen og sagde for fyrste gong.

Adresse

Hellelandsvegen 275
Lofthus
5781

Åpningstider

09:00 - 17:00

Telefon

+4747479884

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skredhaugen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Skredhaugen:

Snarveier

Del

Type