Bø Museum

Bø Museum Bø Museum ligg på Oterholt om lag to km frå Bø sentrum. Her finn du folkemusikk og telemarkskultur. Her lét hardingfela ofte både innomhus og utandørs.

På vakre Kvennøya i Bøelva kan det hende at du får oppleve ei eventyrstund om du kjem forbi. Ein dag på Bø Museum inneheld både natur- og kulturopplevingar. Oterholt var den første handelsstaden og bygdesenteret i Bø. Landhandelen Åheim frå 1898 er komplett med pakkbu, eldhus og bustad. Frå gamalt av blei staden kalla ”tatergata”, her var folkeliv, handel og vandel. Faste utstillingar på Bø Museum

er hardingfeler, felemakarverkstad, folkedrakter, handverk m m. På museumsområdet ligg også Åsestugo, eit vakkert 1700-talshus med rosemåla interiør. Kvennøya er ein del av museet og her finn du husmannsplass med stugu, fjos, lugu, badstugu og smie. Kvennøya blei kåra til det viktigaste friluftsområdet i Bø kommune i 2007 og er kommunen sin tusenårsstad. Like ved er det badeplass og fiskemoglegheiter.

Nytt frå museumskafeen: Is med kaffi. Eller kanskje kaffiis? Nam! Siste sjanse i dag for denne sommaren. Og i dag er det...
02/08/2026

Nytt frå museumskafeen: Is med kaffi. Eller kanskje kaffiis? Nam! Siste sjanse i dag for denne sommaren. Og i dag er det rjomegraut i kafeen også, slå den! Ope kl 12-17, og deretter avsluttar me sesongen med eit program om Torkjell Haugerud. Håpar me ser deg!

Triveleg forteljarstund med Astrid Holtskog i dag, og lydhørt publikum!
26/07/2026

Triveleg forteljarstund med Astrid Holtskog i dag, og lydhørt publikum!

Takk for ein fin sommarsondag!
20/07/2026

Takk for ein fin sommarsondag!

Og så triveleg ei plantevandring som det blei! Entusiastiske Iselin gav oss av sin kunnskap, Synne serverte smaksprøver ...
19/07/2026

Og så triveleg ei plantevandring som det blei! Entusiastiske Iselin gav oss av sin kunnskap, Synne serverte smaksprøver og veret spela på lag. Ei fin oppleving!

Museumsver i dag! Kan me friste med ein stor vaffel med is og syltetøy? Eit heilt måltid! Me har sitteplassar både ute o...
18/07/2026

Museumsver i dag! Kan me friste med ein stor vaffel med is og syltetøy? Eit heilt måltid! Me har sitteplassar både ute og inne. Og samtidig kan du få med deg utstillinga vår om bunad og folkedrakt. Velkomen!

Adresse

Oterholtvegen 148
Bø I
3802

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bø Museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Bø Museum:

Snarveier

Del