Gulen Fiskarbondemuseum

Gulen Fiskarbondemuseum Gulen Fiskarbondemuseum er et museum på Byrknesøy i Gulen som viser hvordan fiskerbonden levde før Museet vart åpna 30. mai 1998.

Gulen Fiskarbondemuseum er eit museum på Byrknesøy i Gulen som syner korleis fiskarbonden levde før.

09/12/2024

Vårt siste hefte om tenestejenta Katinka blir no å få kjøpt på kommunehuset.

Vi har nytt hefte ute: Å vere tenestejente. Det handlar om historia til Katinka som vart tenestejente 16 år gammal. Heft...
08/11/2024

Vi har nytt hefte ute: Å vere tenestejente.

Det handlar om historia til Katinka som vart tenestejente 16 år gammal.

Heftet vert lagt ut hos Solgul på Vidsyn, Joker på Byrknesøy og i Husflidbua på Byrknesøy.

Vi kjem også til å vere på julemessa til Havgula laurdag den 16.11.
Pris kr 200,-

Vi sender mot porto.

TUSEN TAKK til alle som kom på lørdag🌺Det vart nokre kjekke timar rundt bordet i stova; med kaffi, vaflar, god prat, og ...
02/09/2024

TUSEN TAKK til alle som kom på lørdag🌺
Det vart nokre kjekke timar rundt bordet i stova; med kaffi, vaflar, god prat, og lått og løye. Loddboka vart trekt til slutt, og (dei fleste) vinnarane har fått gevinsten sin.

Kva med ein kaffikopp og og litt prat i museumsstova?Lørdag 31. august er det Sesongavslutning på muséet, kl 14-17. På b...
28/08/2024

Kva med ein kaffikopp og og litt prat i museumsstova?
Lørdag 31. august er det Sesongavslutning på muséet, kl 14-17.
På billetten blir det kaffe, saft og vaflar.
Her kan du få sjå/ kjøpe flotte løparar, bilder, tepper eller vesker i lappeteknikk. Du kan få omvisar med deg i alle bygningane våre, og vere med i trekking av loddboka.
Håper du kjem.

24/08/2024

Museet er åpent i dag, laurdag, mellom kl 14 og 17.
Hustrig vér ute, men god stemning inne.

11/08/2024

Spådd i kaffegrut nokon gong? Bruk kokekaffe, det gir mest grut. Drikk opp kaffien, roter koppen 3 ganger (slik at gruten blir godt fordelt i koppen), snu koppen oppned på eit tefat. Når gruten har tørka og ingenting i koppen renn lengre er det klart for litt spåing.

Ulike tolkningar:
Lyst hovud - du møter eit godt menneske, nokon tenker godt om deg.
Mørkt hovud - nokon vil deg vondt.
Hjarte - du møter kjærleiken. Dess større hjarte, dess nærare i tid.
Veg/sti - du skal ut på ei reise.

Blei du nokon gong spådd, og vart spådommen oppfylt?

08/08/2024

Er det nokon som har kleshengarar, som de har lyst til å donere til muséet?
Send gjerne ei melding til Torill: 90128362

Ønsker du kjøpe lodd i loddboka vår? Kr 10 per lodd, vipps til 525479 (Barvågen). Merk betalinga med "loddbok" og telefo...
27/07/2024

Ønsker du kjøpe lodd i loddboka vår? Kr 10 per lodd, vipps til 525479 (Barvågen). Merk betalinga med "loddbok" og telefonnummeret ditt om du ikkje er "kjentfolk" av oss i museet. Dette for at vi skal kunne finne deg om du vinn.
Trekninga vert på sesongavslutninga laurdag 31.8.
Det dukker alltid opp fleire gevinster så lista i boka blir lengre.
Takk for at du støtter det vesle museet vårt.

13/07/2024

I dag (laurdag) er ein fin dag å besøke fiskarbondemuseet på. Åpent frå kl 14. Sjå meir informasjon på sida vår.

Velkommen til muséet: Ope lørdag frå kl. 14.00 - 17.00Karl Gåta har fått sitt eige rom.Den gamle skulestova er klar.I sj...
28/06/2024

Velkommen til muséet: Ope lørdag frå kl. 14.00 - 17.00
Karl Gåta har fått sitt eige rom.
Den gamle skulestova er klar.
I sjøbua finn du både fiskereiskapar og info.
- og Gro A. Birknes har salgsutstilling med rekved og masse flott lappesøm.

