31/08/2026
Dei siste dagane har mange delt minne og tankar etter Kong Harald V sin bortgang.
For oss går tankane tilbake til mai 2024, då vi var så heldige å få ta imot kongeparet her i Åseral. Det var ein dag prega av fellesskap, glede og stoltheit.
Kong Harald vil bli hugsa som ein samlande og raus konge for svært mange.
Vi deler nokre bilete frå denne dagen, som vil leve vidare i minnet hos mange av oss.