28/08/2026
Musea i Sogn og Fjordane sender våre kondolansar til Hennar Majestet Dronning Sonja og resten av Kongefamilien. Vi minnast Kong Harald med takksemd og respekt.
I heile går høyrde vi korleis folk frå høgt og lågt, nord, sør, aust og vest, prisa Kong Harald for sin varme, humor, engasjement, kunnskap inkluderande veremåte og evna til å sette ord på det som samlar oss. At han gjennom si gjerning har knytt oss saman. Korleis han har representert oss i gode og vonde dagar. Blomevollen framfor slottet viser denne kjærleiken til Kong Harald, vårt statsoverhovud, som av mange vert kalla vår felles bestefar.
For oss som museum, tenkjer vi på kva engasjement Kongen og Dronninga har hatt for kunsten, kulturlivet og kulturarven. Særleg har Dronning Sonja representert Kongehuset på våre trakter. Å bli sett og støtta av kongehuset er uvurderleg for musea sitt arbeid med å ta vare på vår felles historie.
No skal vi sørge og reflektere. Vi minnast Kong Harald med takksemd og respekt.
Foto: Kimm Saatvedt / Det kongelige hoff