20/07/2026
På Vestlandsutstillingen i Haugesund billedgalleri i sommar presenterer Øystein Fjeldbo, i samarbeid med Joel Hynsjö, mixed media-installasjonen "Tangle II".
Øystein Fjeldbo er ein lydkunstnar basert i Fykse i Hardanger. Som kunstnar er han særskilt interessert i punkta kor menneske og maskin møtast, med tanke på persepsjon og perspektiv. Dette kjem òg til syne gjennom eit hybrid uttrykk, beståande av ei samansmelting av syntetiske og organiske formspråk. Hans kunstnariske repertoar tek utgangspunkt i elektronikk og programmering, og krossar ofte over til video, lys og kinetiske format. Ofte nyttar han seg av samarbeid med andre kunstnarar, gjerne frå andre felt, for å skape større og meir samansette verk. Arbeidet hans tek som regel form som installasjonar, musikk og performance.
Du er hjarteleg velkomen til å oppleve verket! Vi har ope kvar dag kl. 11-15. Gratis inngong for medlemmer i Haugalandmuseets venner og Haugesund kunstforening. Foto: Grethe Nygaard/Haugalandmuseet. Haugalandmuseet Haugesund Sentrum Visit Haugesund