Stiftinga Halsnøy Historiske Senter

Stiftinga Halsnøy Historiske Senter Åpningstider Lørdager 12-16 ☀️⚓️

05/07/2026

Vi har fått tre gamle, flotte lanterner i gåve frå Eirik Kvåle på Sandvoll. Dersom nokon kunne tatt på seg å pussa dei opp utetter hausten så hadde vi sett stor pris på det! Ta i tilfelle kontakt her eller på tlf 95 84 29 69.

Åpningstider Lørdager 12-16 ☀️⚓️

Verdifull gåve til Halsnøy Historiske SenterLaurdag 14. juni fekk Halsnøy Historiske Senter ei særs verdifull gåve då Ei...
16/06/2026

Verdifull gåve til Halsnøy Historiske Senter

Laurdag 14. juni fekk Halsnøy Historiske Senter ei særs verdifull gåve då Eirik Kvåle og urmakar Hans Dieter Gertz overleverte eit restaurert skipskronometer og ein navigasjonsglobus til stiftinga.

Historia bak gjenstandane er spesiell. Dei hadde stått lagra på eit loft hos Kvåle i mange år etter å ha kome i arv, før dei vart tekne fram att. Det synte seg raskt at dette ikkje var vanlege gjenstandar, men maritime klenodium med både historisk og økonomisk verdi.

Skipskronometeret er restaurert av urmakar Hans Dieter Gertz, som gjennom fagkunnskap, tolmod og stor innsats har ført det tilbake til den stand og funksjon det ein gong hadde. Kronometeret er eit imponerande døme på kor avgjerande presis tidsmåling var for navigasjon til sjøs. Saman med den russiske himmelglobusen representerer det ein viktig del av den maritime kulturarven.

Gåva vart teken imot av styreleiar Per Ove Kviteberg på vegner av Stiftinga Halsnøy Historiske Senter. Under besøket fekk dei frammøtte ei omvising i senteret sine samlingar og utstillingar. Det vart mange gode samtalar om lokalhistorie, sjøfart og kulturarv.

Halsnøy Historiske Senter ønskjer å rette ein varm takk til Eirik Kvåle for den generøse gåva og til Hans Dieter Gertz for det framifrå restaureringsarbeidet som har gjort det mogleg å syna fram desse verdifulle maritime klenodia i framtida.

På biletet ser vi urmakar Hans Dieter Gertz, Eirik Kvåle og Per Ove Kviteberg ved overleveringa av skipskronometeret og navigasjonsglobusen.

Denne helga har vi vært på åpningsdag hos Norwater, vi hadde åpent på senteret gjennom hele arrangementet. Kl. 15 fikk v...
07/06/2026

Denne helga har vi vært på åpningsdag hos Norwater, vi hadde åpent på senteret gjennom hele arrangementet. Kl. 15 fikk vi besøk av Åkrafjordtunet sin båt "Langfoss" med 78 gjester🤩⛵️

Takk til Norwater for en kjekk åpningsfest, takk til Åkrafjordtunet for besøket og takk til Tronds Marine Services for lån av kai til "Langfoss"😊

Gratulerer med frigjøringsdagen 8. mai!🇳🇴Vi har åpent i morgen (lørdag) fra kl.12:00 og utover🤗
08/05/2026

Gratulerer med frigjøringsdagen 8. mai!🇳🇴

Vi har åpent i morgen (lørdag) fra kl.12:00 og utover🤗

Moritz Rabinowitz i senter for "Radioholedagen" 2026☀️Under årets Radioholedag ved Halsnøy Historiske Senter får publiku...
04/05/2026

Moritz Rabinowitz i senter for "Radioholedagen" 2026☀️

Under årets Radioholedag ved Halsnøy Historiske Senter får publikum oppleve eit sterkt og tankevekkjande kåseri ved Arne Vestbø. Vi blir tatt med inn i historia om Moritz Rabinowitz, ein av dei mest markante og samstundes tragiske skjebnene frå Noreg under 2. verdskrig. Då invasjonen kom i april 1940 hadde Gestapo ei liste over folk som skulle arresterast og førast til Tyskland. På toppen av denne lista sto denne vellukka forretningsmannen frå Haugesund, som med sine skrive-evner og store kontaktnett i internasjonal presse lenge hadde vore ein torn i auga på Hi**er og nazistane. Dei gjekk straks i gang med å jakta på han i fleire månader over heile distriktet. Før det første krigsåret var omme vart han arrestert i Toftekalven (i "Holmen") og sendt til Tyskland der han enda livet i konsentrasjonsleir. Snart råka same skjebne heile familien hans.

Som ein ekstra dimensjon til kåseriet vil eigar av Toftekalven, Ragnar Njøs, dele personlege minne frå sin eigen familie. Han fortel om korleis far, onkele og tanta hans opplevde den brutale arrestasjonen av Gestapo sin «most wanted» heime i Toftekalven. Desse augevitneskildringane gir eit nært og sterkt innblikk i korleis dei dramatiske hendingane påverka vanlege menneske.

Saman skaper Vestbø og Njøs eit arrangement som både opplyser og rører – ei påminning om ei mørk tid i historia vår.

Vestbø, som er fødd i Haugesund i 1978, har studert medievitenskap ved Universitetet i Oslo og har MA i Holocaust studies frå University of London. I mange år var han seksjonsleiar i Kulturrådet, før han i 2019 vart generalsekretær i Norsak faglitterær forfattar- og oversetterforening (NFFO). Han gav i 2011 ut Biografien om Moritz Rabinowitz og i 2014 kom sakprosaboka for ungdom: Øverst på nazistenes liste. Arne Vestbø har sidan 2025 vore dagleg leiar i Bergesenstiftelsen.

Vel møtt til eit gripande møte med historia under Radioholedagen på Kr. Himmelfartsdag.

Med helsing
Halsnøy Historiske Senter
Per Ove Kviteberg, styreleiar

Arne Vestbø. Foto: Privat

Moritz Rabinowitz i senter for "Radioholedagen" 2026Under årets Radioholedag ved Halsnøy Historiske Senter får publikum oppleve eit sterkt og tankevekkjande kåseri ved ArneVestbø. Vi blir tatt med inn i historia om Moritz Rabinowitz, ein av dei mest markante og samstundes tragiske skjebnene fr....

Takk til Anders Totland for ein kjekk drøsekveld på søndag som var😊📚
21/04/2026

Takk til Anders Totland for ein kjekk drøsekveld på søndag som var😊📚

Velkommen til drøsekveld på Søndag 19. april kl.18:00📚☀️ PS: Det er gode parkeringsmuligheter ved badestranda i Høylands...
17/04/2026

Velkommen til drøsekveld på Søndag 19. april kl.18:00📚☀️
PS: Det er gode parkeringsmuligheter ved badestranda i Høylandsbygd 🤗

Søndag 19. april kl. 18:00 vert det litterær stemning i Halsnøy Historiske Senter når vår lokale forfattar Anders Totland tek turen over Høylandsundet og stiller opp på drøsekveld. Vegen fram til status som populær, prisvinnande forfattar i relativt ung alder har ikkje på nokon måte vore ...

Adresse

Slettanesvegen 21
Høylandsbygda
5457

Åpningstider

12:00 - 16:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stiftinga Halsnøy Historiske Senter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del