De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum Opplev levd liv i Sogn blant våre bortimot 40 historiske bygg, og spennande utstillingar.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er regionmuseum for Indre og Midtre Sogn. Her er stort friluftsmuseum med tradisjonell gardsdrift, fjordmuseum, og store utstillingar knytt til livet i sognebygdene.

01/06/2026

Magisk stemning og perfekt museumsvær🤎
Vi er inne i vår høgsesong, og frå og med i dag er vi ope kvar dag frå 10-17! Kom innom då vel🤎

Magical atmosphere and perfect museum weather🤎
We are now open every day from 10AM to 5PM! Welcome🤎

🐷Grisane har fått namn!🐷Vi har fått mange gode forslag på namn til grisane våre,  og vinnarforslaget vart..PEPPA OG GEOR...
31/05/2026

🐷Grisane har fått namn!🐷

Vi har fått mange gode forslag på namn til grisane våre, og vinnarforslaget vart..
PEPPA OG GEORG!!

Mange foreslo desse namna, men vi har trekt ein vinnar som vert kontakta i morgon.
Tusen takk til alle som deltok!

31/05/2026

Mange fine plantar å velgje mellom på Hagedagen i år! 😍

I morgon 31.mai har vi den årlege hagedagen på museet! Det vert plantebytetorg og aktivitetar med  ,  planteutsalg med B...
30/05/2026

I morgon 31.mai har vi den årlege hagedagen på museet! Det vert plantebytetorg og aktivitetar med , planteutsalg med Brekka bruk og salg av kompostjord med 🌱

Krudlalaget kjem og syng for oss, og fortel eventyr i Leirmostova📖

Anita, som har ansvaret for kulturlandskapet på museet, sår korn i årkeren vår denne dagen, og ho tek dykk med for å fore dyra vår! Grisane våre gler seg, dei skal nemleg få namn!🐏🐖🐐

Inne har vi open kafe og fleire koselege barneaktivitetar🎨🥞☕️

🍀Velkommen til oss🍀

Det spirer og gror på museumsområdet vårt, og i dag har vi hausta rabarbra som har havna i ei kake! Kom innom i helga og...
29/05/2026

Det spirer og gror på museumsområdet vårt, og i dag har vi hausta rabarbra som har havna i ei kake! Kom innom i helga og smak då vel!

Søndag har vi hagedag, så ekstra kjekt å besøke oss då! Les meir om anrrangementet på nettsida vår!

Dyra er no på plass for sesongen! I år har me 2 grisar, 3 sauer med 6 lamb og 5 geiter. Grisane og sauene kjem til å ver...
28/05/2026

Dyra er no på plass for sesongen! I år har me 2 grisar, 3 sauer med 6 lamb og 5 geiter. Grisane og sauene kjem til å vere på museet heile sommaren, medan geitene blir her i periodar. Takk til Brekka Bruk for lån av sauer og til Kaupanger hovedgård for lån av geiter! Me er opne kvar dag framover og fyrstkommande søndag er det Hagedag med ei rekke kjekke aktivitetar. Velkomne skal de vere!

Grisane våre er på plass, men vi treng di hjelp med å finne namn til dei!Grisungane er ein gut og ei jente og vil gjerne...
21/05/2026

Grisane våre er på plass, men vi treng di hjelp med å finne namn til dei!
Grisungane er ein gut og ei jente og vil gjerne ha navn innan 30 mai.

Send ditt navneforslag til oss på SOME eller på e-post til [email protected]

Navnet vert annonsert på hagedagen til museet 31.mai, og det vankar ein premie til den som kjem med vinnarforslaget!

🌍 Verdas museumsdag 🌍I dag markerer vi verdas museumsdag!Årets tema er «Uniting a divided world» – og kva er det eigentl...
18/05/2026

🌍 Verdas museumsdag 🌍

I dag markerer vi verdas museumsdag!
Årets tema er «Uniting a divided world» – og kva er det eigentleg som bind oss saman?

Hos oss på De Heibergske Samlinger har vi besøk frå heile verda, og ei erfaring vi ofte gjer oss, er at uansett kvar vi kjem frå, er dei menneskelege behova dei same.
Det første biletet viser ei turistgruppe busett i Storbritannia, med bakgrunn frå fleire ulike kulturar. Då formidlaren fortalde om inngangsdørene som var delte på midten – «for å halde ungane inne og geitene ute» – smilte ei dame og sa:
«Slik dør hadde bestemora mi i India også!»

Verdas museumsdag vart etablert av ICOM i 1977 for å auke medvitet om musea si rolle i samfunnsutviklinga – som møteplassar, minneberarar og brubyggjarar mellom menneske. Når verda kjennest meir delt enn på lenge, er behovet for møteplassar som skapar forståing og fellesskap viktigare enn nokon gong.

Vil du bli ein del av laget vårt i sommar?De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum søkjer engasjerte sommarvertar til ...
02/02/2026

Vil du bli ein del av laget vårt i sommar?
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum søkjer engasjerte sommarvertar til sesongen 2026!

Som sommarvert er du med på å gi gjestene våre gode opplevingar – gjennom møte med publikum, praktiske oppgåver, formidling av kulturarv og arbeid i eit inkluderande og triveleg team.

Vi ser etter deg som trivst i vertskapsrolla, er glad i å jobbe med folk – og som har lyst å bidra på eit av landets største og eldste folkemuseum.

Les meir og søk her:
https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/293213/sommarvert-de-heibergske-samlinger-sogn-folkemuseum

Del gjerne vidare!

Adresse

Mannhellervegen 643
Kaupanger
6854

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 10:00 - 17:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 10:00 - 17:00
Søndag 10:00 - 17:00

Telefon

+4757678206

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum:

Del