Galleri Hagalid
- Hjem
- Norge
- Hjelmeland
- Galleri Hagalid
Galleridrifta er nedlagt og sluttsalet er avslutta pr 1.6.2022. Takk for alle besøk gjennom ni år!
Adresse
Hagalidvegen 461
Hjelmeland
4130
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Galleri Hagalid legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Museet
Send en melding til Galleri Hagalid:
Type
Galleri & kafe, utsikt med innsikt!
Galleri Hagalid har fire utstillingsperiodar i året i eit “normalår”. Dobbel separautstilling vår og haust, og ein lang kollektiv Sommarutstilling samt nokre dagar i november som ei Førjulshelg. Alltid kunst og kunsthandverk frå profesjonelle utøvarar busette i Norge, gjerne med ein link inn til Ryfylke. I tillegg til inviterte kunstnarar, har galleriet faste utstillarar: Alltid i Eldhuset og i nokre rom i Sofiehuset. Den sjølvbetente kafeen følgjer galleriet sine opne dagar. Alle opne dagar blir annonsert i god tid på hagalid.net, den årlege gallerifoldaren, facebook, instagram, plakatar mm i god tid. Du kan og få nyheitsbrev som påminning. Utanom opne galleri-dagar, tek me i mot grupper med måltid og gjerne opplevingar på førehandsbestilling. Veit du at du treng ein ting raskt, ring eller send sms (982 19 973) eller epost. Gåvekort fiksar eg i ein fart og sender. Ei unik gåve til jubileum eller trøyst kan pakkast fint inn med eit særprega kunstkort til og leverast i nærområdet etter avtale. I Eldhuset finst alltid eit godt utval av kunsthandverk som blåst glas, keramikk og porselen i mange prisklassar - frå bruksting til glede på kjøkkenet kvar dag til unike skulpturar. Det vil alltid og vera lin: handtrykte forkle og handkle/brikker og bærenett frå Unni Strand. Merinoull (rundsjal og halsar mm i mange fargar) - godt i kjøleg vårver og ein kald sommar frå Ingvild Ull. Smykke frå Emily Elmenhorst,m Johs. Ihle og Snella&Petronella er fine gåver. Godt utval i grafikk i rame frå Kristian Finborud m.fl. og plakatar i fleire format. Svært saktebrennande, handdryppa og støypte kunstlys har me fått inn frå Ranso, i eit vell av fargar. Stakelysa er heile 49 cm høge! Kunstkort har me frå fire kunstnarar, alle for ein heilt spesiell dag som skal feirast. Mange kvalitetsprodukt står klart i både Sofiehuset og Eldhuset, me hjelper til med valet. NB: Kjem du etter avtale vil me passa på med nødvendige tiltak og syta for at sikkerheita di er tilfredsstillande. Vask og handsprit står klar. Det er fullt muleg å gå på tur i skog og mark på Hagalid og i heile Hjelmeland. Korte og lette eller lengre dagsturar. Litt vått i skog og myr, ta på gode støvlar og fyll på batteria med virusfrie tankar i deilig kjøleg vårluft! Skomakarnibba? Det er bart nok til å gå pr 1.5., men bløtt i myrane.
Sjekk nøye kva som er opne dagar på www.hagalid.net. Vil du blå påmint om kva som skjer, kan du få nyheitsbrev frå galleriet på din epost. Desse kjem berre 4-5 gongar kvart år. Meld deg i tilfelle på her: https://www.hagalid.net/#nyhetsbrev Utstillingane er i dei istandsette gamle gardshusa Sofiehuset og Eldhuset samt i hagen nær gardstunet på Hagalid gard, høgt over Jøsenfjorden i Hjelmeland, Ryfylke. Her får du utsikt med innsikt! Vert og gallerist Hanne fortel gjerne historia til husa, kunsten og garden. Spektakulær veg 10 minutt køyring opp frå Hjelmeland sentrum. Imellom utstillingane og på stengte dagar: Grupper med servering på andre tider og dagar på førehandsbestilling heile året. Opplevingar som guida rusletur og enkle aktivitetar ute eller inne. Firma, privat selskap, foreningar og lag inntil 40 personar. Fleire arrangement skjer ofte under utstillingane: kåseri, og presentasjonar av kunstnarar og kunsthandverkarar. Vert og gallerist Hanne Sundbø er alltid på plass for å fortelja - om de har lyst å høyra. Ho kan fortelja om Hagalid, kunsten eller mat og råvarer eller kva du elles ønskjer å vita. Jone trør til med djupdykk i julatre og sau, om det kan interessera. Betaling: kontant eller kort. Gruppetilbod heile året: Familiejubileum eller feiring av bestemor? Forening på tur? Møte, seminar, kundetreff? Fødselsdag og jubileum? Venninnetreff? Mimrekveld med jobben? Sommaravslutning? I gruppemenyen til Smak Hagalid finn me noko som passar akkurat for deg på den årstida de kjem. Forskjellige aktivitetar og guida rusletur ute legg me opp ved ønskje, frå 1/2 time til 3 timar. Alltid nytt i keramikk og blåst glas i Eldhuset samt ull, lin, grafikk, smykke, stearinlys og plakatar i Sofiehuset. Me hjelp til med å finna transport! Gratis parkering for gallerigjester framføre galleriet (HC-parkering) og 200 m før tunet. Ta kontakt om du har særskilte behov, kanskje ting du før har sett i galleriet, me kan ha noko på lager! Fødselsdag for ung eller gamal, bryllup, konfirmasjon, namnedag eller dåp? Sjølv med færre folk, kan nokre feiringar skje. Me har alltids noko som kan passa ein jubilant til nytte eller pryd. Jubilant eller brurepar kan og leggja inn liste over gåveønskje i galleriet. Treng de firmagåver og til dei som sluttar av? Her har me forslag til kvalitetsting i mange prisnivå, les her: https://www.hagalid.net/galleri/bedrift/ Gåvekort er alltid tilgjengeleg, ring Hanne på 51 75 06 83 eller 982 19 973 eller send epost.