Galleri N. Bergslien

Galleri N. Bergslien Galleri N. Bergslien er dedikert til kunstmålar Nils Bergslien (1853-1928) som budde i Eidfjord. Utstillingar i 2022
21. april - 5. juni - 21. september - 02.

juni Tove Sundt-Hansen - "Urkraft Spydbæreren"
25. august Harding Puls - "Fjord pianorama"
01. oktober Jubileumsutstilling

Med kunstverket «Regnbogen» inviterer kunstnaren oss inn i eit meditativt og fargesterkt univers. Regnbogen er eit av vå...
30/06/2026

Med kunstverket «Regnbogen» inviterer kunstnaren oss inn i eit meditativt og fargesterkt univers. Regnbogen er eit av våre eldste symbol på fred, håp og toleranse – verdiar som kjennest ekstra viktige i dag.

Frå fargar til forteljingar
Kvar farge ber med seg si eiga kraft:
❤️ Raudt for liv
🧡 Oransje for heling
💛 Gult for sol og lys
💚 Grønt for natur
💙 Blått for harmoni og kunst
💜 Fiolett for ånden

Ein felles livsreise
I galleriet kan du oppleve ein heilt spesiell installasjon som består av dreia trekuler. Kvar kule er handmåla med klassiske oljeteknikkar og fungerer som ein unik «regndrope».

Saman formar desse dropane ein regnboge, montert i ei bølgjande båtform. Båten symboliserer livsreisa vår – det å finne kvile i nuet, men også det å vende baugen framover mot noko nytt. ⛵️

Dette er ein utstilling som kombinerer naturens ro med meditativ ornamentikk. Ein perfekt sjanse til å kople av og fylle på med inspirasjon.

Velkommen innom for ein vakker og meiningsfull kunstoppleving! 👇

Fantastisk opning med fullsatt galleri dag! Takk til Anne Hesvik   for nydelig kunst, Arnhild Litlere for flott diktlesi...
18/06/2026

Fantastisk opning med fullsatt galleri dag! Takk til Anne Hesvik for nydelig kunst, Arnhild Litlere for flott diktlesing, Arngunn Timenes Bell for nydeleg musikk og Agnete Sivertsen for flott opningstale! Takk til alle som tok turen og som sat som sild i tønne ❤️

Velkomen til utstillingsopning 18. juni kl 18:00 i Galleri N.Bergslien. Me opnar utstillinga «Kvar kan eg gå med mitt hj...
02/06/2026

Velkomen til utstillingsopning 18. juni kl 18:00 i Galleri N.Bergslien. Me opnar utstillinga «Kvar kan eg gå med mitt hjarta?» med verk av Anne Hesvik. Det vert opningstale ved Agnethe B. Sivertsen og kulturelt innslag ved Arnhild Litlere og Arngunn Timenes Bell.

No nermer det seg ny utstilling i Galleri N.Bergslien. Neste utstillar er Anne Hesvik med utstilling «Kvar kan eg gå med...
02/06/2026

No nermer det seg ny utstilling i Galleri N.Bergslien. Neste utstillar er Anne Hesvik med utstilling «Kvar kan eg gå med mitt hjarta?». Opning 18. juni kl 18:00

Fyrste utstillar ut i 2026 er Terje Meidell Skare med opning laurdag 18. april kl 16:00. Terje Meidell Skare skriv sjølv...
08/04/2026

Fyrste utstillar ut i 2026 er Terje Meidell Skare med opning laurdag 18. april kl 16:00. Terje Meidell Skare skriv sjølv om kunsten sin som “Poetisk symbolisme”:

Eg jobbar for det meste med oljemåleri som vel må karakteriserast som figurative – ofte store format då det gjev meg ein følelse av tettare, fysisk kontakt med motivet. Motiva eller innhaldet utspelar seg i eit mytisk-religiøst univers prega av ein personleg, erfaringsbasert symbolbruk – meir eller mindre lausreven frå kjent symbolikonografi frå diverse oppslagsverk.

Bileta hamnar vel i kategorien «poetisk symbolisme», meint å vekka intuisjon og følelsar hos betraktaren, heller enn å gje logiske forklaringar.

Skapningane som figurerer på dei fleste motiva er ein slags konfigurasjonar. Representantar for menneska si historie og utvikling; lausriven frå notid og plassert i ei mytisk ikkje-tid.

Desse figurane opptrer ofte poserande i eit noko stilisert, kulisseliknande landskap og ber preg av å vera ein del av ei slags førestilling – noko teatralsk.

Førestillinga om mennesket sitt forhald til grunnkreftene i tilværet, om det å veksa ut frå ei uskuld, nærast medvitslaus tilstand innanfor ei naturmyte og over i ei antropologisk kulturmyte. Forteljingar om spenningsfeltet mellom natur-kultur, samanheng og spalting. Forteljingar om denne storslagne oppvakninga, frigjeving og erkjenning, men også forvirring, sjølvbedrag, angst og ei nær kvilelaus febrilsk søken etter forklaring. I denne søken eller vokster, i dette menneskeforetak, kall det gjerne opprør eller utvikling – er det eg finn inspirasjon og materiala til bileta mine.

Som Trond Borgen skriv om bileta mine i Stavanger Aftenblad: «Stille går verden til grunne idet den skapes». Eg synest det fanger mykje av essensen i det eg arbeider med å synleggjera.

Det er straks berre ein månad att til fyrste utstilling. 18. april opnar Terje Meidell Skare utstillingssesongen. Velkom...
16/03/2026

Det er straks berre ein månad att til fyrste utstilling. 18. april opnar Terje Meidell Skare utstillingssesongen. Velkomen til opning kl 16 den laurdagen. Ordførar Timo Knoch og Hardangerbrua musikklag syter for tale og musikk.

2025 er snart over og eit nytt utstillingsår står for tur. Ta ein kikk på www.eidfjord.kommune.no/gallerinb og les meir ...
10/12/2025

2025 er snart over og eit nytt utstillingsår står for tur. Ta ein kikk på www.eidfjord.kommune.no/gallerinb og les meir om utstillarane våre og galleriet.

10/12/2025

Adresse

Ostangvegen 6
Eidfjord
5783

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Galleri N. Bergslien legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Galleri N. Bergslien:

Snarveier

Del