16/06/2024

Tusen takk til alle som tok turen innom museet i går.

Veret var på vår side, det var god musikk frå "Mott i brystet" og god mat. Gro fekk presentert produktene sine for dei som tok turen innom veslestova. Elevane gjorde ein kjempejobb saman med lærarane og dei frivillige.

Anne Marit fortalte interessant "nytt" om Karl Gåta og erklærte Karl Gåta-rommet for åpna. No kan alle få eit innblikk i livet hans og ta ei reise 100 år tilbake i tid.

Vi fekk helse på tidlegare fiskarbønder (skule-elevar) som kom der med sine små, faste gjester som alltid støtter oss og nye besøkande som hadde funne vegen.

I andre høgda, der vi har laga skulestove, sat tre unge karar og leika skule. Dei skribla på tavlene med griflane og hadde masse spørsmål om korleis det var å gå på skule i gamle dagar. Til og med Gjest Baardsen hadde dei høyrt om. Og tenk at for 200 år sidan var det eit ekte fengsel på Byrknes! Kanskje ikkje av dei med gitter for vindauga, men likevel. Fengsel for tjuvar på Byrknes, kven skulle visst?

Tusen takk til alle som møtte. For ein dag og for ei lukke!

VELKOMMEN til muséet lørdag 15. juni, kl. 13.00- 15.00Fiskarbondedag og sesongopning:Anne Marit skal fortelje litt frå l...
13/06/2024

VELKOMMEN til muséet lørdag 15. juni, kl. 13.00- 15.00
Fiskarbondedag og sesongopning:
Anne Marit skal fortelje litt frå livet til Karl Gåta,
før opning av det nye “Karl Gåta- rommet” på muséet.
Mott i Brystet “ skal spele
Gro har salgsutstilling i veslestova

Elevane i ungdomsskulen jobbar som fiskarbønder torsdag og fredag.
Dei sler med ljå, hesjar, ror fiske/ set garn og bakar, - og på lørdag serverer dei deilige fiskerettar og god kaffimat:)
Vaksne: kr 200
Barn: Kr 100
Under skulealder: Gratis
Med ledsagerbevis: Gratis

Kom og vêr med:)

Hugs å setje av lørdag 15. juni, då er det FISKARBONDEDAGEN på Gulen Fiskarbondemuseum. Håper du har lyst til å komme. M...
11/06/2024

Hugs å setje av lørdag 15. juni, då er det FISKARBONDEDAGEN på Gulen Fiskarbondemuseum. Håper du har lyst til å komme. Meir info kjem..

06/06/2024

Vi har fått nokre kjekke ungdommar til å vere omvisarar på museet i sommar. Dei vil gjere sitt beste for at gjestene skal få ei fin oppleving. Det er første gong dei er omvisarar på museet så det er nok ikkje alt dei kan svare på av spørsmål, men rundt på museet er fins små informasjonstavler ein kan lese seg opp på.
Sesongen starter laurdag 15. juni med fiskarbondedag. Meir informasjon kjem.

08/05/2024

Vi skal ha dugnad på museet, håper nokon kan hjelpe oss.

Dugnadsliste våren 2024
Gulen Fiskarbondemuseum
Veke 20, 13.5.-15.5. (man-ons) kl 17-19

Hagen/uteområde:
Koste tunet
Blomsterbed
Ta opp bord og benk frå sjøbua
Ordne grøfta

Våningshus:
Tørke støv og støvsuge
Tak
Vaske ned
Rydde bakrommet
Rydde/vaske inngangspartiet
Vaske ned kjøkenet

Utedo:
Vaske og rydde
Fylle på toalettpapir, våtservietter

Sjøbu:
Rydde, koste, kaste boss

Naust:
Hive boss

Eldhuset:
Rydde, hive boss

Vi lager kaffe og vafler til dugnadsgjengen.

Dersom nokon har greie på korleis me fiksar på steintrappa eller har lyst å hjelpe oss å lage nye rekkverk til den trappa, då blir det jubel og glede i tunet.

Vi er takksame for alle som vil hjelpe oss.

Styret

17/03/2024

Adresse

Søre Garden 17
Byrknes
5970

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gulen Fiskarbondemuseum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Gulen Fiskarbondemuseum:

Del