25/06/2026
Vi deler denne fra Museum Vest- i dyp respekt for innsatsen for vår frihet!
TIL MINNE OM BJØRN WEST – SOLDAT NR 154 – SVERRE SIVERTSEN
Det var med sorg me tok i mot meldinga om at Sverre Nikolai Sivertsen døde 15. juni i Bergen.
Sverre vart 101 år.
Med det er den siste Bjørn West-soldat gått av vakt.
Sverre slutta seg til Bjørn West-styrken som soldat nr 154 – våren 1945. Han hadde framfor seg ei tid med hard trening, tunge bører, lange vakter, angrep frå tyske styrker og tap av kameratar i barske Masfjord-fjell.
For oss som berre har opplevd fred og fridom er det vanskeleg å førestilla seg korleis dette påverkar ein.
Etter krigen har Sverre trufast møtt fram på arrangement knytt til historia om Bjørn West – som til dømes Bjørn West-marsjen og årsmøte i Bjørn West-venneforening – så lenge helsa heldt. Alltid med sitt lune smil og smittande humør.
Det er no meir enn 81 år sidan dei to første Bjørn West-soldatane steig i land i Masfjorden. Det var starten på Bjørn West- basen – militæravdelinga som til slutt talde 259 mann under våpen i dei ville Masfjordfjella.
Bjørn West-soldatane var dei første ordinære soldatane under direkte kommando av forsvarsleiinga i London - sidan kapitulasjonen i juni 1940.
Dei skulle operera i okkupert Norge – bak fienden sine linjer – i skjul for lokalbefolkninga – og verta forsynt med alt dei trong frå England og Shetland.
I 1944 starta Sverre med i illegalt arbeid i Bergen. Først med utdeling av aviser, men det vart raskt langt meir alvorleg.
I starten var Sverre ein del av «Saborg» i Bergen. Her var han m.a. med på to bankran i mars 1945. 1. mars mot Fana Sparebank og 16 mars mot Bruvik Sparebank sin filial i Vaksdal. Føremålet var å finansiera motstandsarbeidet samt å gje økonomisk støtte til familiane til offer for den tyske okkupasjonsmakta (les og høyr i BT 12.01.26 https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/jO55q/her-ranet-vi-banken-og-roemte-i-robaat)
Etter å ha halda seg i skjul ei stund fekk han og nokre kameratar hjelp til å slutta seg til Bjørn West i Matrefjella.
I slutten av april sette den tyske okkupasjonsmakta inn store styrker for å ta knekken på Bjørn West – ein gong for alle. Opp mot 800 soldatar vart sett inn mot 259 Bjørn West-soldatar – der om lag 1/3 knapt hadde hatt tid til å gjera våpena stridsklar. Kampane raste i seks døgn – der dei undertallege Bjørn West-soldatane knapt fekk kvila mellom slaga.
Bjørn West gjorde ein imponerande innsats og slo tilbake alle tyske framstøyt.
Kampane i Matrefjella var dei siste i 2. verdskrigen i Noreg.
Seks av Sverre sine medsoldatar vart drepne i Matrefjella desse dagane. I tillegg vart 76 år gamle Torgeir Stordal brutalt henretta – som hemn for at Bjørn West-styrken hadde nytta Stordalen fjellstove – heimen hans - som hovudkvarter.
For oss som berre har opplevd fred og fridom er det vanskeleg å førestilla seg korleis dette påverkar ein.
I djup respekt takker me for din innsats for eit fritt Noreg.
På vegne av Bjørn West-museet lyser me fred over Sverre Nikolai Sivertsen sitt minne.
Arnold Matre
Bjørn West-museet
Foto: Alice Bratshaug / Bergens Tidene (skjermdump frå videoreportasje)