02/08/2026
Siste opningsdag for sesongen på Hufthamartunet🌾
Me held ope 12.00-15.00✨
Sal av is, brus og kaffi🍦☕️
Denne sundagen er det bilete frå Stabburet, og her er nokre fakta om bygget:
🏡 Stabburet kjenner ein ikkje sikkert byggeåret til. I 1776 er stabbur nemnt som ein av bygningane på bruket.
🪵 Tømra ber preg av ho har vore nytta tidlegare. Ho har svært varierande tjukkleik. Ved inngangsdøra er det på ein av tømmerstokkane skore inn runeliknande teikn. Den eldste delen av bordkledninga mot sør er festa med trenaglar. Under reparasjonsarbeidet har stabburet fått utoverhengjande tak og utskjeringar i gavelborda.
🐟Stabburet vart nytta som lagerbygg for matvarer. Til tider var her sjølv-produsert mjøl, mjølk, kanskje flatbrødstablar, salta og tørka kjøtt, salta sild og fisk og andre matvarer som vart nytta.
Ta ein tur til oss om du ynskjer meir informasjon og fakta om Hufthamartunet frå tunverten vår🌾💫