Svinviks arboret er ein botanisk hage kjent for fleire hundre artar og kultivarar av rododendron, eit stort utval bartre og mange uvanlege og eksotiske lauvtre og prydbuskar. Det vakre hageanlegget ligg i Surnadal kommune på Nordmøre, ved riksveg 671 på nordsida av Todalsfjorden, 17 km frå kommunesenteret Skei og 13 km frå ferjeleiet på Kvanne. Hagen er open frå mai til august, med omvisingstilbod
, plantehandel, triveleg sommarkafè og arrangement. I kafèen har vi eit smakfullt tilbod av sommarlege kaker, kaffe/te og is. Dersom du vil lære meir om historia til hagen og om dei eksotiske planteslaga som veks i Svinviks arboret kan vi anbefale å bestille ei omvising.