Elvarheim Museum

Elvarheim Museum Museet der du kan sjå utstoppa dyr og fanngsreidskapar, ulv og bjørn, beverutstilling, blåbæruts Du kan også få sjå gamle feller og sakser. etasje. Festsalen i 2.

Elvarheim museum tar for seg utnytting av skogen og hausting i naturen. På museet kan ein sjå alle dei fire store rovdyra bjørn, ulv, jerv og gaupe og mange andre mindre rovdyr og fuglar, i tillegg til ei flott utstilling om bever. Du finn også feller, fangstreiskapar og anna som vitnar om menneske si utnytting av naturen i fortid og samtid. Fangstmannen Aslak Harstveit

Museet bygger opphavleg på

samlinga etter fangstmannen Aslak Harstveit frå Åmli. I ”Aslak-rommet” finn du både rovdyr og dei jaktbare småviltslaga, omgitt av sitt naturlege miljø. Eit ”nattrom” syner fuglar og dyr som helst er ute i mørket, og i ”fuglerommet” er mange av fuglane i Åmli og Agder presenterte, både i lyd, bilete og utstoppa form. Her finn du også ein orrleik. I ”knivrommet” er Aslaks samling på meir enn 200 knivar stilt ut. Boka ”Fangstmannsminne” , der Aslak fortel forfattaren Andreas Vevstad om vilt, fangstmetodar og opplevinga i naturen, er nyttig bakgrunn for eit besøk på museet. Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl

Olav Tverrstøyl (1845-1938) frå Åmli var den største bjørneskyttaren på Agder gjennom tidene. I løpet av si tid som jeger felte han 96 bjørnar, dvs. om lag kvar tiande bjørn som vart skoten i Aust-Agder og Telemark. Olavs liv og lagnad er spanande skildra i Andreas Vevstads bok ”Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl”. I ”Tverrstøyl-rommet” finn du m.a. Olavs bjørnebørse, ski, klede, fiskereiskapar og handelsvarer. Her kan du også treffe ein ekte bjørn ved namn ”Lillepekka”, som slett ikkje lever opp til namnet sitt. Det vesle folket - beverens liv over og under vatn

Åmli er beverkommunen framfor nokon. På slutten av 1800-talet var beveren nær utrydding, og berre ein liten stamme på 60-100 dyr var att, med hovudsete i Åmli. Herfrå blei beveren eksportert til store delar av verda. I dag er det rundt 70 000 dyr berre i Noreg. For å markere beveren si spesielle stilling i Åmli, har Åmli kommune i dag ein bever i kommunevåpenet sitt. I 2014 kjøpte Elvarheim museum utstillinga “Det vesle folket” frå firmaet Naturama i Kristiansand. Utstillinga fyller det meste av kjellaretasjen i museet, og viser gjennom plansjar, film, utstoppa dyr og montrar som dei minste kan krype inn beveren si kulturhistorie, leveresett og naturmiljø både over og under vassflata. Du kan også sjå korleis beveren har det inne i hytta si. Her kan du båade sjå, kjenne og lukte på beveren! Felemakaren Sveinung Gjøvdland

Åmli har ein rik folkemusukktradisjon, og Sveinung Gjøvland var i si tid ein av landets beste felemakarar. Verkstaden hans er utstilt i eit lite rom i festsalen i 2. Det er også skrive ei flott bok om Sveinung Gjøvland med tittelen "Felemakaren". Denn får du kjøpt i museumsbutikken. Kulturhus og kommunestyrelokale sidan 1925

Elvarheim blei bygd på initiativ frå Ungdomslaget og Åmli kommune i 1925, og har sidan husa både kommunestyremøter, skule, bibliotek, kino og mykje anna. I 1989 gav delar bygningen rom for Elvarheim museum. etasje fungerer framleis som kulturhus og rommar festar, konsertar, bygdekveldar og ulike framsyningar. Takmåleria av Ragnvald Einbu viser utsnitt av Åmli-natur, og er vel verd å få med seg. Kilde: http://www.aaks.no/opplev-paa-kuben/lokale-museer/elvarheim-museum/elvarheim-museum/

Adresse

Gamle Gjøvdalsvegen 2
Åmli
4865

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Elvarheim Museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Elvarheim Museum:

Del

Our Story

Elvarheim museum tar for seg natur- og kulturhistorie i og rundt Åmli, med utnytting av skogen og hausting i naturen. På museet kan ein sjå alle dei fire store rovdyra bjørn, ulv, jerv og gaupe og mange andre mindre rovdyr og fuglar, i tillegg til ei flott utstilling om bever. Du finn også feller og fangstreiskapar. Du kan også sjå den flotte utstillinga “Mangfald og mote”, om folkedrakter i Åmli frå 1700-1900.

