05/06/2025
Tirsdag denne uken ble det igjen montert utstilling på fineste Bakeri29. https://www.instagram.com/bakeri_29/
Denne gangen er det Fredrik Rysjedal, https://www.fredrikrysjedal.no/, som stiller ut! Utstillingen henger til over sommeren. Sterk historie knyttet til bildene!!
Fredrik Rysjedal (f. 1980) skriver selv: eg er ein teikneserieskapar frå ytre Sogn som bur og jobbar i Bergen. Eg har jobba med sjølvpublisering, fanziner og kunstnarbøker i sin teikneseriepraksis. Hefta vert som grafiske trykk som er duplisert i eit avgrensa opplag. Eg praktiserer også sceniske framsyningar av teikneseriane sine, gjerne akkompagnert av musikarar frå samtids- og impromusikk i Bergen. Eg har ein PhD i design frå Fakultet for kunst, musikk og design på Universitetet i Bergen, der eg eksperimenterte med levande bilde i digitale teikneseriar.
Mi siste teikneserie Krampe (2024), er ein minimalistisk og stutt teikneserie om å bade, og frykta for å bade åleine. Den fekk gull på Visuelt 2025, som er illustratørane og grafisk design sin eigen bransjepris. Teikneserien er tilgjengeleg fysisk og digitalt på norsk og engelsk.
Arbeida som visast på Bakeri 29 frå juni til midten av august er frå prosessen til mi neste teikneserie, Adjø Tulli. Ei fortelling om ei tenåringsjente frå Sunnfjord som er ein av dei fyrste i landet som får ein vellukka hjarteoperasjon i 1947.