10/12/2025
Vidar Lillevik ny naturrettleiar i Besøkssenter villaks Lærdal
Det har aldri vore så lite laks i elvar og sjø som no. Villaksen er trua i heile leveområdet sitt. Dårlegast står det til på Vestlandet.
Nasjonalt villakssenter er omdanna til Besøkssenter villaks Lærdal med Vestlandet som ansvarsområde. Målet er ein sterkare villaks i naturen og folk sitt medvit. Vår viktigaste målgruppe er born og unge.
Med støtte frå Vestland fylke, har me drive naturrettleiing tilpassa kompetansemåla på ulike nivå i skuleverket. Me har besøkt ei rekke skular i Vestland dei siste åra. Jobben som naturrettleiar går ut på å formidle kunnskap og bidra til berekraftig forvaltning av laks og sjøaure i naturen. Rettleiinga går føre seg både inne og ute, gjerne i ein bekk eller elv i nærmiljøet. Elevane får vere med på elektrofiske, innsamling av botndyr, analysar og oppgåver i form av ein natursti. Opplegget har vore godt motteke av både elevar og lærarar.
Vidar Lillevik er engasjert til å føre arbeidet vidare. Vidar er frå Stord, men er busett i Lærdal. Han får ansvar for oppfølging av skular i heile Vestland og er klar for oppgåva.
- For ein ivrig friluftsmann og flugefiskar er det stort å få jobba med dette. Eg ser det som ei veldig viktig oppgåve, seier Vidar.
- Me er glade for å ha Vidar med på laget. Å spreie kunnskap om kva laksen betyr for oss, kva plass han har i naturen, kva me kan gjera for å betre forholda, er viktigare enn nokon gong seier Alf Olsen jr., dagleg leiar i i Besøkssenter villaks Lærdal.