Fangstmannen Aslak Harstveit Museet bygger opphavleg på samlinga etter fangstmannen Aslak Harstveit frå Åmli. I ”Aslak-rommet” finn du både rovdyr og dei jaktbare småviltslaga, omgitt av sitt naturlege miljø. Du kan også få sjå gamle feller og sakser. Eit ”nattrom” syner fuglar og dyr som helst er ute i mørket, og i ”fuglerommet” er mange av fuglane i Åmli og Agder presenterte, både i lyd, bilete og utstoppa form. Her finn du også ein orrleik. I ”knivrommet” er Aslaks samling på meir enn 200 knivar stilt ut. Boka ”Fangstmannsminne” , der Aslak fortel forfattaren Andreas Vevstad om vilt, fangstmetodar og opplevinga i naturen, er nyttig bakgrunn for eit besøk på museet. Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl Olav Tverrstøyl (1845-1938) frå Åmli var den største bjørneskyttaren på Agder gjennom tidene. I løpet av si tid som jeger felte han 96 bjørnar, dvs. om lag kvar tiande bjørn som vart skoten i Aust-Agder og Telemark. Olavs liv og lagnad er spanande skildra i Andreas Vevstads bok ”Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl”. I ”Tverrstøyl-rommet” finn du m.a. Olavs bjørnebørse, ski, klede, fiskereiskapar og handelsvarer. Her kan du også treffe ein ekte bjørn ved namn ”Lillepekka”, som slett ikkje lever opp til namnet sitt. Det vesle folket - beverens liv over og under vatn Åmli er beverkommunen framfor nokon. På slutten av 1800-talet var beveren nær utrydding, og berre ein liten stamme på 60-100 dyr var att, med hovudsete i Åmli. Herfrå blei beveren eksportert til store delar av verda. I dag er det rundt 70 000 dyr berre i Noreg. For å markere beveren si spesielle stilling i Åmli, har Åmli kommune i dag ein bever i kommunevåpenet sitt. I 2014 kjøpte Elvarheim museum utstillinga “Det vesle folket” frå firmaet Naturama i Kristiansand. Utstillinga fyller det meste av kjellaretasjen i museet, og viser gjennom plansjar, film, utstoppa dyr og montrar som dei minste kan krype inn beveren si kulturhistorie, leveresett og naturmiljø både over og under vassflata. Du kan også sjå korleis beveren har det inne i hytta si. Her kan du båade sjå, kjenne og lukte på beveren! Felemakaren Sveinung Gjøvdland Åmli har ein rik folkemusukktradisjon, og Sveinung Gjøvland var i si tid ein av landets beste felemakarar. Verkstaden hans er utstilt i eit lite rom i festsalen i 2. etasje. Det er også skrive ei flott bok om Sveinung Gjøvland med tittelen "Felemakaren". Denn får du kjøpt i museumsbutikken. Mangfald og Mote

I denne utstillinga får du sjå drakter og tilbehør frå Åmli gjennom 200 år, frå dei eldste bevarte folkedraktene til bunad og kjolemote.

Folkedraktene var dei kleda folk gjekk i til kvardag og fest, også kalla kledebunad. Dei endra seg langsamt, og var forma av lokale tradisjonar i samspel med økonomi, handel og motetrendar. Sørlandet hadde nær kontakt med Europa, og sjøfolk hadde med seg både silketørkle, sølvband, brokade, damask og flamske og engelske klede. Dette finn vi igjen i folkedraktene. Stilhistorisk finn vi trekk heilt tilbake til renessansen på 1500-talet.